NYTT 12.01.23 Behandling av korona med tablettar

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar.

Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.

Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du teste deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom. .
  • Alle som er over 80 år

Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt.

Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.

Viss symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom. og
  • Du er over 80 år
  • Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk finn du på Helsenoreg

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

NYTT 29.01.22 Aktuelt om smittesituasjonen i Kviteseid kommune

29.01.22 Smitte på KOS 
Det er påvist smitte hos to personar på KOS, ein bebuar og ein tilsett. KOS handsamar situasjonen etter gjeldande nasjonalt regelverk. 
 
10.01.22 Smitte ved Kvitsund gymnas
Seks elevar ved Kvitsund gymnas har testa positivt på hurtigtest i helga. Dei som er smitta er sett i isolasjon, og heile 3. trinn er i karantene. Fleire andre elevar er testa med negativt resultat. Vi har god og tett kontakt med kommunen i denne situasjonen.
Edgar Gamst Kristoffersen
rektor

03.01.22 Smitte på KOS 
Me har i dag fått beskjed om at ein av dei tilsette som var på jobb på KOS i helga har testa positivt på Covid-19. Førebels er det berre på hurtigtest, men me handsamar dette som eit positivt tilfelle medan me ventar på svar på PCR-testen. Me har kartlagt pasientane (og vaksinestatus) som den smitta har vore til, og dei pårørande til dei aktuelle vil bli kontakta. Det er sett i verk tiltak for å skjerme dei som er eksponert for smitte frå resten av bebuarane. Dei som er eksponert vil bli behandla som nærkontaktar, og bli satt i karantene fram til sundag 9. januar. Dei vil då bli testa med hurtigtest for å kome ut av karantene. Alle bebuarane dette gjeld er fullvaksinera, og dei fleste har fått 3. booster-dose. Dersom situasjonen endrar seg, vil det kome ny informasjon. Pårørande vil få beskjed direkte. 

19.12.21 Koronasmitte i Morgedal 
Alle som har vore på Coop Morgedal i perioden tysdag 14. - fredag 17. desember bør ta ein hurtigtest seinast i løpet av måndag 20. desember. Hurtigtestar kan hentast på legekontoret i Kviteseid eller på legevakta i Seljord. Om du vil hente på legekontoret, er det fint om du ringer på førehand og avtalar. Det er viktig at alle følgjer med på om dei utvklar symptom 10 dagar etter besøket på Coop Morgedal. Får du symptom, skal du teste deg med hurtigtest på nytt. 

07.12.21 Situasjonsrapport for koronapandemien i Kviteseid - veke 49

Smitteutbrotet vi har hatt i kommunen dei siste vekene verkar å vere under god kontroll. Vi har hatt få eller ingen nye smitta dei siste dagane, og opplever at vi har god oversikt over smittesituasjonen. Det er fint å sjå at tiltaka vi sett i gang fungerer, og at smitten relativt fort kjem under kontroll. Vi har vurdert at risikonivået i kommunen er på det lågaste nivået, det vil seie risikonivå 1.
Takk for innsatsen til alle heimar som har vore eller fortsatt er råka!

Dei viktigaste tiltaka framover er at vi vaksinerer oss, held oss heime når vi er sjuke og testar oss viss vi har symptom eller får beskjed om at vi er nærkontakt. Følg lokale tilrådingar når det gjeld testing og karantene.

Med helsing 
Kine Jordbakke
Kommuneoverlege 

30.11.21
Skulen kjem til å sende melding til heimane, dersom det er smitta i ei klassa. Merk at skulen sender ikkje melding før smittetilfellet er stadfesta av helse. 

26.11.21
Vi gjer merksame på at vi ikkje lenger går ut med informasjon knytt til kvart einskild smittetilfelle, verken i Kviteseid kommune generelt eller i skule og barnehage spesielt.
Samfunnet er nå i ein situasjon kor vi ikkje lenger har ein nullvisjon for smitte. Vi må framover lære å leve med smitte i eit opent samfunn. Sjølv om dette kan opplevast uttrygt, er situasjonen annleis nå enn før fordi vi har høg grad av vaksinedekning i Noreg.
Det viktigaste er:

  • Test deg ved symptom
  • Hald deg heime når du er sjuk.

09.09.21 TO NYE SMITTA 
Kviteseid kommune har fått stadfesta to nye smitta med Covid-19 onsdag 08.09.21. Begge to er nærkontaktar av smitta og smittesporing er avslutta.

03.09.21 TO NYE SMITTETILFELLE 
To personar busett i Kviteseid har testa positivt for Covid-19. Smittesporing er avslutta og alle nærkontaktar er kontakta. 

30.08.21 EIT NYTT SMITTETILFELLE 
Ein nærkontakt av smitta 29.08.21 har fått påvist Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og smittsporing er ikkje naydsynt. 

29.08.21 NY SMITTE 
Fire personar busett i Kviteseid kommune har fått påvist Covid-19. Smittesporing er avslutta. Nærkontaktar er kontakta. Det er kjent smitteveg. Det er ikkje smitte eller nærkontaktar knytt til skule eller barnehage. 

21.08.21 NY SMITTA 
I samband med smitteutbrotet på Kvitsund gymnas er ein elev stadfesta smitta av Covid-19. Testing av nærkontaktar held fram i tråd med regelverket. 

17.08.21
Ein elev ved Kvitsund gymnas er stadfesta smitta av Covid-19. Elevar som er definert som nærkontaktar vil gjennomføre testing i staden for karantene, slik som nytt regelverk legg opp til. Eleven er ikkje busett i Kviteseid kommune. 

03.06.21
Alle prøver tatt i samband med smittetilfelle 01.06.21 er negative. Barnehagen i Brunkeberg er open for normal drift frå i morgon, fredag 04.06.21. 

01.06.21 NYTT SMITTETILFELLE I KVITESEID 
Ein person busett i Kviteseid kommune har fått påvist Covid-19. Smittesporing er sett i verk, og alle nærkontaktar vil bli kontakta. Som ei følgje av dette, er barn og tilsette i ei avdeling ved barnehagen ved Brunkeberg oppvekstsenter sett i ventekarantene. For den andre avdelinga i barnehagen og skulen i Brunkeberg er det normal drift. Heimar og tilsette får informasjon direkte.
Smitten sporast til Eiksenteret i Seljord. Alle busett i Kviteseid som var innom Eiksenteret tysdag 25. mai eller onsdag 26. mai skal ta kontakt med helsesenteret for å avtale testing. 

24.04.21
Den tilsette på Kviteseid omsorgssenter (KOS) som vart meldt smitta 22.04.21, har ved ny prøve testa negativt. Det er klart at det er feil resultat på den fyrste prøva. Ingen nærkontaktar eller andre er i karantene. 

22.04.21 NY SMITTE
Ein tilsett på Kviteseid omsorgssenter (KOS) har testa positivt for Covid-19. Vedkomande er ikkje busett i Kviteseid kommune. Smittesporing er sett i verk og alle nærkontaktar vil bli kontakta. Dette tilfellet har ikkje samanheng med tidlegare smittetilfelle på KOS. Minner om at KOS framleis er stengt for besøkande. 

21.04.21 
KOS er framleis stengt for besøkande med heimel i Smittevernloven §§ 4-1b og 4-1, femte ledd. Vedtak om stenging varer til og med 26.04.21. 

20.04.21
Det er ingen nye tilfelle av Covid-19 i Kviteseid kommune den siste veka. Kviteseid kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for handtering av pandemien. 

