Aktuelt om smittesituasjonen i Kviteseid kommune

03.06.21
Alle prøver tatt i samband med smittetilfelle 01.06.21 er negative. Barnehagen i Brunkeberg er open for normal drift frå i morgon, fredag 04.06.21. 

01.06.21 NYTT SMITTETILFELLE I KVITESEID 
Ein person busett i Kviteseid kommune har fått påvist Covid-19. Smittesporing er sett i verk, og alle nærkontaktar vil bli kontakta. Som ei følgje av dette, er barn og tilsette i ei avdeling ved barnehagen ved Brunkeberg oppvekstsenter sett i ventekarantene. For den andre avdelinga i barnehagen og skulen i Brunkeberg er det normal drift. Heimar og tilsette får informasjon direkte.
Smitten sporast til Eiksenteret i Seljord. Alle busett i Kviteseid som var innom Eiksenteret tysdag 25. mai eller onsdag 26. mai skal ta kontakt med helsesenteret for å avtale testing. 

24.04.21
Den tilsette på Kviteseid omsorgssenter (KOS) som vart meldt smitta 22.04.21, har ved ny prøve testa negativt. Det er klart at det er feil resultat på den fyrste prøva. Ingen nærkontaktar eller andre er i karantene. 

22.04.21 NY SMITTE
Ein tilsett på Kviteseid omsorgssenter (KOS) har testa positivt for Covid-19. Vedkomande er ikkje busett i Kviteseid kommune. Smittesporing er sett i verk og alle nærkontaktar vil bli kontakta. Dette tilfellet har ikkje samanheng med tidlegare smittetilfelle på KOS. Minner om at KOS framleis er stengt for besøkande. 

21.04.21 
KOS er framleis stengt for besøkande med heimel i Smittevernloven §§ 4-1b og 4-1, femte ledd. Vedtak om stenging varer til og med 26.04.21. 

20.04.21
Det er ingen nye tilfelle av Covid-19 i Kviteseid kommune den siste veka. Kviteseid kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for handtering av pandemien. 

15.04.21
SMITTETILFELLE TO
Det er ikkje påvist fleire smitta og situasjonen er under kontroll. 

13.04.21
Vi har fått svar på ny prøve tatt av tilsett på KOS. Denne var negativ. Det vil seie at alle prøver tatt på KOS har kome tilbake og alle er negative. 

12.04.21
SMITTETILFELLE 1 - KVITESEID OMSORGSSENTER (KOS)
Vi har fått svar på alle prøvene tatt på KOS. Eit prøvesvar av ein tilsett gav ikkje sikkert svar, og det er tatt ny prøve. Alle andre prøvesvar var negative.
SMITTETILFELLE 2 
Det er registrert ein ny smitta. Personen var i karantene og det er ikkje behov for smittesporing. 

10.04.21 kl. 21:00 NYTT TILFELLE AV KORONASMITTE (SMITTETILFELLE 2) 
Ein person i Kviteseid kommune har fått påvist koronasmitte. Den smitta personen er satt i isolasjon. Smittesporing er avslutta og nærkontakter er satt i karantene. Denne smitta personen har ikkje noko med smittetilfelle på Kviteseid omsorgssenter (KOS) å gjere.

10.04.21 OPPDATERING OM SMITTE PÅ KOS
Den smitta bebuaren blir i dag flytt til isolat. Her er vedkomande heilt skjerma frå dei andre bebuarane. Den smitta har eige personell, som bare skal ha kontakt med den smitta. Dette for å skjerme alle andre bebuarar og tilsette best mogleg. Alle bebuarar og alle tilsette som har jobba sidan 3. april blir testa i dag, som ein ekstra sikkerheit. 

09.04.21
Kviteseid kommune fekk fredag kveld bekrefta at ein bebuar på KOS har fått påvist Covid-19. Bebuaren som er smitta var nærkontakt og allereie i karantene då smitta vart bekrefta. Pårørande er varsla. Alle andre testar til nå har vore negative. Besøksforbodet på KOS held fram. 

08.04.21
Om smittesituasjonen på KOS. Smittesporinga er avslutta, og resulterte i 10 personar i karantene. Vi ventar framleis på prøvesvar, men svara vi har motatt så langt er negative. KOS er framleis stengt for besøkande. 

07.04.21
Vi ventar framleis på prøvesvar. Dei som er i karantene vil bli testa på nytt 12.04 og blir derfor i karantene til og med 13.04. 

06.04.21
Fire personar er definert som nærkontaktar av personen som i går testa positivt for Covid-19. Desse er sett i karantene. Det er i tillegg fleire personar som er i ventekarantene fram til negativt testresultat ligg føre. Ein ventar prøvesvar i morgon, 07.04.21.

05.04.21 
Ein person som jobbar på Kviteseid omsorgssenter (KOS) har testa positivt for Covid-19. Vedkomande er ikkje busett i Kviteseid kommune. Smittesporing er sett i verk. Alle nærkontaktar vil bli kontakta og dette kan også gjelde besøkande på KOS. KOS er inn til vidare stengt for besøkande jf. smittevernloven §§ 4-1b og 4-1, femte ledd. 

27.01.21
Ein besøkande som oppheld seg på hytte i kommunen har testa positivt for Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og nærkontaktar er satt i karantene. 

08.01.21
OM TIDLEGARE MELDT SMITTE I KVITESEID KOMMUNE
I ettertid har det vist seg at personen i oppdateringa 05.01.21 som testa positivt for Korona, likevel ikkje var smitta. Det er kommuneoverlegen i samarbeid med FHI som stadfestar dette. Du kan lese meir om dette under. Smittesporing er avslutta.

Det er med glede eg i dag kan informere heile Kviteseid kommune om at den personen som vart meldt som koronapositiv viser seg å likevel ikkje ha vore smitta. Husstanden er ikkje lenger i karantene.
Av ulike årsakar vart det tatt ein ekstra test av den som var rapportert som smitta. Denne testen viste ingen spor av smitte. Eg konfererte straks med Folkehelseinstituttet då eg fekk dette overraskande svaret.
Alle prøver som er i bruk må kvalitetssikrast. De hugsar sikkert at det tok tid med testing av kvaliteten på hurtigtestar for Covid-19. Ein måtte vite både det som heiter sensitivitet og det som heiter spesifisitet. Det vil seie kor bra testen er til å oppdage alle som faktisk er sjuke og at testen berre oppdagar dei sjuke. Det ein ynskjer er sjølvsagt 100 % sensitivitet og 100 % spesifisitet på ei prøve, men slik er ikkje verda.  Vi må ha så bra resultat som mogleg, men kan ikkje alltid stole på at alle prøver er korrekte. Det er dette ein kallar «falske positive» og «falske negative» prøveresultat. Det er ikkje mange slike prøver, men dei eksisterer.
Vi stod difor i den situasjonen at enten hadde vi ein  innbyggjar i Kviteseid som anten hadde ei falsk positiv prøve eller ei falsk negativ prøve. Vi måtte ta ei prøve til. Svaret på den er nå kome. Prøva er negativ!
Vi har difor ikkje hatt ein smitta person i  Kviteseid kommune nå på nyåret. Vi har hatt ein person med ei falsk positiv prøve. Karantene til husstanden/nærkontaktar er oppheva. Det har vore eit svært godt samarbeid med alle involverte i denne saken. Eg takkar for det.

Helsing
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen
Kommuneoverlege

06.01.21
INGEN NYE SMITTETILFELLE 
Alle hustandsmedlemmer av smitta har testa negativt for Korona. 

05.01.21
EIN SMITTA I KVITESEID KOMMUNE
Ein person busett i Kviteseid kommune har testa positivt for Korona. Vedkomande er satt i isolasjon. Alle nærkontaktar er kontakta og satt i karantene. Nærkontaktar vil bli testa tysdag 05.01.21. Smitteveg er avklart. Den smitta blir følgt opp av helsevesenet.

