Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjonsside om Korona i Kviteseid kommune

Oppdatert 07. april 2020

Her samlar vi all informasjon om situasjonen kring Koronaviruset i kommunen.
SISTE NYTT:
Her kan du lese påskehelsing frå ordførareren. 
Kviteseid kommune ynskjer å kartlegge tilgjengeleg helsepersonell i kommunen. Du kan registrere deg her. 
Ynskjer du å bidra som friviljug? Då vil vi gjerne at du registrerer deg her

Oppdatering om Koronavirus

Ein har for tida ein epidemi av koronavirus i Europa som kan gi alt frå lette forkjølelsessymptom til alvorleg lungesjukdom og dødsfall. For å unngå at helsevesenet får fleire kritisk sjuke enn dei har kapasitet til å behandle, må me no arbeide for å begrense smitta og å forlenge perioden med smitte slik at smittetoppen blir lågast mogleg.

Råd og tiltak vil endre seg etterkvart som situasjonen utviklar seg, og det er no dagleg ny informasjon. For generell informasjon om viruset og nasjonale råd og tiltak sjå Folkehelseinstituttet sine temasider.

Lurar du på om du bør testas? Her finn du kriteria 

Informasjon om heimekarantene og heimeisolasjon finn du her 

Informasjonstelefon om Korona: 815 55 015
Sentralbordet på kommunehuset: 35 06 81 00
Politikontakt Bjørn Håvard Olsen: 48 02 75 46

Kommunens kriseleiing møtast regelmessig for å evaluere situasjonen og drøfte førebyggjande tiltak. Kommunens nettside blir fortløpande oppdatert med informasjon. 

Oppdateringar på situasjonen i Kviteseid frå ordføraren

07.04.20 

31.03.20 Informasjon til innbyggjarane frå ordførar og kommuneoverlege 

13.03.20

16.03.20

17.03.20 Informasjon til kommunestyret på web. Ordførar, kommuneoverlege, kommunalsjef helse og omsorg, kommunalsjef skule og barnehage, næringssjef og fagleiar samfunnsutvikling og teknisk drift. 

Legekontor, helsestasjon og jordmor

24.03.20 Melding frå kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen 
Enn så lenge har vi ikkje fått smitte av Covid-19 til Kviteseid kommune. Det er bra, men det er viktig at vi vi ikkje trur at vi slepp unna. Vi må vere forberedt på at vi og kan bli hardt ramma. Vi i helsevesenet og i resten av kommunen må vere klar for å ta imot og gje nødvendig hjelp til dei som treng det, når dei treng det. Eg vil difor på det sterkaste oppmode alle, og spessielt alle i helsessektoren, til å gjere alt dei kan for å unngå all form for spreiing av smitte av luftvegsinfeksjonar. Vi kan ikkje risikere at vi stend utan folk å setje inn i omsorg og pleie når pasientane etterkvart også er hos oss.

Hugs å overhalde alle hygieneanbefalingar. Hugs avstand til andre. Hugs å ikkje ha nærkontakt med andre. Vi er avhengige av et samarbeid for å komme gjennom denne situasjonen.

Nyttig informasjon om drift av legekontoret pr. 24.03.20
Inntil vidare har vi framleis redusert drift av legekontoret. På grunn av situasjonen er telefontida noko redusert. Vi er tilgjengelege frå kl. 09:00-12:00 og frå kl. 13:00-15:15. Vi ber om forståing for at vi er inne i ein svært belastande situasjon og difor må prioritere pasientar etter behov. Pasientar med avtalt time møter opp på utsida av legekontoret og vil bli henta der. 

Legekontoret er omorganisert, slik at dei har to akuttrom. Det er eige mottak for pasientar med teikn på luftvegsinfeksjonar. 

Ver ikkje redd for å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål eller behov for hjelp. Vi oppmodar pasientar til å nytte e-melding for reseptar og andre førespurnader via Helsenorge.no. 