15.04.21
SMITTETILFELLE TO
Det er ikkje påvist fleire smitta og situasjonen er under kontroll. 

13.04.21
Vi har fått svar på ny prøve tatt av tilsett på KOS. Denne var negativ. Det vil seie at alle prøver tatt på KOS har kome tilbake og alle er negative. 

12.04.21
SMITTETILFELLE 1 - KVITESEID OMSORGSSENTER (KOS)
Vi har fått svar på alle prøvene tatt på KOS. Eit prøvesvar av ein tilsett gav ikkje sikkert svar, og det er tatt ny prøve. Alle andre prøvesvar var negative.
SMITTETILFELLE 2 
Det er registrert ein ny smitta. Personen var i karantene og det er ikkje behov for smittesporing. 

10.04.21 kl. 21:00 NYTT TILFELLE AV KORONASMITTE (SMITTETILFELLE 2) 
Ein person i Kviteseid kommune har fått påvist koronasmitte. Den smitta personen er satt i isolasjon. Smittesporing er avslutta og nærkontakter er satt i karantene. Denne smitta personen har ikkje noko med smittetilfelle på Kviteseid omsorgssenter (KOS) å gjere.

10.04.21 OPPDATERING OM SMITTE PÅ KOS
Den smitta bebuaren blir i dag flytt til isolat. Her er vedkomande heilt skjerma frå dei andre bebuarane. Den smitta har eige personell, som bare skal ha kontakt med den smitta. Dette for å skjerme alle andre bebuarar og tilsette best mogleg. Alle bebuarar og alle tilsette som har jobba sidan 3. april blir testa i dag, som ein ekstra sikkerheit. 

09.04.21
Kviteseid kommune fekk fredag kveld bekrefta at ein bebuar på KOS har fått påvist Covid-19. Bebuaren som er smitta var nærkontakt og allereie i karantene då smitta vart bekrefta. Pårørande er varsla. Alle andre testar til nå har vore negative. Besøksforbodet på KOS held fram. 

08.04.21
Om smittesituasjonen på KOS. Smittesporinga er avslutta, og resulterte i 10 personar i karantene. Vi ventar framleis på prøvesvar, men svara vi har motatt så langt er negative. KOS er framleis stengt for besøkande. 

07.04.21
Vi ventar framleis på prøvesvar. Dei som er i karantene vil bli testa på nytt 12.04 og blir derfor i karantene til og med 13.04. 

06.04.21
Fire personar er definert som nærkontaktar av personen som i går testa positivt for Covid-19. Desse er sett i karantene. Det er i tillegg fleire personar som er i ventekarantene fram til negativt testresultat ligg føre. Ein ventar prøvesvar i morgon, 07.04.21.

05.04.21 
Ein person som jobbar på Kviteseid omsorgssenter (KOS) har testa positivt for Covid-19. Vedkomande er ikkje busett i Kviteseid kommune. Smittesporing er sett i verk. Alle nærkontaktar vil bli kontakta og dette kan også gjelde besøkande på KOS. KOS er inn til vidare stengt for besøkande jf. smittevernloven §§ 4-1b og 4-1, femte ledd. 

27.01.21
Ein besøkande som oppheld seg på hytte i kommunen har testa positivt for Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og nærkontaktar er satt i karantene. 

08.01.21
OM TIDLEGARE MELDT SMITTE I KVITESEID KOMMUNE
I ettertid har det vist seg at personen i oppdateringa 05.01.21 som testa positivt for Korona, likevel ikkje var smitta. Det er kommuneoverlegen i samarbeid med FHI som stadfestar dette. Du kan lese meir om dette under. Smittesporing er avslutta.

Det er med glede eg i dag kan informere heile Kviteseid kommune om at den personen som vart meldt som koronapositiv viser seg å likevel ikkje ha vore smitta. Husstanden er ikkje lenger i karantene.
Av ulike årsakar vart det tatt ein ekstra test av den som var rapportert som smitta. Denne testen viste ingen spor av smitte. Eg konfererte straks med Folkehelseinstituttet då eg fekk dette overraskande svaret.
Alle prøver som er i bruk må kvalitetssikrast. De hugsar sikkert at det tok tid med testing av kvaliteten på hurtigtestar for Covid-19. Ein måtte vite både det som heiter sensitivitet og det som heiter spesifisitet. Det vil seie kor bra testen er til å oppdage alle som faktisk er sjuke og at testen berre oppdagar dei sjuke. Det ein ynskjer er sjølvsagt 100 % sensitivitet og 100 % spesifisitet på ei prøve, men slik er ikkje verda.  Vi må ha så bra resultat som mogleg, men kan ikkje alltid stole på at alle prøver er korrekte. Det er dette ein kallar «falske positive» og «falske negative» prøveresultat. Det er ikkje mange slike prøver, men dei eksisterer.
Vi stod difor i den situasjonen at enten hadde vi ein  innbyggjar i Kviteseid som anten hadde ei falsk positiv prøve eller ei falsk negativ prøve. Vi måtte ta ei prøve til. Svaret på den er nå kome. Prøva er negativ!
Vi har difor ikkje hatt ein smitta person i  Kviteseid kommune nå på nyåret. Vi har hatt ein person med ei falsk positiv prøve. Karantene til husstanden/nærkontaktar er oppheva. Det har vore eit svært godt samarbeid med alle involverte i denne saken. Eg takkar for det.

Helsing
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen
Kommuneoverlege

06.01.21
INGEN NYE SMITTETILFELLE 
Alle hustandsmedlemmer av smitta har testa negativt for Korona. 

05.01.21
EIN SMITTA I KVITESEID KOMMUNE
Ein person busett i Kviteseid kommune har testa positivt for Korona. Vedkomande er satt i isolasjon. Alle nærkontaktar er kontakta og satt i karantene. Nærkontaktar vil bli testa tysdag 05.01.21. Smitteveg er avklart. Den smitta blir følgt opp av helsevesenet.

03.11.20 Dersom Kviteseid kommune kjem i ein situasjon med eit smitteutbrot, vil det fortløpande bli lagt ut informasjon om utviklinga her. 

NYTT 09.02.22 Statusoppdateringar frå kommuneoverlegen

Veke 6
Det er fortsatt ingen store utbrot i Kviteseid kommune, men noko meir smitte enn i førre veke. Totalt er det om lag 40 som er smitta. Kommuneoverlegen vurderar risikonivået til nivå 1. Framover vil vi ikkje automatisk kome med statusoppdateringar kvar veke, men ved vesentlege endringar i smittesituasjonen i kommunen. 

Med helsing 
Kine Jordbakke, kommuneoverlege 
 

Veke 5 
Det er førebels ingen store utbrot i Kviteseid kommune. Det mesta av smitte kan sporast innafor familiar eller andre samankomstar. Totalt er det under 15 smitta i kommunen på nåverande tidspunkt. Kommuneoverlegen vurderer risikonivået til nivå 1.

Det er forventa mange smitta i tida framover. Men omikronvarianten er mildare enn tidlegare variantar, og dei som kan vera utsett for å få alvorleg sjukdom har fått tilbod om vaksine. Dei aller fleste har takka ja til både 1, 2 og 3 dosar, og vi har ein svært god vaksinasjonsgrad i kommunen. Dette gjeld også for institusjonane våre, og det er formidla frå nasjonale hald at det ikkje lengre er ein nullvisjon for smitte i institusjon. Det betyr at det ikkje treng å vere eit brot på smittevern dersom det kjem smitte inn på institusjon.

