Dyrkar eigne tilsette

«Som eit ledd i personalutvikling ynskjer Kviteseid kommune å trena opp eigne tilsette, for å bli morgondagens leiarar.  I august startar me opp med eige talentprogram for tilsette». 

«Leiing er eit eige fag. Ofte er det få som søkjer seg til leiarstillingar i offentleg sektor. Ein kan og sjå at gode fagfolk er dei som til slutt går inn som einingsleiarar og i kommunalsjef stillingar. Det kan gjerne vere vellukka, men leiing er eit eige fag og leiar faget skal ein ikkje undervurdere viktigheita av», seier kommunedirektør, Laila Thorsen.

«Me har laga vårt eige talentprogram. Me inviterer tilsette til deltaking i programmet. Dei må søkje seg inn, noko som i seg sjølv ikkje gjev dei leiarstilling automatisk. Dei får ein god sjanse til å vise seg fram og til å utvikla seg sjølv og organisasjonen ved deltaking i programmet.

Talent er for oss ein kombinasjon av kompetanse, personlegdom og vilje. Me skal plukke ut dei som har vilje og lyst å utvikla seg sjølv og gje verdi for kommunen. Søkjefristen er sett til 1. august og søknadar er allereie begynt å kome inn», fortel Laila Thorsen, engasjert. 

På bilete: 

Olav O. Kaasa, spesialrådgjevar og Laila Thorsen, kommunedirektør, ansvarlege for programmet