Informasjon om Koronavirus finn du også her: 

Helsenorge
Folkehelseinstituttet 
Kriterier for testing 

Kviteseid helsestasjonen
Vi har redusert drift dei neste vekene. Me tilbyr fyrst og fremst konsultasjonar til nyfødte og born som skal ha vaksiner ved 6 veker, 3 månadar, 5-6 månadar, 12 månadar og 15 månadar. Andre born med behov møter etter avtale. Dei som har behov kan ringe helsestasjonen for avtale på 97176454. Konsultasjon hjå jordmor kun etter avtale. Me oppfordrar gravide, som ønskjer det, til å melde seg inn i Facebookgruppa: "Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark." Me oppfordrar ellers foreldre til ikkje å ta med seg sysken til konsultasjonar.

Er du gravid? Her kan du lese meir om råd til gravide og ammande

Informasjonsplakat frå helsestasjon og jordmor 

Tiltak for tilsette i helsetenesten 
Tilsette i helsetenestene i Kviteseid kommune som har teikn på luftvegsinfeksjon i form av hosting eller nysing og dei som har feber, er tekne ut av pasientrelatert arbeid. Dette for å førebyggje smitte til sårbare grupper. Det er viktig å understreke at dette ikkje er tilsette der ein mistenkjer koronasmitte. Dette er eit tiltak for å hindre smitte av all form for luftvegsinfeksjon. Ved eit eventuelt utbrot av koronaviruset i kommunen, er det naudsynt å gjera tiltak for å unngå at sårbare grupper blir utsett for andre luftvegsinfeksjonar, då fleire pågåande infeksjonar er ei større påkjenning for den einskilde.

Alt helsepersonell skal unngå bruk av offentleg transport og reiser til utlandet. 

Når det gjeld tiltak knytt til koronavirus fylgjer kommunen til ei kvar tid råd og retningsliner som kjem frå helsestyresmaktene.

Informasjon og råd vil bli justert og oppdatert i samband med utbrotet si utvikling og kunnskap om infeksjonen.

Klikk her for å lese meir og få til ei kvar tid oppdatert informasjon: Folkehelseinstituttet koronavirus

Her kan du lese oppdateringar i Koronarettleiaren. 

Besøk på omsorgssenteret (KOS), Midtsundtoppen dagsenter og Midtsundtoppen omsorgsbustadar

Kviteseid omsorgssenter (KOS)  og Midtsundtoppen dagsenter er stengd for besøkande frå 12.03.20.

Ved spørsmål kring stenging av KOS ta kontakt på tlf.: 350 68 201

Ved spørsmål kring stenging av Midtsundtoppen dagsenter ta kontakt på tlf.: 976 80 409

Ved Midtsundtoppen omsorgsbustader kan pårørande med bustadadresse Kviteseid koma på besøk ved at den som bur der møter pårørande på utsida av huset. Dei kan ikkje bli med på tur i bil eller heim på besøk. Dei kan berre møtas utanfor Midtsundtoppen. Det er eit krav om at dei som kjem på besøk er friske, har god handhygiene og held 2 meters avstand. Det må vera i avgrensa omfang og berre 1 fast person har høve til å besøke.

Tenestekontoret

Som ei fylgje av nasjonale føringar må tenestetilbod som ikkje er livsnødvendige, bli sett på vent. Det kan gjelde: støttekontaktar, avlasterar og heimehjelp. Du vil bli informert dersom det gjeld deg.

Dersom du søkjer/har søkt om ei teneste frå og med 16.3.2020, vil tenestekontoret i utgangpunktet ta kontakt med deg pr. telefon og avklare hastegrad. For nokon vil tenesta måtte vente, mens andre kan trenge å få styrka tilbodet sitt. Kommunen må prioritere ressursane til dei mest sårbare og trengande av helse- og omsorgstenester.

Dersom du har spørsmål om tenestetilbodet i Kviteseid kommune, kan du ringe: 

Anne Asprusten tlf. 472 61 759
Kristin Jacobsen tlf. 408 01 843
Reidun Øverland tlf. 977 90 476

Psykisk helse og rus

Alt av dagsentertilbod er stengt på ubestemt tid. I tillegg vil alle samtaler gjennomførast på telefon, med mindre du har fått beskjed om noko anna.