Det er stadig nye endringar i tiltak og restriksjonar. Nye tiltak er venta annonsert på pressekonferanse den 1. februar. Det vil i etterkant av dette komme ei oppsummering på heimesida over oppdatert informasjon over tiltak og reglar som vil gjelde framover. Det tek ofte nokre dagar å få oversikt over dei nye reglane. Det er venta at det meste av tiltaka vil trappast ned ganske raskt, og at vi endeleg kan sjå ein reell ende på desse to lange åra vi nå snart har bak oss.

Med helsing
Kine Jordbakke, kommuneoverlege

Veke 3 
Smitta i Kviteseid er under kontroll. Det totale talet på smitta er under 10. Utbrotet på Kvitsund gymnas ser ut til å vere på veg ned, og skulen har god kontroll på situasjonen. Kommuneoverlegen vurderer det totale risikonivået i Kviteseid til å vere på nivå 1. Som dei fleste sikkert har fått med seg, har det kome lempingar i koronareglane. Skulane og barnehagane er tilbake på grønt nivå. Framover skal regelmessig testing nyttast som verkemiddel dersom ein får ein del smitte i skulen, før ein vurderer å endre til gult eller raudt nivå i trafikklysmodellen. Regelmessig testing vil i ein slik situasjon kunne strekke seg over nokre veker utan at ein vurderer det slik at det er behov for å gå over til gult eller raudt nivå. Nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmar treng ikkje å vere i karantene viss dei testar seg på dag 3 og 5. Husstandsmedlemmer må fortsatt vere i karantene, men desse reglane vil truleg også endrast i nær framtid. Det er unnatak for dei husstandsmedlemmene som har fått 3 dosar med vaksine. Desse kan sleppe karantene, viss dei testar seg kvar dag i 7 dagar.

Me forventar ei auke i smitte i dei komande vekene. Dette vil truleg vere omikron-varianten. Omikron er mykje meir smittsam, men gjev mindre alvorleg sjukdom. Kommuneoverlegen håpar dette er starten på slutten.

Helsing 

Kine Jordbakke, kommuneoverlege 

Veke 2
Det er for tida eit smitteutbrot ved Kvitsund gymnas. Dette utbrotet er under kontroll, og nærkontaktar er sett i karantene. Det er slik at dei under 18 år er fritatt frå karantene så lenge dei ikkje er husstandsmedlemmer. Vi vil til trass for dette halde 3. klasse i karantene denne veka for å hindre eit altfor stort utbrot. Førebels ser denne strategien ut til å fungere greitt.
Når det gjeld den smitta tilsette på KOS, så har ikkje denne smitta spreidd seg vidare. Alle bebuarar og tilsette er nå ute av karantene. KOS skal ha skryt for å ha handsama smitta på ein utmerkt måte. Smittesporinga i Kviteseid fungerer godt,og me har fått  nok hurtigtestar. Testar skal brukast av dei med symptom og dei som er definert som nærkontaktar. Kommuneoverlegen vurderer risikonivået til å vere på nivå 1.
Helsing 
Kine Jordbakke
Kommuneoverlege

Veke 1
Det er for tida lite smitte i Kviteseid kommune, men som tidlegare informert om er det påvist smitte hos ein tilsett på KOS. Ved utvikling i denne saka vil det kome ny informasjon på heimesida og Facebook. Alle elevar i skulen og tilsette i skule og barnehage vart oppmoda til å teste seg før skulestart. Det blei avdekka ein smitta i samband med denne massetestinga. Kommuneoverlegen vurderer fortsatt risikonivået til å vere på nivå 1. Me må rekne med ei auke i smitta i tida framover. Me er godt rusta då me har høg vaksinasjonsdekning i kommunen. Det er viktig at du testar deg viss du får symptom, og blir heime viss du er sjuk. Hurtigtestar kan du få på legekontoret i Kviteseid på dagtid, og på legevakta i Seljord på kveld og helg.

Med helsing 

Kine Jordbakke,
Kommuneoverlege

Veke 52
Det er for tida lite smitte i Kviteseid kommune. Kommuneoverlegen vurderer risikonivået til å vere på nivå 1. Vi må rekne med ei auke i smitta i tida framover. Vi er godt rusta, då vi har ein høg vaksinasjonsdekning i kommunane. Det er viktig at du testar deg viss du får symptom, og blir heime viss du er sjuk. Hurtigtestar kan du få tak i på legekontoret i Kviteseid på dagtid, og på legevakta i Seljord på kveld og helg. Det er fortsatt slik at vi må rasjonere ut hurtigtestane. Det betyr at berre dei som har symptom, eller er nærkontaktar kan få hurtigtestar på legekontoret/legevakta. Dei som bare ynskjer å teste seg for å vere sikker, må kjøpe hurtigtest på apoteket.

Med helsing 
Kine Jordbakke
Kommuneoverlege 

Veke 51 
Det er ingen store smitteutbrot i Kviteseid kommune, men me har hatt ein auke i tilfelle den siste veka. Det er nokre tilfelle utan kjend smitteveg, men dei aller fleste kan me spore tilbake til kjend smitte. Me har ikkje lengre lokale karantenereglar, men fylgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane. Kommuneoverlegen vurderer risikonivået til å vere på risikonivå 1.

I førre veke kom det igjen strenge restriksjonar på samfunnet vårt. Det er forventa ein auke i smitte med den nye omikron varianten. Igjen skal andre nærkontaktar i karantene. Dei nye reglane får store konsekvensar for befolkninga i Kviteseid, og i resten av Noreg. Born under 18 år er unntatt smittekarantene så lenge smitta ikkje er i same husstand. Det betyr til dømes at ikkje heile grupper må i karantene viss det blir ein smitta i klassa eller barnehagegruppa. Det er viktig å forsøke å skåne born og unge så langt det lar seg gjere, og derfor er dette eit viktig unntak frå karantenereglane.

Me har høg vaksinasjonsgrad i Kviteseid. Det blir no også fleire og fleire som har fått dose 3. Alle som har fått dose 3 er unntatt karantene viss det er meir enn ei veke sidan dei fekk den tredje dosen. Viss du veit at det er meir enn fire og ein halv månad sidan du fekk dose 2., og ikkje har fått innkalling til ny vaksine, er det fint om du tek kontakt med helsesenteret. Lærar, barnehagetilsette og helsepersonell blir prioritera for 3. dose for å unngå sjukdom innanfor fleire av dei viktige samfunnsfunksjonane våre.

Noreg har som målsetting at alle over 18 år skal ha fått dose 3. innan utgangen av februar 2022.

Omikron smittar raskt, men ser førebels ut som om den ikkje gir alvorlegare sjukdom enn dei variantane me har hatt til no. Der er og indikasjonar på at dette er ein mildare variant, men det er for tidleg å konkludere på dette. Det me er redde for i tida framover er derfor kanskje ikkje at folk skal bli så alvorleg sjuke, men me må passe på at ikkje alle blir sjuke på ein gong. Viss for mange må vere heime fordi dei er sjuke, blir det vanskelig å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar. Det viktigaste me kan gjere for å unngå dette er å vaksinere oss og å vere heime når me er sjuke. Dersom du ikkje har starta vaksinasjonen mot korona, er det ikkje for seint. Ta kontakt med helsesenteret så får du ein time.

På vegne av beredskapsleiinga i Kviteseid ynskjer kommuneoverlegen i Seljord og Kviteseid å takke alle saman for at de held ut, og eg kryssar fingrane for at me får ei god og relativt smittefri jul.