03.11.20 Dersom Kviteseid kommune kjem i ein situasjon med eit smitteutbrot, vil det fortløpande bli lagt ut informasjon om utviklinga her. 

Oppdatering om Koronavirus

Her finn du lenkje til statusoversikt for fylket på pandemien. 

Ein har for tida ein pandemi av koronavirus i verda, som kan gje alt frå lette forkjølelsessymptom til alvorleg lungesjukdom. Råd og tiltak vil endre seg etterkvart som situasjonen utviklar seg. For generell informasjon om viruset og nasjonale råd og tiltak sjå Folkehelseinstituttet sine temasider.

Dei grunnleggjande smitteverntiltaka er; hald deg heime om du er sjuk, vask hendene ofte og hald avstand. 

Lurar du på om du bør testas? Her finn du kriteria 

Informasjon om heimekarantene og heimeisolasjon finn du her 

Informasjonstelefon om Korona: 815 55 015
Sentralbordet på kommunehuset: 35 06 81 00
Politikontakt Bjørn Håvard Olsen: 48 02 75 46
Beredskapskoordinator Tarjei Gjelstad: 95 24 13 15
Smittetelefonen: 90 56 00 11 

Kommunens beredskapsråd møtast etter behov for å evaluere situasjonen og drøfte førebyggjande tiltak. Denne nettsida blir oppdatert med informasjon. 

Vaksinasjon i Kviteseidhallen 28
Foto: Kviteseid kommune

NYTT 29.07.21 Vaksinasjon

Vaksinering i veke 30: 
I dag vart 218 personar vaksinert. 57 vart fullvaksinert, mens 161 personar fekk si fyrste vaksine.
Grunna auka tilgang på vaksiner ligg det no ledige timar til vaksinering tysdag 3. august ved helsestasjonen og onsdag 4. august i Kviteseidhallen. Dei som enno ikkje har fått si fyrste vaksine vil bli prioritert fyrst. Dersom du allereie har bestilt deg time, og ønskjer å framskynde denne kan du/de ta kontakt med u.t. enten via tlf. eller SMS på tlf. 350 68 264 eller 971 76 454.

 NB! Ein liten presisering frå sist veke er at alle som fyller 18 år i år (fødd i 2003) har no fått tilbod om vaksinering.

Neste veke mottek Kviteseid 192 vaksiner. Planen til veka er å setje 48 vaksiner på helsestasjonen fyrstkommande tysdag. Og 216 vaksiner i Kviteseidhallen onsdag 4. august. Totalt 264 vaksiner. Grunnen til dette er at Kviteseid har vore så heldige å overtatt 102 vaksiner frå Vinje.

Med beste helsing 
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering veke 29:
Denne veka mottok med 126 vaksiner. Desse fordela seg slik: Onsdag 21. juli sette me 120 vaksiner i Kviteseidhallen. 98 personar fekk si fyrste vaksine, mens 22 personar fekk si andre, og er dermed fullvaksinert. I tillegg kjem 6 personar fyrstkommande måndag til vaksinering på helsestasjonen. Her får 2 personar si fyrste vaksine, mens dei resterande vaksinene gjeng til dei som skal ha vaksine for andre gong.
Neste veke mottek med 390 vaksiner! I tillegg overtek/får me 100 vaksiner frå Vinje kommune. Dette er meir enn fyrst forespeila, men me er glade for det. Dette gjer at me får anledning til å vaksinere alle i Kviteseid. Me har no gjeve tilgang i ReMin til alle som er folkeregistert i kommunen.

Om du/de ikkje har mottatt SMS frå ReMin er de fint om du/de tek kontakt med meg. Dette gjeld også dersom du bur i kommunen, men ikkje er folkeregistert her. Tlf.: 350 68 264 eller 971 76 454, slik at eg får avtalt tidspunkt for vaksinering. (Eg er fullt tilbake frå ferie måndag 26. juli).

Grunna auka pågang av vaksiner kjem me no til å sjå på intervallet mellom dose 1 og 2. Me kjem nok  mest sannsynleg til å korte ned på dette. OBS! Det må gå minimum tre veker mellom vaksinene! Her kjem me mest sannsynleg til å prioritere studentar, dei som jobbar i utlandet, på anlegg eller offshore. Tilsette i barnehage og skule vil bli prioritert, då det er viktig at desse er fullvaksinert til barnehage- og skuleoppstart til hausten. Dei det gjeld kjem me til å ta kontakt med fortløpande.  
Dei vaksinene me mottek til veka kjem til å «posjonere» litt utover dei neste vekene, grunna ferieavvikling. Me merkar også at fleire av dei som får tilbod er bortreist på ferie. Etter planen kjem me til å vaksinere 216 personar fyrstkommande onsdag 28. juli. Nokre vil me i tillegg setje opp til vaksinering på helsestasjonen.

Ha ei flott helg! Nyt finveret!

Med beste helsing                                                                                                                                                        

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering i veke 28: 
Onsdag 14. juli vaksinerte med 79 personar i Kviteseidhallen. 10 personar fekk si fyrste vaksine, mens dei resterande 69 vaksinene gjekk til dei som skulle ha si andre dose.
Me ser no at talet på vaksiner me mottek aukar i vekene framover. Dette er gode nyheiter!
Neste veke mottek me 126 vaksiner. Me har no kome til prioriteringsgruppe 10, det vil sei alle i alderen 18-24 år og 40-44 år.
Neste veke vaksinerer me onsdag 21. juli.

Ha ein fin dag!

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator 

Vaksinering i veke 27: 
Onsdag 7. juli fekk 13 personar si andre dose med vaksine, og 65 personar fekk si fyrste dose med vaksine. Totalt vaksinerte me 78 personar.
Det gjeng sakte framover, og neste veke mottek med 78 vaksiner (6 vaksiner meir enn forespeila sist veke). Dette gjer til at me får vaksinert 6 personar for fyrste gong. Dei resterende dosene gjeng til dei som skal ha si andre dose.
Me har dei to siste vekene bruka ReMin til innkalling til vaksinasjon, men også i forbindelse med registrering av vaksiner som er satt. Nokre har gjeve oss tilbakemelding om at dei ikkje kan finne vaksinene som er satt under www.helsenorge.no. Dette er sjekka opp og meldt inn til ReMin, og dei jobbar med saken. Vaksinasjonsdatoane det gjeld er 30. juni og 7. juli. Me vil gje nærmare beskjed når dette i orden.
Neste veke vaksinerer me onsdag 14. juli, og dei som er født i 1979 eller er eldre har no fått innkalling via sms.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator 

Vaksinering i veke 26:
Denne veka mottok me 102 vaksiner. Kun 3 personar fekk si andre dose, mens 93 fekk i dag fyrste dose. Dei resterende 6 vaksinene blir satt på helsestasjonen fyrstkommande fredag. Alle desse får vaksine for fyrste gong.
Denne veka har me så smått byrja å vaksinere dei tilsette ved barnehagane i Kviteseid. Me har valgt å prioritere dei grunna at dei har normal drift i heile sommar, og at reglar om avstand er vanskeleg å få til hjå dei minste.
Me får ein ytteeleggare reduksjon i mottak av vaksiner. Me mottek 78 vaksiner i veke 27, og 72 vaksiner i veke 28. Til veka er det 14 som skal få si andre dose, slik at 64 vil få si fyrste vaksine. I veke 28 har me kun vaksiner til dei som skal si andre dose.
Utanlandsstudentar og studentar i Noreg må ta kontakt for vaksinering, slik at me får planlagd dette. Utanlandsstudentar blir fullvaksinerte før avreise.
Andre studentar får tilbod om si fyrste vaksine før avreise tilbake til studiestaden sin. Etter planen skal dei få si andre vaksine på studiestaden, så derfor er det viktig å gje beskjed om når du dreg. Dette for at studiestad skal få tid på seg til å planlegge andre dose.
Neste veke vaksinerer me onsdag 7. juli. Me har no kome til dei prioriteringgruppe 9, det vil sei alle i alderen 45-54 år. Neste veke får dei som er  fødd i 1971 tilbod om vaksine.