Nokre av oss som arbeider i psykisk helse og rus må hjelpe til i andre belasta helsetenester slik som situasjonen er no. Derfor kan det vere at du ikkje får moglegheit til å ha samtaler med den tilsette som tidlegare har fylgt deg opp. For brukarar som ikkje får nyttiggjera seg av tilbodet dei har, og som opplever eit behov for støtte er vi tilgjengelege på desse telefonnummera: 

Vakttelefon psykisk helse og rus barn og unge tlf. 408 01 845
Vakttelefon psykisk helse og rus vaksne tlf. 977 90 476 eller 971 91 958

Telefonane er bemanna måndag til fredag frå 08:00 – 15:30

Vi forstår at dette kan vere ei vanskeleg tid for mange. For andre som kjenner behov for å prate med nokon, eller som treng informasjon om ulike tenester, finst det fleire ulike hjelpetelefonar og infosider som kan vere aktuelle for deg.

Her finn du ei oversikt over aktuelle sider. 

Her kan du lese lesarinnlegg frå einingsleiar Lill Iren Djuve: Å ta vare på psykisk helse i en krisesituasjon 

Fysioterapi

Alt av gruppeaktivitetar og pasienttimar er avlyst inntil vidare. 

Fysioterapeut Helene Todal Skindalen er tilgjengeleg på tlf. 971 94 993

Informasjon og råd til barn, unge og familiar

Kjære barn, unge og familiar i Kviteseid kommune!

Her har vi samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman i denne spesielle tida.

Ta vare på kvarandre!

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden
Psykolog i kommunen

For barn og unge:

Mange barn og unge har spørsmål om Koronaviruset. I denne informasjonsfilmen svarar lege Helen i Helsedirektoratet på spørsmål. 

Informasjon og gode råd finn du også her.

Har du bruk for å snakke om korleis du har det, kan du ringe eller chatte på Kors på Halsen eller chatte på Snakk om psyken.

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Mistenker du at eit barn ikkje har det bra? Kjenner du at det ikkje er trygt i heimen din? Både vaksne, barn og unge kan ringe barnevernet sin døgnopne alarmtelefon for råd og rettleiing.

For foreldre og omsorgspersonar

I denne tida, der kvardagen er annleis, mykje er usikkert og dei vaksne følger med på situasjonen, gjer tiltak og uroar seg, er det naturlig om barn blir bekymra og redde. Når barn er redde for korona, er det viktig at vi vaksne i samtale med dei bekreftar og anerkjenner følelsane deira. Vi må vise at det både er greitt og forståeleg at dei har det slik og at vi vil vite om det og hjelpe dei.

Vidare er det viktig å gje påliteleg og forståeleg informasjon til barnet, tilpassa barnet sin alder. Barn får med seg mykje, både av det vi vaksne snakkar om, og frå tv, radio, avisforsider og sosiale medier. Dei kan setje saman informasjon på eigne måtar og fylle ut med fantasien, der dei ikkje har opplysningar. Barn og unge kan ha mange spørsmål, og kan trenge hjelp frå vaksne til å sortere og setje saman eit realistisk bilete av situasjonen. Alderstilpassa informasjon kan oppklare misforståingar og trygge. Her er vanlege spørsmål frå barn om korona, og korleis ein kan svare på dei.

Når barn uroar seg og er redde, er det også viktig at vi vaksne skapar trygghet og formidlar håp. Meir om korleis møte barn som er redde for koronavirus, finn du her.

For at barn skal ha det bra, er det og viktig at vi vaksne tar vare på oss sjølve og finn aktivitetar som gjev oss næring og energi. Her er råd til foreldre om korleis stå stødigare i ei usikker tid og korleis snakke med barn om koronaviruset.

På helsenorge.no finn de råd om korona til foreldre, barn og gravide. Sjå Helsenorge.no 

NYTT 07.04.20 Barnehage, skule og kulturskule

SKULE OG BARNEHAGE VIL FRAMLEIS VERA STENGT FYRSTE VEKE ETTER PÅSKE. 

