LEDIG STILLING 

Ved eining for heimetenester er fylgjande stilling ledig: Helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent/assistent 14% vikariat, helgestilling, ledig frå d.d. til 31.08.24. Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg. 

I heimetenesta vil du møte ei variert brukargruppe med stort spenn i alder, sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Tenesta har høg fagleg kompetanse, eit svært godt arbeidsmiljø og ei stabil bemanning gjennom mange år. Arbeidsoppgåver: 

• Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk 

• Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga 

Kvalifikasjonar: 

• Norsk autorisasjon som helsefagarbeider. Sjukepleiarstudentar eller assistentar er også velkomne til å søke 

• Interesse for faget og utvikling av dette 

• Gode IKT-kunnskapar 

• Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg 

• Søkjar må ha førarkort kl. B 

Personlege eigenskapar: 

• Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert 

• Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

• Kunne jobbe sjølvstendig 

• Halde seg fagleg oppdatert 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. t

Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. 

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 90 92 03 15 

Søknadsfrist: 01.10.23