LEDIG STILLING
Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar 80 % fast stilling, tilsetjing frå d.d.
Stillinga er i turnus, 35,5 t/v
Arbeidsoppgåver:
- Direkte pasientretta oppgåver i tråd med gjeldande krav til forsvarleghet
- Samarbeid med ulike arbeidsgrupper
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller norsk autorisasjon som hjelpepleiar
- Må beherske norsk godt skriftleg og munnleg eller evt nivå B1 for utanlandske søkjarar
Personlege eigenskapar:
- Vere fleksibel, kreativ, strukturert, målretta og ansvarsbevisst
- Ha gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
- Vere fagleg engasjert
- Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Spanande og varierte oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Løn etter avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til einingsleiar Anne Tørre Asprusten på tlf. 911 62 109
Søknadsfrist: 26.03.23