 Med beste helsing

Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 25:
I dag vart det vaksinert 126 personar i Kviteseidhallen. Vaksinene fordela seg slik: 27 personar fekk si andre dose med vaksine, og er dermed fullvaksinert. 99 personar fekk si fyrste dose.
Til veka vaksinerer me onsdag 30. juni i Kviteseidhallen. Totalt mottek me 102 vaksiner. Altså ein liten reduksjon. 2 personar skal ha si andre dose, mens dei resterande vaksinene gjeng til dei som skal ha vaksine for fyrste gong.
Me har no tatt i bruk vaksinebestillingsprogrammet ReMin, slik at aktuelle kandidatar vil få ein SMS når det blir deira tur. NB! SMS-en du mottek har ReMin som avsendar, som sender på vegne av Kviteseid kommune. Me hadde litt tekniske problem i helga og i starten av veka, men dette er no retta opp. Alle som fekk SMS i helga kan følgje linken dei mottok for å booke time.
Programmet er enkelt. Du får ein SMS om at det nærmar seg din tur for vaksinering. Du følgjer linken, og fyller ut 6 steg vidare for registrering. Sjølv om du ikkje ønskjer å vaksinere deg er det viktig at du følgjer linken du mottek på SMS. Då kryssar du av at du ikkje vil ha vaksine. Då får me registert dette, og me slepp unødvendige telefonar og purringar.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator 

21.06.21 ReMin - Nytt system for innkalling til vaksinasjon 
I denne veka byrjar me å bruke programmet Remin,  slik at ein sjølv kan bestille seg time til vaksinering. OBS! Dette gjeld dei som fått ein SMS med eigen link til bestilling. Desse kan bestille seg time til vaksinering i fyrste omgang til onsdag 30. juni.
Til info fungerte ikkje denne linken optimalt i helga, då det visar seg at Kviteseid kommune ikkje ligg inne når ein skal velje kommune, og dermed er det ikkje mogleg å bestille nokon time heller. ReMin jobbar med å løyse saka, og me håpar det er i orden i løpet av dagen i dag.
De andre som ventar på dykkar tur, så kjem det no ein SMS, slik at de kan bestille time etter kvart. I veke 26 reknar me med at alle i prioriteringsgruppe 8, det vil sei alle i alderen 55-64 år, har fått tilbod om si fyrste dose med vaksine.
I veke 27 vil alle i alderen 45-55 år bli innkalla til vaksinering. Me startar med dei som er født i 1966, og jobbar oss nedover i aldersgruppene.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 24: 
I dag vart det satt 95 doser med vaksiner. Desse fordela seg slik: 49 personar fekk si andre dose, mens dei resterande 46 vaksinene gjekk til personar som fekk si fyrste dose i dag.
Fredag 18. juni kjem 6 personar til helsestasjonen for vaksinering. To personar får si fyrste dose, mens fire får si andre dose, og er dermed ferdig vaksinert.

Denne veka er me så og sei ferdige med prioriteringsgruppene 5, 6 og 7. Kun nokre få står igjen, og desse blir innkalla neste veke. Me forflyttar oss dermed ned til prioriteringsgruppe 8, det vil sei at alle i alderen 55-64 år no blir innkalla til vaksinering. Nokre har allereie fått telefon, mens andre kan vente seg ein telefon frå oss i løpet av dei nærmaste daganeJ Eg vil anslå at me kjem til å vera i prioriteringsgruppe 8 i om lag halvannan til to veker, før me gjeng ned til prioriteringsgruppe 9.

Neste veke mottek me til saman 126 vaksiner. 28 personar skal ha si andre dose, mens 98 personar får tilbod om si fyrste dose. Me vaksinerer onsdag 23. juni i Kviteseidhallen.

Me får mange telefonar om dagen frå fleire som meiner at dei er i ei prioritert gruppe eller skulle ha blitt annleis prioritert. Me følger Folkehelseinstituttet si prioritetsrekkefølje: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/#prioriteringsrekkefoelgeneige. Denne prioriteringsrekkefølja er me pliktig til å følgje. Dette gjeld alle kommunane i Noreg. Dersom du meiner at du er feilaktig prioritert rådar me deg til å kontakte fastlegen. Det er fastlegen din som gjer ein medisinsk og fagleg vurdering på korleis du som pasient skal bli prioritert.

Me får også ein del henvendelsar frå personar som ønskjer å laste ned eller skrive ut koronasertifikatet sitt. Dette gjer du enklast ved å gå inn på www.helsenorge.no. Du må logge deg inn via din BANKID. Deretter kan du skrive «koronasertifikat» i søkjefeltet. Følg deretter linken som kjem opp.

Med beste helsing                                                 
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 23:
I dag vart det sett 108 doser med vaksiner. 32 personar fekk si fyrste dose, og dei resterande gjekk til andre dose. Me set i tillegg 6 doser på helsestasjonen fyrstkommande fredag. Alle desse dosene gjeng til personar som skal få si fyrste vaksine.
Me er framleis i prioriteringsgruppe 5, 6 og 7, og vil nok vera her i 1-1,5 veke til. Neste veke får me tildelt 17 hetteglas, det vil sei totalt 102 stk. med vaksiner. Her gjeng 46 av vaksinene til dei som skal ha si andre dose. Dermed får 57 personar tilbod om si fyrste dose til veka! Neste veke vaksinerer med onsdag 16. juni i Kviteseidhallen.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 22:
Denne veka vaksinerer me totalt 224 personar i Kviteseid.
Dosene fordelte/fordeler seg slik;
Onsdag 2. juni vaksinerte me 140 personar. 63 personar fekk si fyrste dose, mens dei resterande 77 dosene gjekk til personar som fekk si andre dose med vaksine.
Torsdag 3. juni sette med 78 doser med vaksiner. 7 personar fekk si fyrste dose med vaksine.
I tillegg får 6 personar fyrstkommande måndag sine vaksiner på helsestasjonen.

Neste veke får Kviteseid tildelt 114 doser med vaksiner. Framleis har me mange som skal ha si andre dose, men 24 personar får tilbod om å vaksinere seg for fyrste gong. Me vaksinerar onsdag 9. juni i Kviteseidhallen.

Me jobbar oss nedover i prioriteringsgruppene, og har kome oss ned til gruppe 5, 6 og 7, det vil sei  alle i alderen 18-64 år med underliggande sjukdommar.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinasjonsstatus frå veke 19-21:
Her kjem informasjon frå dei tre siste vekene som har gått:

Veke 19: 
Onsdag 12. mai hadde me 72 vaksiner tilgjengeleg. 27 av vaksinene gjekk til personar som skulle få si fyrste dose med vaksine. Dei resterande vaksinene gjekk til dei som skulle ha si andre dose.

Veke 20: 
I veke 20 fekk me også 72 doser med vaksiner. Alle vaksinene, utanom ei vaksine, gjekk til dei som skulle ha si andre dose med vaksine.

Veke 21: 
Denne veka fekk med totalt 204 vaksiner. Auken kjem av at me har mange som skulle ha si andre dose med vaksine (gjeld både dei som har fått AstraZeneca og Pfizer). Dei aller fleste vaksinene gjekk til dette føremålet. I dag vaksinera med 198 personar. 12 personar fekk si fyrste dose i dag. Dei resterande 6 vaksinene blir satt fyrstkommande fredag på helsestasjonen.