Frå 20. april vil barnehagane opne igjen. Korleis dette skal organiserast vil de få meir informasjon om etter påske.  
Frå 27. april vil 1.-4. trinn og SFO opne igjen. Korleis dette skal organiserast vil de få meir informajson om etter påske. 

Til foreldre og føresette i skulane i Kviteseid
Vi ser at mange har tatt i bruk den nye meldings-appen «Min skole – foresatt».  Vi oppmodar fleire til å laste ned appen, og/eller gjera seg kjent i fullversjonen til Visma Flyt skole, som du finn innlogging til her og inne på skulane sine sider. Her  PDF document ODT document finn du også brukarrettleiing. Vi kjem til å nytte denne kanalen for kontakt med dykk kring skulesituasjonen framover.

Alle barnehagar og grunnskular i Kviteseid er stengt til over påske, og elevane i skulen får heimeundervisning. Vi har sendt eit skriv til føresette om heimeskule som du også finn her.  Utdanningsdirektoratet har også ei side om tema som du kan finne nyttig informasjon på. Denne finn du her.  
Skulane har eit tydeleg ansvar for opplæringa i perioden skulen er stengt og vi skal gje elevane eit godt tilbod. Vi rådar til å oppretthalde ein tilnærma normal dagsrymte på kvardagane, og skuletida er i utgangspunktet frå kl. 08:30-14:00. Det vil alltid vera slik at nokre elevar brukar lengre tid på skulearbeidet, og nokre brukar mindre. For å halde på motivasjonen til elevane over tid og ikkje skape unødige konfliktar heime, er det viktig at foreldre har ein god dialog med kontaktlærar om arbeidsmengde og tilrettelegging. 

25.03.20 Meldte regjeringa at både skriftleg og munnleg eksamen for 10. klasse er avlyst. Skulane og lærarane skal ha fokus på standpunktvurdering resten av skuleåret. Elevane vil få eit fullverdig vitnemål, og avgjersla skal ikkje verke inn på opptak til vidaregåande. 

Foreldrebetaling i skule og SFO. Foreldre skal ikkje betale for skule og SFO i perioden det er stengt. Vi ber om at de betalar faktura de allereie har fått tilsendt. Det vil ikkje kome ny faktura før tilbodet igjen er opent, og feil innbetaling vil bli korrigert. 

Her fortel kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby om fritak frå betaling (video) 

Her kan du lese pressemeldinga "Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO"  

Det er oppretta ei tilsynsordning for yngre barn. Organisering av tilbodet i barnehage og skule i Kviteseid finn du meir informasjon om under "Aktuelle skriv frå kommunen". Ein må melde behov for tilbodet. 

På Regjeringa.no står det: 

Skule- og barnehageeigarar har ansvar for eit tilbod til barn som har foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar eller andre kritiske oppgåver i samband med koronautbrotet. Terskelen for å få tilbod er høg grunna omsynet til smittevern. Difor bør dette tilbodet avgrensast så mykje som mogleg. Beredskapslinja i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet.

Det er to vilkår for å få slikt tilbod:

  1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon 
  2. Personell med andre kritiske oppgåver (til dømes reparere teknisk utstyr på sjukehus). 

For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at:

  • Barnet skal vere under 12 år.
  • Barn som bur med to foreldre, eller tilsvarande juridiske omsorgspersonar, må ha begge desse i kritiske samfunnsfunksjonar og/eller andre kritiske oppgåver.
  • Det ikkje finst tilbod om anna barnepass.
  • Arbeidsgjevar må på førespurnad kunne stadfeste at slike omsorgspersonar er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har kritiske oppgåver knytt til verksemder av eit slag.

Vest-Telemark PPT er stengt

Som følgje av kornautbrudd og tiltak for å hindre smitte er PP kontoret stengt og møter med skular og barnehagar avlyst. Sakshandsamarane arbeider frå heimekontor. I einskilde saker vil det vere mogleg med telefon/digital kontakt.