Med helsing 

Kine Jordbakke, kommuneoverlege 

Veke 50
Det har ikkje vore nokre nye smitteutbrot i Kviteseid den siste veka, berre nokre enkelte smittetilfelle. Dei nye smitta er kjende nærkontaktar i same husstand. Kommuneoverlegen vurderer risikonivået til å vere på nivå 1. Vi har ikkje mottatt ny levering av hurtigtestar. Det betyr at vi fortsatt må passe på å bruke desse testane på rett indikasjon, altså unngå unødvendig bruk. Test deg viss du har fått beskjed om det, eller har symptom. Vi har begynt å vaksinere med 3. dose i gruppa 65-45 år. Det er viktig at du møter opp til timen du får tildelt. Med omikronviruset i omløp har det nasjonalt blitt innført strengare reglar for karantene på alle nærkontaktar. Set deg inn i dei nasjonale reglane: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/testing/tisk/?term=&h=1#spesifikke-tisktiltak-for-omikronvarianten

Helsing
Kine Jordbakke, kommuneoverlege
 

Oppdatering om Koronavirus

NYTT: 14.10.21 

Kviteseid kommune har bestemt at det vidare arbeidet med koronapandemien blir handsama i kommunen sin ordinære organisasjon.
Kommunen vil ikkje lengre varsle om eventuelle smittetilfelle når dei opptrer i liten skala. Vi vil heller ikkje informere om vekestatus  på vaksinasjon. 

Samfunnet er no i ein normalsituasjon, og reglar for karantene og testing har endra seg. Organisasjonen tek seg av tilfelle som oppstår, smittesporing, testing m.m. ut frå nye reglar. 

Er du interessert i oppdaterte tal om status på vaksinasjon og smitta, også i Kviteseid, finn du all informasjon på heimesidene til Statsforvaltaren, sjå lenke: https://fylkesmannen.maps.arcgis.com/apps/dashboards/0afb5b5e4a9746d5a16530f7bdd3bdad

  • Du kan lese meir om dei nye reglane hos Folkehelseinstituttet og kva du skal gjere ved symptom på luftvegsinfeksjon, sjå lenke til FHI 
  • Generelle smittvernråd for befolkninga, sjå lenke til FHI

NYTT 12.02.22 Informasjon om nasjonale tiltak

Her vil vi publiserer dei viktigaste nasjonale endringane. Merk at alt vil ikkje til ei kvar tid vera oppdatert. Vi viser til dato for innlegget og regjeringen.no eller FHI for fullstendig informasjon.

12.02.22 Endringar i smiteverntiltak som gjeld frå 12. februar 2022 kl. 10:00

Råd om smittevern

  • Ha god hand og hostehygiene
  • Følg vaksinasjonsprogrammet
  • Test deg ved symptom. Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom.
  • Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.
  • Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.

Råd til risikogrupper og uvaksinerte

  • Dersom du har risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte, må du sjølv vurdere risikoen for smitte og eigen risiko for alvorleg sjukdom mot behovet for kontakt med andre. Det gjeld også for dei som ikkje er vaksinerte. 
  • Om du har høg risiko for alvorleg sjukdom bør du rådføre deg med legen din om du bør skjerme deg i periodar med mykje smitte.
  • Sjå meir om risikogrupper for koronasjukdom på helsenoreg.no

Avstand og sosial kontakt

  • Det er ikkje lengre generelt råd om 1 meters avstand i samfunnet.
  • Dersom du har nyleg oppståtte luftvegssymptom, bør du halde avstand til andre, særleg til personar i risikogrupper.
  • Med eit høgt smittepress som no, bør grupper som framleis har auka risiko for alvorleg  sjukdom, avgrense talet på nærkontaktar.

Munnbind

Testing

  • Test deg ved symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unntatt. Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom.
  • Om du har luftvegssymptom som nyleg har oppstått bør du teste deg for koronasjukdom.
  • Om du ikkje har symptom og bur saman med nokon som er smitta, treng du ikkje teste deg.
  • Dersom du får positiv sjølvtest heime, bør du registrere dette i kommunen sitt system for å spore smitte. Ein positiv sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje bli vist i koronasertifikatet.
  • Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert, om du til dømes manglar oppfriskingsdose, bør du ta ny test på ein teststasjon og få stadfesta den positive sjølvtesten.
  • Det er ikkje naudsynt med stadfestande test for dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane.

Isolasjon

  • Dersom du blir smitta med korona er det ikkje lenger eit krav at du må isolere deg.
  • Har du fått stadfesta koronasmitte bør du halde deg heime i 4 døgn frå symptoma starta og til du har vore feberfri i eitt døgn. Hald avstand til andre i heimen og bruk munnbind.
  • Barn i skulealder og yngre, treng ikkje halde seg heime i fire døgn om dei vert smitta med korona. Desse barna treng berre halde seg heime dersom dei er sjuke, og dei kan gå på skulen eller i barnehagen når dei har vore utan feber i 24 timer.  

Smittesporing

  • Om du blir smitta med korona treng du ikkje lenger informere nærkontaktane dine om smitten.

Skular barnehagar og SFO

  • Skular barnehagar og SFO kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.
  • Det er ikkje lenger påbod om at drifta skal være smittevernfagleg forsvarleg etter covid-19-forskrifta. 

Universitet, høgskular og fagskular

  • Universitet, høgskular og fagskular kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.
  • Det er ikkje lenger påbod om at drifta skal være smittevernfagleg forsvarleg etter covid-19-forskrifta. 

Arbeidsliv

  • Arbeidslivet generelt kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.
  • Arbeidsgjevarar må sjølv vurdere kva behov dei har for å hindre smitte og gje retningsliner for sine tilsette. Det er viktig å leggje tilhøva til rette på arbeidsplassane slik at risikogrupper har naudsynt fleksibilitet.

Arrangement og samankomstar

  • Arrangørar kan ha normal drift som følgjer dei overordna råda om smittevern til befolkninga.
  • Det er ikkje lengre krav til arrangørar om storleiken på arrangement og samankomstar. Det er heller ikkje krav om å leggje til rette for avstand mellom deltakarar.
  • Det er ikkje lengre krav om at drifta skal være smittevernforsvarleg etter covid-19-forskrifta.

Smittevernforsvarleg drift 

  • Regjeringa opphevar krav til smittevernfagleg forsvarleg drift for å kunne halde opent for bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknadar, fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande.
  • Desse verksemdene kan ha normal drift som følgjer dei overordna råda om smittevern til befolkninga.

Inn og utreise

  • Regjeringa har oppheva forskriftsfesta krav ved reise inn til Noreg. No gjeld dei ordinære råda om smittevern, som til dømes å teste seg om ein har symptom.
  • Det er framleis ikkje ein normal tilstand i mange land. Fleire land har dei strenge restriksjonar og smitteverntiltak for dei som vil reise dit.  

Ved reise til og frå Svalbard gjeld framleis særlege krav

  • Det er framleis krav om test før avreise til Svalbard. Unntatt frå dette kravet er dei som kan dokumentere at dei er fastbuande på Svalbard eller at dei er fullvaksinerte eller har vore gjennom koronasjukdom. 
  • Alle som kjem til Svalbard framleis teste seg for covid-19 innan 24 timer etter at dei har kome fram.

02.02.22 
Regjeringa har, tysdag 1. februar, fatta vedtak om endringar i covid-19 tiltak. Alle endringane gjeld frå kl 23.00 tysdag 1. februar 2022. Du finn detaljert informasjon om endringane på regjeringa.no

Her er ei oversikt over endringane.