Neste veke får Kviteseid 222 vaksiner. Dei fleste av vaksinene blir fordelt omtrent likt som denne veka, men i tillegg er me så heldige at me får gitt tilbod til 48 personar som skal ha si fyrste dose! Me er ganske sikre på at me innan slutten av neste veke er ferdig med alle i aldersgruppa 65-74 år, og at me frå veke 23 kan «forflytte» oss ned i neste prioriteringsgruppe. 

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Veke 18 (3.-7.mai)

I dag, 05.05, hadde vi 84 doser med vaksiner tilgjengeleg. Desse fordela seg slik: 44 stk. fekk si andre dose, og 38 stk. fekk si fyrste dose. Me held oss framleis i prioriteringsgruppe 4, og her vil vi nok framleis vera i nokre veker til, før vi flyttar oss ned i prioriteringsgruppe 5. Dette heng sjølvsagt saman med kor mange doser vi mottek dei neste vekene som kjem. Dei neste vekene er det mange som skal ha si andre dose, slik at det blir færre doser tilgjengeleg til dei som skal vaksinere seg for fyrste gong.

Neste veke får vi også ein reduksjon i talet på vaksiner med mottek. Me mottek 72 doser i veke 19. I veke 19 er det 46 som skal ha si 2. dose. Neste veke vaksinerer vi onsdag 12. mai.

Med beste helsing                                                                                                                                                        

Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Veke 17 (26.-30. april)
Onsdag 28. april sette me 102 doser med vaksiner frå Pfizer. Me er framleis i prioriteringsgruppe 4, det vil sei dei i aldersgruppa 65-74 år. Me har no kome til dei som er fødde i 1953. I tillegg blir helsepersonell og dei med kritisk høg risiko innkalla. 
Neste veke har me litt reduksjon i talet på vaksiner me mottek. Me får 84 doser totalt. 48 av desse dosene gjeng til personar som skal ha si andre dose med vaksine. 
Me driv også å planlegg korleis me skal løyse vaksineringa av dei som har fått fyrste dose med AstraZeneca. Folkehelseinstituttet (FHI) rår til at vaksina frå AstraZeneca-vaksinen skal takast ut av det norske koronavaksinasjonsprogrammet. Regjeringa ynskjer ei vurdering frå ei ekstern ekspertgruppe.
Uavhengig av ekspertgruppa si konklusjon, vil alle som til no har fått fyrste dose med AstraZeneca vaksina få tilbod om mRNA-vaksine ved vidare vaksinasjon. All vaksinasjon er friviljug, men sjølv om det er valfritt å ta vaksine, er det ikkje anledning til å velje kva slags vaksine ein vil ha.
Kommunen får ekstra doser med vaksiner for å dekke dette behovet, men me veit ikkje eksakt dato for mottak, slik at vaksinasjonsdagar er enno ikkje bestemt. Kommunen vil få nærare informasjon om dette. Me kjem me meir informasjon så fort me veit noko meir.

Med beste helsing                              

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Informasjon til deg som har fått AstraZeneca vaksine
Fredag 23.04.21 vart det bestemt at AstraZeneca blir tatt ut av det norske vaksinasjonsprogrammet. Dei som har fått fyrste dose med AstraZeneca skal få andre dose med ein m-RNA vaksine, altså enten Pfizer eller Moderna. Vaksina skal setjast i det same tidsintervall som den andre dosen med AstraZeneca skulle ha vore satt. Det er 209 personar som har fått AstraZeneca i Kviteseid kommune, og andre dose vil bli fordelt i eit intervall mellom 10-12 veker etter fyrste dose, slik anbefalingane er. Vedlagt ligg eit informasjonsbrev til deg som har fått ei dose med AstraZeneca vaksine. Dei dette gjeld vil få beskjed frå vaksinekoordinator når det er deiras tur.

Her kan du lese skriv frå FHI om saka. 

Med beste helsing

Kine Jordbakke og Tone M. Heggtveit

Veke 16 (19.-21. april)
I dag har vi satt 72 doser med vaksiner. 66 stk. fekk si fyrste dose med vaksine, medan 6 stk. fekk 2. dose, og dermed er ferdig vaksinert. Neste veke får Kviteseid 102 doser med vaksiner. 30 stk. skal ha si andre dose. Desse er allereie kalla inn til vaksinering. Dei resterande 72 dosene gjeng til nye mottakarar av vaksine. Vi har nå kome til dei som er født i 1951. I tillegg blir helsepersonell og dei med kritisk høg risiko innkalla. Aktuelle mottakarar av vaksine blir fortløpande kalla inn til vaksinering i Kviteseidhallen onsdag 28. april. 

Med beste helsing 
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator 

Veke 15 (12.-16. april)
I dag har me satt 1. dose til 85 nye innbyggjarar. Neste veke mottek me 72 doser. 6 av desse dosene gjeng til innbyggjarar som skal ha 2. dose. Dei resterande 66 dosene gjeng til innbyggjarar som skal ha vaksine for fyrste gong.
Me har no kome til dei som er fødd i 1949. I tillegg dei som er i risikogrupper i alderen 18-64 år. Aldersgruppa 65-74 år er ei stor og samansett gruppe, slik at det vil ta tid før me kan «forflytte» oss ned i neste prioriteringsgruppe.
I veke 17 har me enno ingen tal på kor mange doser me kjem til å motta. Det me veit er at me i denne veka har 30 stk. som skal ha si 2. dose med vaksine frå Pfizer.
Me er spente på kva som skjer med vaksina frå AstraZeneca, og følger med dagleg om det kjem nye opplysningar eller oppdateringar. Så fort me veit noko om vidare plan, kjem me til å ta kontakt med dei som har fått denne vaksina. Dette er totalt 209 stk.

Med beste helsing

Tone

Veke 14 (05.-09. april)
Torsdag 08.04 fekk 73 innbyggjarar i kommunen si fyrste dose med Pfizer. Neste veke kjem det ytterlegare 84 doser. Alle desse dosene gjeng til personar som skal vaksinere seg for fyrste gong.
Denne veka er me ferdige med alle over 74 år. Me held no på med personar i prioriteringsgruppe 4, det vil sei dei som er i alderen 65-74 år. I tillegg i risikogrupper i alderen 18-64 år.
Arbeidet tek sin tid, men det gjeng sakte og sikkert framover. Eg veit det er mange som ventar på vaksine, og eg kan opplyse om at kommunen ventar eit auka tal doser med vaksiner utover i april, mai og juni.
Til veka vaksinerar med onsdag 14. april, og fleire kan vente å få ein telefon frå meg i løpet av helga. 

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Veke 12 og 13 (22. mars - 2. april)
I veke 12 fekk vi tildelt 30 Pfizer vaksiner og i veke 13 fekk vi tildelt 42 Pfizer vaksiner. Desse vaksinene er nå satt og vi er kome ned til personar som er født i 1945. Det vil seie at vi jobbar med vaksinering av dei som er eller blir 76 år i løpet av 2021. Når vi etter kvart blir ferdige med dei som er 75 år, skal vi starte på vaksinegruppe 4. Denne gruppa består både av alle dei mellom 65 og 74 år og av dei i aldersgruppa 18 - 64 år som har sjukdomar som gjer at dei er høgrisikopasientar.