Ved ev. spørsmål ring dagleg leiar Sissel Bronken på tlf 35 06 83 00 / 40 92 08 33

I Kviteseid kulturskule vil all fysisk undervisning utgå frå veke 12 og til ny beskjed blir gjeven. Elevar i kulturskulen vil få beskjed direkte frå læraren sin.

Kvitsund gymnas er stengd frå fredag 13. mars til i fyrste omgang etter påske. 

Informasjonsfilm til barn og unge om koronaviruset

Informasjonsfilm koronavirus.jpg

For å lese meir om vedtaket om stenging av skular og barnehagar klikk her. 

Nytt 06.04.20 Informasjon til næringslivet

Her kan du lese om nasjonal krisepakke 3 frå regjeringa. 

Til næringsdrivande i Kviteseid kommune

Vi er i ein spesiell situasjon, og de skal vite at vi i Kviteseid kommune tenkjer på dykk som har kome i denne dramatiske situasjonen. Det kjem mykje informasjon i mange kanalar, og det kan vere vanskeleg å luke ut det som er relevant for kvar einskild verksemd. Kommunen samarbeider med bedriftsrådgjevarane i Telemark Næringshage som har fått omdisponert midlane som var øyremerka etablerarverksemd, til å jobbe opp mot dykk som er etablerte, og slit. Dei vil halde seg oppdaterte på dei siste tiltaka. Meir informasjon om dette vi koma etter kvart. Følg med på Telemark Næringshage sine nettsider og FB-side. I tillegg vil de finne informasjon her på kommunen sine nettside og FB-side. Mange tek kontakt med oss i kommuneadministrasjonen, og vi sjekkar opp og gjev tilbakemelding så raskt vi kan.
Det har kome nokon tiltak frå regjeringa for å lette situasjonen for dykk næringsdrivande, og vi må håpe på at det kjem fleir dei neste dagane. Eg reknar med at de følgjer med, og at de har merka dykk det som er relevante for dykk, men eg har samla noko her. Dette er del 1 av den økonomiske krisepakka som samtlege parti var samde om og som blei presentert på ein pressekonferanse i Stortinget 16. mars. 

Desse er nå sikra løn:

  • Permitterte i 20 dagar. Arbeidsgjevar har plikt til å betale løn dei fyrste to dagane. Staten overtar ansvaret for å betale arbeidstakar løn dei siste 18 dagane.
  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansere – etter 17 dagar utan inntekt, kan de få 80 prosent av inntekta si frå Nav. Dessuten får dei rett på sjukepengar frå dag tre og omsorgspengar frå dag fire.
  • I tillegg kan fleire med låg inntekt få dagpengar. Vanlegvis må ein ha hatt ei inntekt over 150.000 kroner dei siste tolv månadene, nå senkas grensa midlertidig til 75.000 kroner.

Slik skal Stortinget hjelpe næringslivet ut over tiltaka regjeringa har fremma:

  • Arbeidsgjevar skal bare betale sjukepengar og omsorgspengar for die fyrste tre dagane. Omsorgspengar gjeld blant anna foreldre som er heime med barn på grunn av stengde skular og barnehagar.
  • Verksemder slepp å betale MVA. og forskottsskatt ved fristen i april.
  • Momssatsen for blant anna persontransport og hotellovernattingar reduseras frå 12 til 8 prosent.
  • Ved permittering gjeld som tidlegare: Dagpengar betales i inntil 26 veker innafor ei periode på 26 uker. Legg ved informasjon frå NAV om permittering.

NB! Vi gjer merksame på at det kjem ny informasjon kvar dag! Vi oppdaterer informasjonen her så raskt vi kan. 

Permittering

Gå inn på nav.no.

Velg person:

1) Registrere seg som arbeidssøkjar 

2) Søke dagpengar under permittering. Bruk skjema NAV 04-01.04
Personer som eig/driv eigen bedrift kan permittere seg sjølv når det er eit AS. 
 

Gå inn på bedrift: Bruk NAV 04-08.04 («bekreftelse på arbeidsforhold og permittering»). Dette må fyllast ut av rekneskapkontoret som bedrifta bruker.