Barnehagar, skular og skulefritidsordningar ​ 
- Det er framleis krav om smittevernfaglig forsvarleg drift.
- Det betyr i praksis at skular og barnehagar går til grønt nivå. 

Høgare utdanningsinstitusjonar
- Det er framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
- Regjeringa anbefaler at høgskular, universitet og fagskular legg opp til at studentar kan vere fysisk til stades ved undervisning.
-Høgare utdanningsinstitusjonar treng ikkje følgje tilrådinga om 1 meters avstand ved undervisning.

Organisert idrett og fritidsaktivitetar
All organisert idrett og fritidsaktivitetar kan gjennomførast som normalt. ​

Arbeidsliv
- Regjeringa anbefaler at folk held 1 meter avstand til kvarandre
- Regjeringa anbefaler at arbeidsgjevar sjølv vurderer kor mykje bruk av heimekontor som er riktig for den enkelte arbeidsplassen. Ved ei slik vurdering bør arbeidsgjevar legge vekt på risiko for smitte på arbeidsplassen og kor sårbar verksemda er for eit høgt, samtidig sjukefråvær.
- Arbeidsgjevar bør ta omsyn til at det er mogleg å halde avstand på arbeidsplassen.

Serveringsstader
Det er ikkje lenger skjenkestopp for serveringsstader.
- Det er heller ikkje krav om bordservering.
- Serveringsstader skal legge til rette for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
- Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestane enn 1 meter, til dømes dansing.

Arrangement og samankomstar 
- Det er ingen avgrensingar på kor mange gjestar du kan ha heime, eller tal på deltakarar på private eller offentlege samankomstar.
- Det er framleis krav om smittvernfagleg forsvarleg drift (sjå under)
- 1-meterkravet gjeld ikkje for personar som sit på faste tilviste plassar.
- Det betyr at det er mogleg å fylle alle plassane i ein sal når alle i publikum sit på ein tilvist plass.

Testing, smitte og isolasjon
- Isoleringstida for deg som er smitta er no fire døgn.
- Du som er smitta, kan avslutte isoleringa etter fire døgn, dersom du har vore feberfri i minst 24 timar.
-Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære ein som er smitta har ikkje lengre plikt til å vere i smittekarantene
- Regjeringa anbefaler at du som bur saman med eller er tilsvarande nær ein som er smitta, tar ein sjølvtest kvar dag i fem dagar etter siste nærkontakt med den som er smitta.
- Viss du ikkje kan halde avstand til den som er smitta, anbefaler regjeringa at du testar deg kvar dag i isoleringsperioden og i tillegg fem dagar etter dette - til saman i ni dagar.
Utover dette er det berre dei som har symptom som bør teste seg.
- Regjeringa anbefaler at husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som er smitta brukar munnbind innandørs på offentlege stader. Du bør unngå store samankomster og arrangement i 10 døgn etter siste nærkontakt.
- I tillegg bør du følgje med på symptom under heile testperioden. Dersom du får symptom, bør du halde deg heime og ta ein sjølvtest.
- Barn i grunnskulealder eller yngre treng berre test ved symptom. Det gjeld òg når det er smitte i husstanden.

Smittesporing
 
- Dersom du er smitta, bør du sjølv informere nærkontaktane dine. Kommunen kan hjelpe deg ved behov.
- Du bør registrere positiv sjølvtest hos kommunen.
- Regjeringa anbefaler at du òg registrerer positiv test i appen Smittestopp.

Avstand og sosial kontakt
- Anbefalinga om 1 meter avstand til andre enn hustandsmedlemmar gjeld framleis.
- Anbefalinga om 1 meter avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule.
- Anbefalinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper.
- Regjeringa anbefaler framleis å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand til andre.

Munnbind
-
Det er påbode å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre i butikkar, på kjøpesenter, på serveringsstadar, på kollektivtransport, i taxi og på innandørs stasjonsområde.
-Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad eller på arrangement medan ein sit på ein fast tilvist plass.

Smittevernfagleg forsvarleg drift
- Smittevernfagleg forsvarleg drift betyr at verksemda skal sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære.
- Verksemda må ha rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
-Desse verksemdene skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, kortvarige marknader, underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande.

Vaksinasjon i Kviteseidhallen 28
Foto: Kviteseid kommune

NYTT 18.01.22 Vaksinasjon

18.01.22 Vaksinasjon av barn frå 5 år og oppover
Barn fødd i 2010 - 2016, og dei i 2017 som har fylt fem år, kan vaksinerast med 1. og 2. dose, dersom føresette ynskjer det.
Vaksine er mest aktuelt for: 

  • Barn med kroniske sjukdommar
  • Familiar kor barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse 
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller oppghalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Noreg
  • Barn som av andre årsakar lever i ein svært utsett situasjon 

For dei som vel vaksine, vurdere FHI at ei dose er det som gjev best nytte-ulempebalanse i denne aldersgruppa. 

Dersom ein skal gje 2. dose, er det ein fordel med eit langt intervall, meir enn 12 veker, for å minske risikoen for biverknader. 

Ynskjer du å vaksinere barnet ditt, ta kotakt med vaksinekoordinator Tone Heggtveit på tlf. 971 76 454. 

Veke 1
Godt nytt år!

I går vart 209 personar vaksinerte i Kviteseidhallen. Dei fleste for 3. gong, men også nokre fekk si 2. dose med vaksine. Me kjem dei neste vekene til å fortsette vaksineringa. Fyrste vaksinering til veka blir fredag 14. januar på helsestasjonen.

Her kjem litt informasjon:

Kven kan få oppfriskningsdose av koronavaksina?

Viss du er 18 år eller eldre, og det har gått minimum 20 veker sidan du fekk dose 2, kan du få ein oppfriskningsdose av koronavaksina.

Kva betyr det at intervallet må være minimum 20 veker?

Her er eit eksempel: Viss du fekk dose 2 i veke 34 i 2021, kan du få oppfriskningsdose frå veke 2 i 2022 og framover.

Usikker på når du fikk di 2. dose?

Logg inn på helsenorge.no. Der finn du oversikt over kva vaksiner du har tatt og når du tok dei.

Korleis kan ein bestille seg time til vaksinering?

Du kan bestille deg time ved å gå inn på linken: https://timebestilling.remin.no/kviteseid.

Dette gjeld også om du ønskjer å ta dose 1 eller dose 2. Dose 1 kan takast frå fylte 12 år og oppover, dose 2 kan takast frå 16 år og oppover.

OBS! Hvis du tidlegare har hatt anafylaksi (alvorlige allergiske reaksjoner) eller hatt behov for utvida observasjon, og må ha en lege tilstades når du får satt vaksina, må du bestille time på telefonnummer 971 76 454.

Hvis du er gravid anbefaler FHI at du tar vaksine frå same leverandør ved kvar koronavaksinering. Er du mann og under 30 år anbefalar FHI at du tek vaksina fra Pfizer BioNTech.