Veke 11 (15.-19. mars)
Denne veka har vi fått 30 doser Pfizer vaksine. Dei er satt på 30 personar som fekk si fyrste vaksinedose. No er intervallet på doseringene endra på dei som får vaksinering heretter. Tidlegare skulle den andre dosa settast 3 veker etter fyrste dose, no er det 6 veker. Dette vil medføre at fleire får fyrste dose fortare.
Yngste vaksinemottakar i dag var 80 år gamal, født i -41. Vi arbeider oss nedover i aldersgruppene frå veke til veke.
Neste veke skal vi vaksinere 48 personar med Pfizer. Om vi skal bruke dei 11 AstraZeneca vaksinene vi har liggjande i kjøleskapet, veit vi ikkje noko om ennå. FHI, Helsedirektoratet og Legemiddelverket ser på saken i Noreg i tillegg til at Europeisk vaksinesenter og Verdens Helseorganisasjon (WHO) jobbar med saken saman med mange andre nasjonar. Eg er overbevist om at dersom vi får godkjenning for å starte opp igjen med AstraZeneca vaksine, så vil det vere når dei kan sei at den er den tryggaste og mest undersøkte vaksina av dei alle.

Med helsing
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen

Veke 10 (8. - 12. mars) 
I veke 10 var det 30 personar som fekk Pfizer si Covid-19 vaksine. Dei fleste av desse personane fekk dose nummer 2 og er dermed no fullvaksinerte. Det var nokre få nye som fekk si fyrste vaksine. Vi har kome ned til aldersgruppa 82 år på vaksinering av eldre.
I tillegg var det 99 personar som fekk AstraZeneca vaksine i veke 10. AstraZeneca vaksina vart satt onsdag 10.03.21, og denne vart gjeven til personar under 65 år.

AstraZeneca vaksina har vore ei vaksine som det har vore utfordringar for oss i helsevesenet å handtere på rett vis. Vaksina har gjennomgått grundige testar og er funne å ha like god effekt mot alvorlig Covid-19 sykdom, som dei andre vaksinene. Men den var ikkje testa på så mange eldre før den kom på den norske marknaden.  Vaksina vart difor fyrst godkjent for personar i aldersgruppa 18-64 år. Dei fyrste dosene vi fekk skulle brukast til helsepersonell. Deretter skulle andre personar under 65 år også få vaksina etter ulike kriteriar. På ettermiddagen tysdag 09.03.21 kom det melding om at vaksina no var godkjent for alle personar, uavhengig av alder. Vi hadde allereie kalla inn dei som skulle ha vaksine til onsdag 10.03.21, vi kunne ikkje gjere om på dei listene, det vart for mykje arbeid. Vi valte difor å halde på dei fyrst innkalla personane. Den 10.03.21 satte vi difor 99 AstraZeneca vaksinedoser på helsepersonell som arbeidar i Kviteseid og andre personar som bur i Kviteseid kommune. Vi hadde difor totalt vaksinert 209 personar med AstraZeneca vaksina (110 i veke 9 og 99 i veke 10) då vi fekk meldinga torsdag 11.03.21 om at all vaksinering med AstraZeneca skulle avventast inntil det var avklart om det var ein samanheng mellom AstraZeneca og nyleg meldte alvorlige sjukdomar hos vaksinerte personar. Det er snakk om friske personar under 50 år som har blitt sjuke i form av blodpropp og blødning. Er det biverknad eller er det tilfeldighet? Det spørsmålet er enno ikkje avklara. Vi har 11 vaksiner ståande i kjøleskapet på helsesenteret. Dersom det blir opna opp for å vaksinere med AstraZeneca vidare så vil desse dosene bli brukt før 05.04.21. Etter den datoen er dei for gamle og må kasserast.
Eg er sikker på at FHI, Helsedirektoratet og Legemiddelverket gjer ein grundig jobb med å avklare om vaksina er sikker eller ikkje. Inntil vidare er alle som har fått AstraZeneca vaksina, inkludert dei i Kviteseid, bedne om å være ekstra merksame på biverknader. Dei vanlege biverknadene for både Pfizer og AstraZeneca vaksinene er feber, hodepine, muskelverk og leddsmerte. Dette er ikkje noko å vere engstelege for, Paracet plar vere til god hjelp. Dei som derimot opplever kraftig hodepine, betydleg redusert allmenntilstand og blåmerker på huden dei fyrste 2 vekene etter vaksineringa, ynskjer vi skal kontakte lege/legevakt for å diskutere situasjonen og evt få tatt ein kontroll.

Det er viktig at vi held fram med vaksineringa slik at vi kan få til ei normalisering av samfunnet igjen.

Helsing Anne Ruth Syrtveit Mikalsen

Har du fått SMS om å lese informasjonsskriv frå kommunen? Du finn dette her. 

Veke 9 (1. - 5. mars)
110 personar  har fått fyrste dose AstraZeneca vaksine. Alle desse er 64 år eller yngre. Andre dose AstraZeneca vaksine får ein etter 9-12 veker. 41 personar har fått andre dose Pfizer vaksine og er fullvaksinert. 5 var helsepersonell, resten var innbyggjarar i aldersgruppa 81-95 år.

Veke 8 (22. - 26. februar)
I dag har vi vaksinert 43 personer med dose 2 av Pfizer vaksinen mot Covid-19. Ingen har fått starta opp ny vaksinering i dag.
Neste veke er det også fleire som får dose 2 av Pfizer vaksinen, ingen får starte på vaksinering den veka heller med Pfizer. I tillegg vil vi neste veke få 100 doser  med AstraZeneca vaksiner. AstraZeneca vaksinen er berre godkjent for personar som er 64 år eller yngre, og dei må heller ikkje ha nokon tilleggsrisiko/sykdom. Vi er ikkje ferdige med vaksinering av alle dei eldste innbyggjarane ennå, men på bakgrunn av vaksineleveransen må vi gå ned til yngre personar. Når vi får meir vaksine som kan brukes til eldre, så vil vi fortsette vaksineringa av dei eldste.

Veke 7 (15.-19. februar) 
Det er sett 42 doser denne veka. 23 personar fekk fyrste dose og 19 personar fekk andre dose. Desse 19 er dermed ferdigvaksinerte.
I Kviteseid kommune har totalt 162 personar starta på vaksinasjonsprogrammet mot Covid-19 viruset. Av desse 162 personane er 53 personar fullvaksinerte.
I veke 8 og veke 9 får vi tildelt 42 doser kvar veka. Dette vil berre dekke dei som skal ha dose nr 2. Vi planlegg difor ikkje at nokon nye personar får vaksine dei komande 2 vekene. 
Alle på KOS og alle i aldersgruppa 85 år og eldre har no fått starta på vaksineringa, eller fått tilbud om vaksine. 
Vi har starta å vaksinere nokre få personar i aldersgruppa 75-84 år. Dei fleste 84 åringar og nokre 83 åringer har fått starta vaksineprogrammet. Det er nokre få andre som og har fått vaksine, inkludert nokre på 80 år. Dette er folk som har vore i stand til å stille opp til vaksinasjon på kort varsel når ein person som skulle ha vaksina ein dag ikkje har kunne møte. 

Veke 5 og 6 (1.- 12. februar 21)
I veke 5 var vi på tre stader og vaksinerte. Vi var på Midtsundtoppen, på KOS og i Kviteseidhallen. Vi måtte fordele oss på torsdag 4/2-21 og fredag 5/2-21 for å få logestikken til å gå opp. 10 personar fekk si dose nr 2, og vart fullvaksinerte, og 44 personar fekk si fyrste vaksine.

I veke 6 var vi to stader for å vaksinere, KOS og Kviteseidhallen. Alle vaksinene vart gjevne torsdag 11/2-21. 13 personar fekk vaksine for 2. gong og 42 fekk vaksine for 1. gong. No har alle over 85 år i kommunen fått vaksine, eller fått tilbod om vaksine, fyrste gongen. Vi har starta med nokre få personar i aldersgruppa 75-84 år, men det vil ta tid før vi er ferdige med denne aldersgruppa, dersom vi ikkje skulle få tildelt større mengde vaksinedose frå Folkehelseinstituttet. Vi håpar på store mengder og har meldt ifrå at vi vil klare å ta hand om 400 vaksinedoser i veka, om vi skulle vere så heldige at vi får det tildelt.
Totalt er 34 personar ferdigvaksinerte og 104 personar har fått starta på vaksinering med fyrste dosen så langt. Neste veke får vi tildelt berre 42 dosar. Omlag halvparten vil gå til å ferdigvaksinere personar som fekk den fyrste vaksinedosa for tre veker sidan.

