LEDIG STILLING
Ved eining for heimetenester, Midtsundtoppen dagsenter er fylgjande stilling ledig: Helsefagarbeidar/aktivitør/assistent, 80 % vikariat frå d.d. til 31.05.24. Stillinga er på dagtid, 37,5 t/v.
Midtsundtoppen dagsenter er eit dagsenter for heimebuande brukarar med demens, og er opent fire dagar i veka. Me søkjer deg som vil medverke til ein aktiv og meiningsfull kvardag for brukarane, gjennom ulike sosiale og fysiske aktivitetar. Måltider er ein viktig del av tilbodet, og det å stelle i stand mat saman er gjerne ein del av aktivitetane. Tilbod og aktivitetar tek gjerne utgangspunkt i årstider og den einskilde sine behov og interesser.
Arbeidsoppgåver:
• Planlegge og utføre ulike aktivitetar, både individuelt og i grupper
• Motivere brukarane til initiativ og deltaking i ulike aktivitetar
• Lage mat
• Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
• Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
• Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som aktivitør. Assistentar er og velkomne til å søkje
• Gode IKT-kunnskapar
• Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
• Søkjar må ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
• Vera kreativ og ha evne til å finne praktiske løysingar i ulike situasjonar
• Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Vera positiv og engasjert
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 90 92 03 15
Søknadsfrist: 01.10.23