Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er helsehjelp som vert gjeve som ei teneste i heimen eller i omsorgsbustad. Tenesta har eit døgntilbod og har base i underetasjen på Kviteseid Omsorgssenter (KOS).
Du kan søkje om tenester i heimen dersom du til dømes treng hjelp til medikamenthandsaming, personleg hygiene, ernæring og andre faglege prosedyrer. Tenesta kan og yte pleie og omsorg i livets sluttfase i nært samarbeid med fastlegen og eventuelt palliativt team ved sjukehuset Telemark. 

Kontaktsjukepleiar for kreftpasientar: 
Margareth Heggtveit Steinbakk og Ann Marie Lund kontaktast via heimesjukepleia sin vakttelefon.
Heimesjukepleia har to kontaktsjukepleiarar for kreftpasientar, som i samarbeid med dei andre tilsette fylgjer opp brukarar og pårørande. Målet er å skape tryggleik, kontinuitet, tett oppfølging og god symptomlindring.
Dersom du ynskjer kontaktsjukepleiar i samband med kreftsjukdom kan du sjølv ta kontakt med tenestekontoret eller be fastlegen eller sjukehuset sende ei elektronisk melding til tenestekontoret.

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft:
Alle pasientar som får ei kreftdiagnose, skal bli inkludert i “Pakkeforløp heim for pasientar med kreft". Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Du får tilbod om ei kartleggingssamtale på sjukehuset og to oppfølgingssamtaler i kommunen etter 3-4 månader og 12-18 månader.

For meir informasjon:
Pakkeforløp heim for pasientar med kreft - Helsenorge

Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft - pasientbrosjyre.pdf (helsedirektoratet.no)

Heimehjelp/praktisk bistand

Heimehjelp / praktisk bistand er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller redusert funksjonsnivå treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Dette er hjelp til alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk, vask av klede og innkjøp av matvarer. Kommunen tek ein eigenandel for denne type teneste etter vedtekne betalingssatsar, ut i frå husstanden si samla inntekt.

Krykker
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Hjelpemiddel/velferdsteknologi

Har du særlege behov, er operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne hjelpemiddel. Eit hjelpemiddel gjev den som treng det ein lettare kvardag, og er til utlån for ei kortare eller lengre periode. Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) vert dekte av folketrygda.
Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.
Du kan kontakte ergoterapeut i kommunen viss du har behov for hjelpemiddel. Opplæring i bruk, montering og eventuell reparasjon av hjelpemiddel blir utført av servicemedarbeider for hjelpemiddel.  

Ergoterapeut:
Ann Katrine Totland Kristiansen
Tlf.:  94 86 96 77 / 35 06 82 07

Servicemedarbeider hjelpemiddel:
Bård Breidalen
Tlf.: 48 06 16 79

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på for personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse.
Helsenorge sine sider kan du lesa meir om kva BPA er.

Tilbod om avlasting

Avlasting er eit tilbod til enkeltpersonar eller familiar som har tunge arbeidsoppgåver. Kommunen kan gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod på dagsenter eller avlastingsopphald på sjukeheimen. Avlastinga kan gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på ferie og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt.

Vilkåra er at du skal ha eit særleg tyngande omsorgsarbeid.

Døme:

- Om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
- Om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk krevjande enn vanleg
- Om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting. Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.

Ta kontakt med tenestekontoret dersom du treng hjelp til å søkje.

Tenesta er gratis.

Tannhelsetilbod

Etter tannhelsetenestelova har eldre, langtidssjuke og uføre som har ei regelmessig og oppsøkjande  teneste frå heimesjukepleia, rett til gratis tannbehandling. Det knyttar seg krav om at tenesta må vera kvar veke og ha vart lengre enn tre månadar. Tilbodet gjeld ikkje brukerar som kun har heimehjelp. Det er kommunen som er ansvarleg for at pasientar med ein slik rett, blir informert og evt. vist vidare til den offentlege tannhelsetenesta.

Dersom du oppfyller krava, har du også rett på taxi ved å betale ein eigendel.

Du kan og ta kontakt med tannlækjar/tannpleiar for å undersøkje om du oppfyller krava for å få refusjon.

Omsorgsstønad

Dersom du har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsløn, som skal gje deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsløn, og kva nivå løna skal liggje på.

På Helsenorge sine sider kan du lese meir om omsorgsstønad.