Veke 4 (25. - 29. januar 21) 
Vi fekk tildelt 30 vaksinedosar denne veka.
28/1-21 vart dei fyrste 11 innbyggjarane i Kviteseid fullvaksinert. I tillegg vart 19 tildelt si fyrste vaksine. Dette var 9 helsearbeidarar og 10 bebuarar på KOS og Midtsundtunet. No er alle som bur på KOS, og som ynskjer vaksine, fått starta på vaksineringa.
Oscar Hendriks var fyrste legen som fekk vaksine, sjå bilete.
Neste veke vil hovedfokuset vere dei 12 personane som skal ha si andre dose og dei som bur på Midtsundtoppen / Midtsundtunet og er over 85 år.

23.01.21 
07.01.21 vart 11 innbyggjarar i Kviteseid vaksinert. Alle bur på KOS. 
14.01.21 vart det sett 12 nye vaksiner. Desse vaksinene vart fordelt mellom 10 bebuarar på KOS og to helsearbeiderar. 
21.01.21 vart det sett totalt 12 nye vaksiner. Målet var å sette 18 vaksiner, men grunna tekniske problem, gjekk seks vaksiner tapt. Dei 12 vaksinene vi fekk satt, vart fordelt på tre helsearbeiderar, seks bebuarar på KOS og tre innbyggjarar i kommunen. Etter planen skulle vi vore ferdig på KOS i dag, og hadde derfor kalla inn nokre andre innbyggjarar i kommunen. Sidan vi mista seks av dosene, er vi ikkje ferdige med KOS ennå. Dei resterande beburarane på KOS som ynskjer vaksine, får den neste veke. Neste veke vil vi også starte med dose to på dei som fekk vaksine i fyrste veke. Helsing Anne Ruth Syrtveit Mikalsen

21.01.21 Er du usikker på om du ynskjer å ta vaksina? Vil du vite meir om dei ulike vaksinene? Les kva kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen skriv om vaksina og biverknader her. 

Veke 3 (18. - 22. januar 21)
Etter planen får Kviteseid kommune tre hetteglas med vaksine. Det betyr at i løpet av veka vil alle bebuarar på KOS som ynskjer vaksine, ha fått fyrste dose. 

Veke 2 (11. - 15. januar 21)
Denne veka blei det vaksinert 12 personar. 10 av desse var bebuarar på KOS, medan 2 var helsepersonell. 

09.01.21 
Torsdag 7. januar 2021 var historisk i Kviteseid. Då vart den fyrste Covid-19 vaksina sett i kommunen. Det var Inga Sandland som fekk fyrste vaksina kl 11:45.
Det var ei stor ære for oss i vaksinasjonsteamet å få vere med på dette arbeidet. Vi har førebudd oss i mange månadar med tankar kring vaksinering, og intensiv førebuing i konkrete vaksineplanar dei siste vekene.

Vi har fått tildelt 10 vaksinar denne fyrste veka. Ein kan klare å trekke ut 5-6 dosar av eit hetteglas berekna til 5 vaksinedosar. Vi har no vaksinert 11 av bebuarane på KOS denne fyrste veka. Neste veke fortsett vi med vaksinering av bebuarane på KOS. Vi får tildelt 10 dosar då også. Vi håpar vi klarar å vaksinere 12 personar med desse 10 dosene.

Neste veke skal vi også starte vaksinering av helsearbeidarar som står i fare for å bli smitta i kontakt med pasientar på arbeid, og vaksinering av helsearbeidarar som har kritiske funksjonar i helsevesenet i kommunen. Vi har lov til å bruke 20% av vaksinedosene vi får tildelt på helsepersonell. Det betyr at vi neste veke vaksinerar 2 helsearbeidarar i kommunen og 8-10 bebuarar på KOS. Det er strenge kriterier for val av kven desse personane skal vere. Vi jobbar nå med den prioriteringa. Prioriteringslista for fordeling av dei fyrste 24 vaksinedosene til Helsepersonell er føretatt mellom einingar og yrkesgrupper, men det er ikkje bestemt kven desse personane er ennå. Det arbeidet må gjerast i løpet av dei fyrste dagane av neste veke.
 

Helsing

Bjørn Nordskog, ordførar
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, kommuneoverlege

17.12.20
Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Det vil seie at du vil få tilbod om vaksine i kommunen du bur i, sjølv om du har fastlege i ein annan kommune. Noreg vil få tilgang på fleire ulike typar vaksine, men det er ennå usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksinene og kan tilby dei til anbefalte grupper. 

Kommunen planlegg nå gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli lagt ut på denne sida, etter kvart som den er klar. 

Det er per i dag ikkje naudsynt å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste for vaksine. Dersom du er prioritert, og når det blir din tur, vil det kome informasjon om kva du skal gjere for å få tilgang til vaksine. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Koronaviruset gjev infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har einskilde andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.  

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gjeve følgjande prioritering. Dei øveste er prioritert fyrst:

  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personar 18–64 år med ein eller fleire nærare spesifiserte sjukdommar som dei har frå før. 

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan endre seg dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg. 

Her kan du lese meir om koronavaksine i Noreg. 

Film: Slik blir koronavaksiner godkjent. 

Oversikt over prioriterte grupper i Kviteseid kommune 

Informasjonsskriv til bebuarar på KOS - tilbod om vaksinasjon 

Informasjon, vedtak og råd frå beredskapsleiing, kommuneoverlege og kommunestyret

07.05.21
Kviteseid kommune vil tilrå at uvaksinera ikkje gjennomfører unødvendige reiser, besøk og tilstellingar til/ frå Skien og Porsgrunn kommune.
Smittesituasjonen i Skien og Porsgrunn er uoversiktleg og aukande. Risikonivået i desse to kommunane er høvesvis på 4 og 3. I FHI sine smittetall er det nå i Skien 388 smitta pr. hundretusen innbyggjar (siste 14 dagar). Til samanlikning er same tal i Oslo 233.

Ein blir bekymra når ein veit det er mange frå Kviteseid som reiser til Skien og Porsgrunn. Nasjonale råd er at uvaksinera skal unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå område med høgt smittepress. Helsereiser/ sjukehustime og reiser til arbeids- og studiestad kan ein regne som ei nødvendig reise. Dei som jobbar i nemnde kommunar anbefalast heimekontor om mogeleg.

Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør ein utsetje eller avlyse.

Vidare minner kommuneoverlegen om at alle framleis bør avgrense sosial kontakt. Dei nasjonale retningslinene er å halde minst ein meter avstand og framleis god handhygiene. Får du sympton på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime og du bør ta ein test om det er mistanke om smitte frå koronaviruset.

Informasjon om testing, karantene og isolasjon

Legekontoret gjennomfører testing kvar vekedag frå kl. 11:00.
Du må avtale time på førehand, og oppgje kvifor du ynskjer å bli testa.
Ring legekontoret på tlf. 350 68 250 for å bestille time.

Du bør be om testing dersom: 
- du har akutt luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
- du kan ha blitt smitta med covid-19, anten som nærkontakt eller etter
reise i raudt eller gult land dei siste 10 dagane.

Lurar du på korleis du skal bruke munnbind? Les meir om dette her.

Lurar du på om du skal vera heime frå jobb eller skule og om du treng å teste deg? Klikk her. 