Grunngjev permitteringa jmf. Koronaepidemien på skjemaet: NAV 04-07.05 («forespørsel til arbeidsgiver i forbindelse med permittering»). Bruk rekneskapskontoret til dette også. 

Er det bedrifter med meir enn 10 tilsette brukar de også også NAV 76-08.03. Dette fyller arbeidsgjevar ut og skannar inn. 

NAV

16.03.2020

Her kan du lese meir informasjon kring permittering frå NAV. 

19.03.20 la Stortinget fram krisepakke del 2. 

Relevant for dykk næringsdrivande er at arbeidsgjevaravgifta blir senka med fire porsentpoeng i to månadar. 

Det er stor pågang på NAV.no og ikkje minst på telefonen. Arbeidsgjevar kan også ringe Arbeidsgjevartelefonen: 555 53 336

Arrangement

Arrangement med meir enn 5 deltakarar skal ikkje gjennomførast jf. Smittevernlova § 4.

Folkehelseinstituttet gjev råd og retningslinjer for gjennomføring av arrangement. Desse finn du her. 

Kommunehuset, bibliotek og Kviteseidhallen

Kommunehuset er stengd for publikum inn til vidare. 
Fleire av dei tilsette har heimekontor, og det vil ikkje vera mogleg å besøke sakshandsamar utan avtale. 

Kviteseid bibliotek er stengd for publikum inn til vidare.  
Dette gjeld også meiropent bibliotek. Eventuelle purringar kan du sjå bort frå. 
Biblioteket nyttar stenginga til å gjera endringar og møblere om slik at vi i framtida har høve til å kunne ha arrangement i 1. etasje. 

Kviteseidhallen er stengd frå fredag 13. mars og til ny beskjed blir gjeven.

Kyrkja

Alle gudstenester og andre arrangement i regi av kyrkja er avlyst. 

Prostidiakon Eilev Erikstein er tilgjengeleg for samtaler på telefonnr. 911 13 580.

Her kan du lese meir om kva kyrkja gjer. 

Kontaktperson
Sokneprest
Møyfrid Lunde
350 68 132, 469 07 231
sokneprest.kviteseid@kyrkjetrappa.no

Treng du hjelp til ulike oppgåver?

Kviteseid kommune ynskjer å hjelpe personar som av ulike årsakar treng det i situasjonen vi er inne i. 
For ytterlegare informasjon kring dette kan du kontakte Tone Syftestad på tlf. 924 01 776  eller 350 68 177

HEIMKØYRING AV VARER I KVITESEID KOMMUNE

Eit tilbod til innbyggjarar i Kviteseid kommune som av sjukdom eller anna grunn ikkje kan handle sjølv og treng hjelp.

Coop Morgedal - leverar i Morgedal og Brunkeberg.
Ring 350 54 146 eller send e-post til morgedal@marked.coop.no
Oppgje namn, telefonnummer og adresse.

Joker Vrådal – leverar Vrådal og Vråliosen
Ring Jan Rune Grave 909 90 306 eller Nina Krossli 901 93 065send e-post til joker.vradal@joker.no
Oppgje namn, telefonnummer og adresse.

KIWI Kviteseid – leverar i Kviteseid – Fjågesund
Kiwi har ikkje kapasitet til å pakke varer, så her er det friviljuge som både handlar og leverer.
Sanitetslaget beredskapsgruppe: Elin Ovastrøm 958 67 873, Kristin Jacobsen 995 68 570, Nils Ettestad 481 96 800 og Jon Draugedal 478 20 911
Ring 481 96 800 -oppgje namn, telefonnummer og adresse

Apotek Kviteseid – leverar i Kviteseid kommune
Ring 350 68 880 eller send e-post til kviteseid@apotek1.no

Kviteseid Bok og Papir AS – leverar i Kviteseid kommune

Ring 350 53 515  eller send e - post: post@kviteseidbok.no
Du kan bestille varer over telefon, e-post eller ved å sende oss ei melding. Vi kan pakke varene klare for henting. Hjå oss kan du betale med kort, kontant eller Vipps.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker
Hygieneplakat bilde