Med beste helsing

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

 

13.12.21 
Det har lenge vore «stille» frå vaksinasjonsfronten. Her kjem ei lita oppdatering:
Me har i haustvekene vaksinert på helsestasjonen, men i mykje mindre skala. Me trappar no opp, og torsdag 9. desember vaksinerte med 222 personar i Kviteseidhallen. Hovudsakeleg vaksinerte me personar som fekk si tredje dose med vaksine.
Me har omtrent gjeve alle over > 65 år tilbod om vaksine i kommunen. Me jobbar fortløpande med å få tak i dei resterande. I tillegg har me byrja å vaksinert personer mellom 18-44 år med underliggande medisinske tilstander som gjev høg risiko for alvorlig sjukdom av covid-19. Helsepersonell har også fått tilbod.
Har du fått SMS om at det er din tur til å få vaksine? Ver snill å gå inn på meldinga, og bestill timen din så raskt som råd. Ønskjer du ikkje å vaksinere deg? Gå då inn via same SMS og trykk nei på at du ikkje vil vaksinere deg, så slepp me å bruke unødig med tid for å purre på svar.
Har du ikkje fått SMS frå ReMin eller har spørsmål om timen din må du ringe oss på tlf.: 350 68 264 eller 971 76 454. Me oppmodar alle til å bidra til å hindre pandemien gjennom å vaksinere seg!

Neste veke vaksinerer med fredag 17. desember i Kviteseidhallen.

Med beste helsing                                     
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

26.10.21 
Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar kan bestille time
Innbyggjarar som allereie er anbefalt 3. dose av koronavaksina fordi dei har nedsatt immunforsvar, kan bestille time på tlf.: 350 68 264 eller 971 76 454, når dei har motteke brev frå spesialisthelsetenesta.
Les meir om 3. dose til deg med alvorleg svekka immunforvar ved å gå inn på denne linken:                                                                                                                                                           

Tilbyr 3. dose koronavaksine til personer med alvorlig immunsvikt - FHI

Info om 3. dose med koronavaksinen
Alle > 65 år får tilbod om 3. dose av koronavaksinen.

Målet med oppfriskningsdoser er å auke beskyttelsen mot alvorleg sjukdom, og gje forlenga og betre beskyttelse mot nye variantar av viruset.

Kviteseid kommune kjem til å tilby 3. dose til aldersgruppene > 65 år, så snart me er ferdige med influensavaksinering av målgruppene, det vil sei frå veke 46. Dei same aldersgruppene er i målgruppa for influensavaksine, og dei to vaksinene kan ein ikkje gje samtidig. Det skal gå minimun ei veke mellom influensa- og koronavaksina, og eit intervall på 6 månadar mellom andre og tredje dose av koronavaksina. Vaksineringa vil følgje same prioriteringsrekkefølge som ved fyrste dose, altså dei eldste og bebuarar på sjukeheim fyrst.

Rekkefølge blir følgande:

  • Bebuarar på sjukeheim og innbyggjarar > 85 år.
  • Innbyggjarar i aldersgruppa 75-84 år.
  • Innbyggjarar i aldersgruppa 65-74 år.   

Innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa vil få nærmare info om korleis ein gjeng fram for å bestille seg time for vaksinering.

Med beste helsing 
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering veke 34, 35 og 36: 
Her kjem info frå dei tre siste vekene når det gjeld vaksinering.

Hovudtrekk:

1.  Alle som skal få tilbod om vaksine har fått dette i kommunen.

2. Ved Kvitsund Gymnas har alle som ønskjer det vaksinert seg. 1. og 2. klasse har fått fyrste dose. 3. klasse er fullvaksinerte.

3. Elevane som gjeng i 7., 8., 9. og 10. klasse har fått tilbod om vaksinering. Me kjem til å vaksinere torsdag 16. september ved Kviteseid skule.

4. Me avviklar vaksinering i Kviteseidhallen, og flyttar denne til helsestasjonen.  

Vaksinasjon i veke 34, 35 og 36:

Onsdag 25. august vart 144 personar vaksinert. 21 personar fekk si fyrste vaksine, mens dei resterande vaksinene gjekk til personar som fekk si andre vaksine.

Onsdag 1.september vart 115 personar vaksinert. 32 personar fekk si fyrste vaksine, mens 83 personar fekk si andre andre dose, og er dermed fullvaksinert. Fredag 3. september vart 18 personar vaksinert ved helsestasjonen. 2 personar fekk si fyrste dose, mens dei resterande 16 vaksinene gjekk til personar som fekk si andre dose. 

Måndag 6. september vart 12 personar vaksinert ved helsestasjonen. 5 personar fekk si fyrste vaksine, og 7 personar fekk si andre vaksine. Onsdag 8. september vart 48 personar vaksinert. Vaksinene fordela seg slik: 21 pesonar fekk si fyrste, men dei resterande 27 vaksinene gjekk til personar som fekk si andre dose.

 Me avviklar no vaksineringa i Kviteseidhallen, då me vaksinerer i mindre omfang enn tidlegare. Ny plass blir helsestasjonen. Dei som har time til veka, vil fortløpande få beskjed om endring av oppmøtestad!

Dei siste vekene har me byrja å vaksinert 16-17 åringane som bur eller oppheld seg i kommunen. Me samarbeider med dei andre kommunane omkring oss, om korleis me på best måte kan tilby vaksine til den enkelte elev som studerar ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Torsdag 2. september vart det bestemt at alle 12-15 åringane i kommunen skal få tilbod om å bli vaksinert. Alle elevar det gjeld med førsette, har fått skrifteleg informasjon og tilbod om vaksine. Mykje nyttig informasjon ligg også ute på FHI sine sider. Vaksinasjon av denne aldersgruppa finn stad på Kviteseid skule torsdag 16. september. 

Me byrjar no så smått å sjå  «slutten» på vaksineringa for denne gong. Så for dei som enno er i tvil eller som ikkje har takka ja er det enno sjans for dette dei to neste vekene som kjem. Det er no svært viktig at folk møter til timen sin som er avtalt! Gje beskjed dersom du ikkje kan møte eller dersom du er vaksinert ein annan plass. Dette for å hindre svinn!

Med beste helsing                                                                                                                                                     

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering veke 33: 
Denne veka har me 138 vaksiner til rådighet. Desse fordelar seg slik: Onsdag 18. august sette me 120 vaksiner i Kviteseidhallen. I tillegg fekk 6 personar vaksine på helsestasjonen. Fredag 20. august kjem 12 personar å vaksinerar seg på helsestasjonen. Denne veka får 13 personar si fyrste vaksine, mens dei resterande 125 vaksinene gjeng til personar som skal ha si andre dose, og er dermed fullvaksinert.

Etter råd frå FHI har regjeringa no beslutta at alle fødd i årskulla 2004 og 2005 skal bli tilbydd vaksinasjon på lik linje med den øvrige befolkningen fødd i 2003 eller tidlegare. Dei som har fylt 16 år, og er helserettsleg myndige, kan samtykke til vaksinering sjølv. For dei som er fødd i 2005 og ikkje har fylt 16 år, må det foreligge samtykke frå båe føresette. Ungdomane vil bli tilbydd vaksine frå Pfizer. Intervallet mellom første og andre dose blir 8-12 veker hjå denne aldersgruppa. Sjå forøvrig: https://www.fhi.no/nyheter/2021/16-17-aringer-far-tilbud-om-koronavaksinasjon/

Elles har det kome nokre nye oppdateringar når det gjeld anbefaling til gravide og vaksinering.
Sjå: https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppdatert-vaksineanbefaling-for-gravide/

Neste veke mottek me 510 vaksiner. Me driv no å planlegg korleis me på best måte kan distribuere og nyttiggjere oss av desse. Me kjem til å fordele vaksinene utover i vekene som kjem. Tilbod til årskulla 2004 og 2005 vil skje fortløpande. Neste veke vaksinerer me onsdag 25. august i Kviteseidhallen.