Lurar du på om barnet ditt kan i barnehagen eller skule? Klikk her. 

Legekontor, helsestasjon og jordmor

Vi ber alle om å følgje FHI sine smittevern anbefalingar. På legekontoret tar vi berre i mot 5 personar om gongen på venterommet. Vi anbefalar alle om å bruke munnbind ved besøk på helsesenteret.

21.12.20 

Frå 22.12.20 er legekontoret bare opent for øyeblikkeleg hjelp. Dersom dette fører til endringar for deg og din time, vil du bli kontakta. Har du behov for øyeblikkeleg hjelp, skal du ikkje nøle med å ta kontakt med legekontoret. Det er opent for Korona-testing kvar dag kl. 11:00. Hugs å ringe for å bestille time for testing på førehand. Grunnen til denne endringa er prioritering av arbeidsoppgåver knytt til Korona-pandemien og førebuing av vaksinasjon.

Kviteseid legekontor 18.11.20
- Kontoret held opent for pasientar og for telefonar kl 08.15-11.00 og kl 13.00-15.00 alle kvardagar.
- Etter 8 månadars tid er no venterommet endeleg teken i bruk at. Hugs å bruk handdesinfeksjon som står utanfor rommet før du gjeng inn i rommet. Ikkje ha med fleire personar inn til kontroll/venterom enn det som er naudsynt. Det skal til ein kvar tid maksimalt vere 7 personar inne på venterommet. Dersom det er fleire personar til stades på venterommet, sei ifrå til resepsjonen om at du er komme og vent i bilen til du blir oppringt på mobilen om at du kan komme inn.
- Blodprøver vert teken alle vekedagar, utanom fredager, i tidsrommet 08.15.11.30. Ein må ha avtalt tidspunkt på førehand for å få tatt blodprøver.
- Kviteseid legekontor er no i drift med 2 faste leger og 2 vikarleger. Vi gir tilbud om for ordinær konsultasjon, telefonkonsultasjon og videokonsultasjon. Ikkje alle legane er tilgjenelege alle dagane, dette av omsyn til helsestasjonslege funksjon, tilsynslegeoppgave på KOS og andre kommunale oppgåver. Kommuneoverlegen har mykje av tida sett av til å svare på spørsmål om smittevern og førebu kommunen på smitte. Det er difor ikkje sikkert at alle kan få samtale med eller time hos den legen ein ynskjer. Ber om forståelse for dette.
- Alle som har symptom på luftvegssmitte må ringe på førehand og informere om dette. Dei pasientane vert teken inn på eit eige smittevernrom og smittevernutstyr vert nytta. Pasientar som kjem til kontoret og har vore i andre område av landet, der det er høgare forekomst av smitte dei siste 10 dagane, skal informere om dette. Både pasient, lege og medarbeidar vil da ha på seg munnbind under kontakten. Ein må og ha på munnbind mens ein sit på venterommet i disse tilhøva.
- Kvar dag vert det teken koronaprøve av dei som treng det i 11-tida. Ein må ringe på forhand og gjere avtale slik at vi får nausynte papirarbeid og andreførebuingar klare før ein kjem til prøvetakning. Det er lav terskel for å ta prøve, men alle må ta kontakt fyrst.
Helsing
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen 
Kommuneoverlege i Kviteseid 
Vi oppmodar pasientar til å nytte e-melding for reseptar og andre førespurnader via Helsenorge.no.

Helsestasjonen 

Helsestasjonen vil nå vera tilbake til nærmast normal drift, med dei nødvendige smitteverntiltak som er påkrevd.
Småbarnskonsultasjonar (0-5 år) vil gå som normalt .
Når det gjeld skulehelsetenesta avtalast konsultasjonar etter behov.
Helsestasjon for ungdom vil ikkje ha drop-in, men det kan avtalas time ved behov.
Me ber dykk følgje instruksane som står på inngangsdøra når de kjem til konsultasjon. Venterommet er ikkje opent.
Du skal ikkje koma dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon. Då avtalar vi ny time.
Me oppmodar til ikkje å ta med søsken, dersom det er mogleg å unngå.

Beste helsing Tone og Vivian
Tlf. : 97176454/ 90686159

Er du gravid? Her kan du lese meir om råd til gravide og ammande

Informasjonsplakat frå helsestasjon og jordmor 

Her kan du som tilsett lese oppdateringar i Koronarettleiaren. 

Besøk på omsorgssenteret (KOS), Midtsundtoppen, Lundenjordet og Midtsundtunet

14.06.21 Retningslinjer for besøkande på Kviteseid omsorgssenter (KOS) ​

Det er nå åpent for besøk på KOS kvar dag, utanom kviletid kl 14.00-16.30.

  1. Alle besøk skal avklarast med KOS i forkant. Ring 409 00 279 på forehånd. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngangen, og vente til personalet kjem.
  2. Besøkande med symptom på covid 19, har fått påvist covid 19, er definert som nærkontakt til smitta eller er i karantene, kan ikkje kome på besøk på 10 dagar.
  3. Alle besøkande skal utføre håndhygiene før og etter besøk, detter gjelder også besøk utandørs.
  4. Pårørande som er fullvaksinerte eller har tatt 1.dose for over 3 veker sidan treng ikkje bruke munnbind inne hos fullvaksinert bruker. Det er nå tillatt med nærkontakt.
  5. Uvaksinerte besøkande skal holde minst 1 meters avstand til personal og brukarar og bør bruke munnbind.
  6. Besøkande frå område med høg smitterisiko bør nytte munnbind.
  7. Er du fullvaksinert eller har fått 1.dose for over 3 veker sidan og skal på besøk hos brukar som ikkje er vaksinert, bør ein halde minst 1 meters avstand, men det er ikkje nødvendig å bruke munnbind. 
  8. Besøkande bør ikkje opphalde seg i fellesareal.
  9. Det serverast dessverre ikkje mat og drikke til besøkande. Besøkande kan ha dette med seg. Obs god handhygiene før og etter. Gje beskjed til personal ved lån av toalett.
  10. Bebuar kan ha besøk av 2 personer evt. fleire på bebuars rom samtidig dersom ein klarar å overholde minst 1 meters avstand.
  11. Ute anbefalast maks 5 besøkande med 1 meters avstand. Ein treng ikke bruke munnbind ute om ein klarar å overholde meteren.
  12. Besøkande blir registrert i besøkslogg. Opplysningane blir lagra i 10 dager.
  13. KOS har egne retningslinjer for alvorleg sjuke og terminale pasienter, dette avklarast med personalet.
  14. Det anbefalas at besøkande fra område med høgt smittetrykk venter med å kome på besøk på 10 dagar.
  15. Dersom ein besøkande utviklar symptom innan 48 timar etter besøk – ta kontakt med oss!
  16. Dersom pårørande ønsker å ta med sine hjem, gjelder nasjonale smitteverns råd.

         Takk for at du bidrar til å ivareta godt smittevern og god sommer

Barnehage, skule og kulturskule

07.06.21 BARNEHAGE Beredskapsplan for barnehagen er revidert, og du kan lese den her. 

27.05.21 SKULE OG BARNEHAGE Frå i dag er skule og barnehage på GRØNT nivå i trafikklysmodellen. Du kan lese brevet til foreldre og føresette her. 

15.04.21 SKULE Beredskapsplanen for skule er revidert i tråd med endringar i smittevernrettleiaren. I det høve blei det sendt eit brev til foreldre, som du kan lese her. 

19.01.21 SKULE Frå onsdag 20.01.21 er det nasjonale vedtaket om raudt nivå på ungdomskulen oppheva. Ungdomsskulen i Kviteseid går derfor tilbake til gult nivå, slik det var før joleferien. 

