LEDIG STILLING
Ved eining for heimetenester er fylgjande stilling ledig: Helsefagarbeider, 60,8% fast stilling frå d.d.
Stillinga er på natt, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.
Som helsefagarbeider i heimetenesta vil du møte ei variert brukargruppe med stort spenn i alder, sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Tenesta har høg fagleg kompetanse, eit svært godt arbeidsmiljø og ei stabil bemanning gjennom mange år.
Arbeidsoppgåver:
• Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
• Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
• Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar, brukarar og pårørande
• Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
• Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
• Interesse for faget og utvikling av dette • Gode IKT-kunnskapar
• Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
• Søkjar må ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
• Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert
• Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Kunne jobbe sjølvstendig
• Halde seg fagleg oppdatert
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 90 92 03 15
Søknadsfrist: 01.10.23