Med beste helsing                                                                                                                                                      

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering i veke 32:
Måndag 9. august gjekk det ut melding til alle busette i Kviteseid med påminning om å vaksinere seg. Dette gjaldt hovudsakeleg dei som enno ikkje har takka ja til å vaksinere seg for fyrste gong. Det har vore stor pågang på telefon, og god respons. Fleire har nytta seg av ReMin for bestilling. Så stor takk til dykk innbyggjarar!
Me har no kome langt når det gjeld vaksinering, men det er likevel eit lite stykke før me er i mål. Det er fleire som ønskjer å bestille time for fyrstegongsvaksinering i oktober eller november. Ein har stor forståing for at det kan vera vanskeleg å ta stilling til om ein vil vaksinere seg heller ikkje, men det er ikkje så enkelt å få dette til, då det er no me har vaksiner. Me veit ikkje fram i tid kor mange vaksiner me kjem til å motta. Mest sannsynleg i mindre omfang, då ein ser at dei fleste i kommunen no har fått si fyrste vaksine. Ein kan vente, men det kan då ta lang tid før ein får vaksinert seg, grunna at me ikkje får tilgang på vaksiner.  
Denne veka klara me heller ikkje å koma heilt i mål med forventa resultat, då me denne veka også har for få armar å stikke. Det vart denne veka satt totalt 354 vaksiner. Ein reduksjon på 30 stk. frå forventa måloppnåing. Desse vaksinene sparar me til neste veke, då me då har mange som skal vaksinere seg for andre gong. Som dei andre kommunane omkring oss, kortar også Kviteseid ned på intervallet mellom fyrste og andre vaksine etter retningslinjer frå FHI. Me startar me dei som har venta lengst.     

Neste veke vaksinerer me onsdag 18. august i Kviteseidhallen. I tillegg fredag 20. august på helsestasjonen.

Med beste helsing                                                                                                                                                       
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering i veke 31: 
Førre veke vaksinerte me totalt 174 personar i Kviteseid. Me hadde forespeila å setje 264 vaksiner, men dette gjekk dessverre ikkje førre veke. Vaksinene fordela seg slik: 94 personar fekk si fyrste dose, mens 80 personar fekk si andre dose, og er dermed fullvaksinert. 

Denne veka har me som mål å setje 384 vaksiner, og me håpar me klarar det denne veka. Me har kapasitet, men me har rett og slett for få armar å stikke. Me treng difor hjelp frå dikkon!

Så dersom du enno ikkje har fått di fyrste vaksine ber me deg no bestille time! Det er no me har vaksiner tilgjengeleg! Me veit ikkje kor mange vaksiner me mottek framover i tid. Mest sannsynleg vil det ta lang tid før du vil få eit nytt tilbod om å vaksinere deg. OBS! Dette gjeld deg som ikkje har takka ja til vaksine. De som skal ha andre dose med vaksine vil få dette.  

Har du fått SMS om at det er din tur til å få vaksine? Ver snill å gå inn på meldinga, og bestill timen din så raskt som råd. Ønskjer du ikkje å vaksinere deg? Gå då inn via same SMS og trykk nei på at du ikkje vil vaksinere deg, så slepp me å bruke unødig med tid for å purre på svar.

Har du ikkje fått SMS frå ReMin eller har spørsmål om timen din må du ringe oss på tlf.: 350 68 264 eller 971 76 454. Me oppmodar alle til å bidra til å hindre pandemien gjennom å vaksinere seg!

Med beste helsing                                                                                                                                                       

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering i veke 30: 
I dag vart 218 personar vaksinert. 57 vart fullvaksinert, mens 161 personar fekk si fyrste vaksine.
Grunna auka tilgang på vaksiner ligg det no ledige timar til vaksinering tysdag 3. august ved helsestasjonen og onsdag 4. august i Kviteseidhallen. Dei som enno ikkje har fått si fyrste vaksine vil bli prioritert fyrst. Dersom du allereie har bestilt deg time, og ønskjer å framskynde denne kan du/de ta kontakt med u.t. enten via tlf. eller SMS på tlf. 350 68 264 eller 971 76 454.

 NB! Ein liten presisering frå sist veke er at alle som fyller 18 år i år (fødd i 2003) har no fått tilbod om vaksinering.

Neste veke mottek Kviteseid 192 vaksiner. Planen til veka er å setje 48 vaksiner på helsestasjonen fyrstkommande tysdag. Og 216 vaksiner i Kviteseidhallen onsdag 4. august. Totalt 264 vaksiner. Grunnen til dette er at Kviteseid har vore så heldige å overtatt 102 vaksiner frå Vinje.

Med beste helsing 
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering veke 29:
Denne veka mottok med 126 vaksiner. Desse fordela seg slik: Onsdag 21. juli sette me 120 vaksiner i Kviteseidhallen. 98 personar fekk si fyrste vaksine, mens 22 personar fekk si andre, og er dermed fullvaksinert. I tillegg kjem 6 personar fyrstkommande måndag til vaksinering på helsestasjonen. Her får 2 personar si fyrste vaksine, mens dei resterande vaksinene gjeng til dei som skal ha vaksine for andre gong.
Neste veke mottek med 390 vaksiner! I tillegg overtek/får me 100 vaksiner frå Vinje kommune. Dette er meir enn fyrst forespeila, men me er glade for det. Dette gjer at me får anledning til å vaksinere alle i Kviteseid. Me har no gjeve tilgang i ReMin til alle som er folkeregistert i kommunen.

Om du/de ikkje har mottatt SMS frå ReMin er de fint om du/de tek kontakt med meg. Dette gjeld også dersom du bur i kommunen, men ikkje er folkeregistert her. Tlf.: 350 68 264 eller 971 76 454, slik at eg får avtalt tidspunkt for vaksinering. (Eg er fullt tilbake frå ferie måndag 26. juli).

Grunna auka pågang av vaksiner kjem me no til å sjå på intervallet mellom dose 1 og 2. Me kjem nok  mest sannsynleg til å korte ned på dette. OBS! Det må gå minimum tre veker mellom vaksinene! Her kjem me mest sannsynleg til å prioritere studentar, dei som jobbar i utlandet, på anlegg eller offshore. Tilsette i barnehage og skule vil bli prioritert, då det er viktig at desse er fullvaksinert til barnehage- og skuleoppstart til hausten. Dei det gjeld kjem me til å ta kontakt med fortløpande.  
Dei vaksinene me mottek til veka kjem til å «posjonere» litt utover dei neste vekene, grunna ferieavvikling. Me merkar også at fleire av dei som får tilbod er bortreist på ferie. Etter planen kjem me til å vaksinere 216 personar fyrstkommande onsdag 28. juli. Nokre vil me i tillegg setje opp til vaksinering på helsestasjonen.

Ha ei flott helg! Nyt finveret!

Med beste helsing                                                                                                                                                        

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinering i veke 28: 
Onsdag 14. juli vaksinerte med 79 personar i Kviteseidhallen. 10 personar fekk si fyrste vaksine, mens dei resterande 69 vaksinene gjekk til dei som skulle ha si andre dose.
Me ser no at talet på vaksiner me mottek aukar i vekene framover. Dette er gode nyheiter!
Neste veke mottek me 126 vaksiner. Me har no kome til prioriteringsgruppe 10, det vil sei alle i alderen 18-24 år og 40-44 år.
Neste veke vaksinerer me onsdag 21. juli.

Ha ein fin dag!