04.01.21 SKULE Brev til heimane om skulekvardagen framover - raudt nivå for ungdomsskulen 

04.01.21 KULTURSKULEN Det vil ikkje blir fysisk undervisning i kulturskulen i fyrste omgang fram til 18.01.21. Alle elevar/heimar vil bli kontakta i løpet av veke 1. 

04.01.21 SKULEN I tråd med nasjonale føringar, vil ungdomsskulen gå over til raudt nivå tysdag 05.01.21. Heimane vil få meir beskjed frå skulen kring dette i løpet av dagen, 04.01.21. På raudt nivå skal også alle elevar møte på skulen, men det kan vera nokre mindre unnatak. Dette vil i så fall heimane og elevane få beskjed om. Barneskulen (1.-7. trinn) og barnehagane held fram på gult nivå. Det vil seie at det er same smittevernreglar som før joleferien. Vi minner om å halde eleven/barnet heime ved sjukdom og god handhygiene. 

15.12.20 Kontinuitetsplan for skule og barnehage under Covid 19 - pandemien 

19.11.20 Brev til foreldre og føresette i skule og barnehage 

13.11.20 Retningslinjer frå Vestfold og Telemark fylkeskommune kring skuleskyss

01.09.20 Brev til foreldre med barn over 10 år om sjukdom og korona

01.09.20  Brev til foreldre med barn under 10 år om sjukdom og korona

27.08.20 Informasjon frå fylkeskommunen om skyss og smittevern 

17.08.20 Rutinar ved levering og henting i barnehagen på "gult nivå"

11.08.20 Her finn du informasjonsbrev til føresette ved skulestart om smittevern. 

Skular og barnehagar skal følge ein trafikklysmodell (grønt, gult og raudt nivå) med tanke på grad av smitteverntiltak. Ved oppstart av barnehage- og skuleåret 2020-2021, skal alle barnehagar og skular i Noreg vera på gult nivå. Du kan lese meir om dette i smittervernrettleiarane, som det er lenkja opp til under. 

Her kan du lese smittevernrettleiaren for barnehagen 
Her kan de lese smittevernrettleiaren for 1.-7. trinn
Her kan du lese smittevernrettleiaren for 8.-13. trinn 

Vy har laga rutiner for smittevern på skulebussene. Du kan lese dei her. 

Informasjon og råd til barn, unge og familiar

Kjære barn, unge og familiar i Kviteseid kommune!

Her har vi samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman.

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden
Psykolog i kommunen

For barn og unge:

Mange barn og unge har spørsmål om Koronaviruset. I denne informasjonsfilmen svarar lege Helen i Helsedirektoratet på spørsmål. 

Informasjon og gode råd finn du også her.

Har du bruk for å snakke om korleis du har det, kan du ringe eller chatte på Kors på Halsen eller chatte på Snakk om psyken.

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Mistenker du at eit barn ikkje har det bra? Kjenner du at det ikkje er trygt i heimen din? Både vaksne, barn og unge kan ringe barnevernet sin døgnopne alarmtelefon for råd og rettleiing.

For foreldre og omsorgspersonar

Det er viktig å gje påliteleg og forståeleg informasjon til barnet, tilpassa barnet sin alder. Barn får med seg mykje, både av det vi vaksne snakkar om, og frå tv, radio, avisforsider og sosiale medier. Dei kan setje saman informasjon på eigne måtar og fylle ut med fantasien, der dei ikkje har opplysningar. Barn og unge kan ha mange spørsmål, og kan trenge hjelp frå vaksne til å sortere og setje saman eit realistisk bilete av situasjonen. Alderstilpassa informasjon kan oppklare misforståingar og trygge. Her er vanlege spørsmål frå barn om korona, og korleis ein kan svare på dei.

Når barn uroar seg og er redde, er det også viktig at vi vaksne skapar trygghet og formidlar håp. Meir om korleis møte barn som er redde for koronavirus, finn du her.

For at barn skal ha det bra, er det og viktig at vi vaksne tar vare på oss sjølve og finn aktivitetar som gjev oss næring og energi. Her er råd til foreldre om korleis stå stødigare i ei usikker tid og korleis snakke med barn om koronaviruset.

På helsenorge.no finn de råd om korona til foreldre, barn og gravide. Sjå Helsenorge.no 

Kviteseidhallen

27.05.21 Stenging av salen i Kviteseidhallen 
På grunn av aukande mengder av vaksinedoser framover treng vaksinepersonellet betre plass til sitt arbeid. Frå 1.juni 2021 vil 2/3 av salen bli stengt og rigga for vaksinering. Den siste 1/3 av salen og resten av hallen vil vera ope for vanleg bruk.

10.03.21 Under føresetnad at det fortsatt blir gjenomført smitteverntiltak som god avstand, reingjering/spriting av utstyr etter bruk, god handhygiene og halde seg heime ved sjukdom/symptom blir det opna opp for kor, korps, spinning og treningar for personar over 20 år. Dette er for dei som bur og oppheld seg i kommunen.Personar som kjem heim til påskeferien må opphalde seg i kommunen i 10 dagar før deltaking på dei opplista aktivitetane. 

20.01.21 Kviteseid kommune opnar Kviteseidhallen igjen for lokale treningar og fritidsaktivitetar for born og unge under 20 år. Dette gjeld for ordinær aktivitet internt i klubbar, lag og organisasjonar, men ikkje for kampar, cuper, stemne m.v. Vi opnar og styrkerom og spinningrom (for alle aldrar) med same reglar som tidlegare; max 5 personar.

Sjå elles retningliner i hallen.

04.01.21 I tråd med nye nasjonale føringar, er hallen stengt for all bruk av idrettslag, lag og organisasjonar og publikum for øvrig inntil ny beskjed blir gjeven. 

Informasjon til næringslivet

19.11.20 Informasjon kring smittevern på marknadar og liknande arrangement 

Lurar du på korleis ein skal forstå og legge til rette for avstandskravet på serveringstader, kan du lese her. 

NHO har utarbeida bransjestandardar for fleire næringar. Dei finn du her: 

Trygg camping 

Trygg servering

Trygg overnatting 

Kompensasjonskalkulator
Regjeringen tilbyr en kompensasjonsordning til bedrifter som lider økonomisk som følge av korona-krisen. Ordningen dekker opptil 90% av virksomhetens faste kostnader. Finn ut hvor mye du kan få i kompensasjon.

https://telemarknh.no/kompensasjonkalkulator/    

Her kan du lese om nasjonal krisepakke 3 frå regjeringa. 

NAV Vest-Telemark

Lokasjonen i Kviteseid er stengt for drop in inn til vidare. Kontoret på Dalen er opent for drop-in måndag og torsdag kl. 10:00-14:00. 

Ved akutt hjelp for kommunale tenester i NAV, ring tlf.: 406 16 218 

Statlege tenester: Dersom du har ein fast kontaktperson, kan du skrive til han/henne i din digitale aktivitetsplan ev. ringe eller sende SMS. 

Du finn informasjon på www.nav.no

Er du arbeidsgjevar brukar du www.nav.no/bedrift eller ringer tlf.: 555 53 336.

Direktenummer til marknadskontakt for Kviteseid er Dag Tore Lid, tlf.: 412 23 954

IA-rådgjevar er Olav Aalandslid, tlf.: 994 49 230 

TELEFONLISTE KVITESEID- STATLEGE YTINGAR:

INGE TVEITO                     TLF 90470976

ANETTE TVEITA ØYA       TLF 41277059

KURT JOAR WRÅLID        TLF 90418138

LINDA HOVDEN                TLF 41277865

MARIE SELTVEIT               TLF 41219592

Gerd Kari Skaalen, NAV leiar  95832211

Solbjørg Frantzen, Ass. NAV leiar 90946708

Postadresse: NAV VEST-TELEMARK, HOTELLVEGEN 42, 3880 DALEN