LEDIG STILLING

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar 100 %  fast stilling,  tilsetjing etter avtale

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v

Arbeidsoppgåver:

  • Direkte pasientretta oppgåver i tråd med gjeldande krav til forsvarleghet
  • Samarbeid med ulike arbeidsgrupper

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller norsk autorisasjon som hjelpepleiar
  • Må beherske norsk godt skriftleg og munnleg eller evt nivå B1 for utanlandske søkjarar

Personlege eigenskapar:

  • Vere fleksibel, kreativ, strukturert, målretta og ansvarsbevisst
  • Ha gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
  • Vere fagleg engasjert
  • Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Spanande og varierte oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtale

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Anne Tørre Asprusten på tlf. 911 62 109 

Søknadsfrist:  26.03.23