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator 

Vaksinering i veke 27: 
Onsdag 7. juli fekk 13 personar si andre dose med vaksine, og 65 personar fekk si fyrste dose med vaksine. Totalt vaksinerte me 78 personar.
Det gjeng sakte framover, og neste veke mottek med 78 vaksiner (6 vaksiner meir enn forespeila sist veke). Dette gjer til at me får vaksinert 6 personar for fyrste gong. Dei resterende dosene gjeng til dei som skal ha si andre dose.
Me har dei to siste vekene bruka ReMin til innkalling til vaksinasjon, men også i forbindelse med registrering av vaksiner som er satt. Nokre har gjeve oss tilbakemelding om at dei ikkje kan finne vaksinene som er satt under www.helsenorge.no. Dette er sjekka opp og meldt inn til ReMin, og dei jobbar med saken. Vaksinasjonsdatoane det gjeld er 30. juni og 7. juli. Me vil gje nærmare beskjed når dette i orden.
Neste veke vaksinerer me onsdag 14. juli, og dei som er født i 1979 eller er eldre har no fått innkalling via sms.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator 

Vaksinering i veke 26:
Denne veka mottok me 102 vaksiner. Kun 3 personar fekk si andre dose, mens 93 fekk i dag fyrste dose. Dei resterende 6 vaksinene blir satt på helsestasjonen fyrstkommande fredag. Alle desse får vaksine for fyrste gong.
Denne veka har me så smått byrja å vaksinere dei tilsette ved barnehagane i Kviteseid. Me har valgt å prioritere dei grunna at dei har normal drift i heile sommar, og at reglar om avstand er vanskeleg å få til hjå dei minste.
Me får ein ytteeleggare reduksjon i mottak av vaksiner. Me mottek 78 vaksiner i veke 27, og 72 vaksiner i veke 28. Til veka er det 14 som skal få si andre dose, slik at 64 vil få si fyrste vaksine. I veke 28 har me kun vaksiner til dei som skal si andre dose.
Utanlandsstudentar og studentar i Noreg må ta kontakt for vaksinering, slik at me får planlagd dette. Utanlandsstudentar blir fullvaksinerte før avreise.
Andre studentar får tilbod om si fyrste vaksine før avreise tilbake til studiestaden sin. Etter planen skal dei få si andre vaksine på studiestaden, så derfor er det viktig å gje beskjed om når du dreg. Dette for at studiestad skal få tid på seg til å planlegge andre dose.
Neste veke vaksinerer me onsdag 7. juli. Me har no kome til dei prioriteringgruppe 9, det vil sei alle i alderen 45-54 år. Neste veke får dei som er  fødd i 1971 tilbod om vaksine.

 Med beste helsing

Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 25:
I dag vart det vaksinert 126 personar i Kviteseidhallen. Vaksinene fordela seg slik: 27 personar fekk si andre dose med vaksine, og er dermed fullvaksinert. 99 personar fekk si fyrste dose.
Til veka vaksinerer me onsdag 30. juni i Kviteseidhallen. Totalt mottek me 102 vaksiner. Altså ein liten reduksjon. 2 personar skal ha si andre dose, mens dei resterande vaksinene gjeng til dei som skal ha vaksine for fyrste gong.
Me har no tatt i bruk vaksinebestillingsprogrammet ReMin, slik at aktuelle kandidatar vil få ein SMS når det blir deira tur. NB! SMS-en du mottek har ReMin som avsendar, som sender på vegne av Kviteseid kommune. Me hadde litt tekniske problem i helga og i starten av veka, men dette er no retta opp. Alle som fekk SMS i helga kan følgje linken dei mottok for å booke time.
Programmet er enkelt. Du får ein SMS om at det nærmar seg din tur for vaksinering. Du følgjer linken, og fyller ut 6 steg vidare for registrering. Sjølv om du ikkje ønskjer å vaksinere deg er det viktig at du følgjer linken du mottek på SMS. Då kryssar du av at du ikkje vil ha vaksine. Då får me registert dette, og me slepp unødvendige telefonar og purringar.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator 

21.06.21 ReMin - Nytt system for innkalling til vaksinasjon 
I denne veka byrjar me å bruke programmet Remin,  slik at ein sjølv kan bestille seg time til vaksinering. OBS! Dette gjeld dei som fått ein SMS med eigen link til bestilling. Desse kan bestille seg time til vaksinering i fyrste omgang til onsdag 30. juni.
Til info fungerte ikkje denne linken optimalt i helga, då det visar seg at Kviteseid kommune ikkje ligg inne når ein skal velje kommune, og dermed er det ikkje mogleg å bestille nokon time heller. ReMin jobbar med å løyse saka, og me håpar det er i orden i løpet av dagen i dag.
De andre som ventar på dykkar tur, så kjem det no ein SMS, slik at de kan bestille time etter kvart. I veke 26 reknar me med at alle i prioriteringsgruppe 8, det vil sei alle i alderen 55-64 år, har fått tilbod om si fyrste dose med vaksine.
I veke 27 vil alle i alderen 45-55 år bli innkalla til vaksinering. Me startar med dei som er født i 1966, og jobbar oss nedover i aldersgruppene.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 24: 
I dag vart det satt 95 doser med vaksiner. Desse fordela seg slik: 49 personar fekk si andre dose, mens dei resterande 46 vaksinene gjekk til personar som fekk si fyrste dose i dag.
Fredag 18. juni kjem 6 personar til helsestasjonen for vaksinering. To personar får si fyrste dose, mens fire får si andre dose, og er dermed ferdig vaksinert.

Denne veka er me så og sei ferdige med prioriteringsgruppene 5, 6 og 7. Kun nokre få står igjen, og desse blir innkalla neste veke. Me forflyttar oss dermed ned til prioriteringsgruppe 8, det vil sei at alle i alderen 55-64 år no blir innkalla til vaksinering. Nokre har allereie fått telefon, mens andre kan vente seg ein telefon frå oss i løpet av dei nærmaste daganeJ Eg vil anslå at me kjem til å vera i prioriteringsgruppe 8 i om lag halvannan til to veker, før me gjeng ned til prioriteringsgruppe 9.

Neste veke mottek me til saman 126 vaksiner. 28 personar skal ha si andre dose, mens 98 personar får tilbod om si fyrste dose. Me vaksinerer onsdag 23. juni i Kviteseidhallen.

Me får mange telefonar om dagen frå fleire som meiner at dei er i ei prioritert gruppe eller skulle ha blitt annleis prioritert. Me følger Folkehelseinstituttet si prioritetsrekkefølje: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/#prioriteringsrekkefoelgeneige. Denne prioriteringsrekkefølja er me pliktig til å følgje. Dette gjeld alle kommunane i Noreg. Dersom du meiner at du er feilaktig prioritert rådar me deg til å kontakte fastlegen. Det er fastlegen din som gjer ein medisinsk og fagleg vurdering på korleis du som pasient skal bli prioritert.

Me får også ein del henvendelsar frå personar som ønskjer å laste ned eller skrive ut koronasertifikatet sitt. Dette gjer du enklast ved å gå inn på www.helsenorge.no. Du må logge deg inn via din BANKID. Deretter kan du skrive «koronasertifikat» i søkjefeltet. Følg deretter linken som kjem opp.

Med beste helsing                                                 
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 23:
I dag vart det sett 108 doser med vaksiner. 32 personar fekk si fyrste dose, og dei resterande gjekk til andre dose. Me set i tillegg 6 doser på helsestasjonen fyrstkommande fredag. Alle desse dosene gjeng til personar som skal få si fyrste vaksine.
Me er framleis i prioriteringsgruppe 5, 6 og 7, og vil nok vera her i 1-1,5 veke til. Neste veke får me tildelt 17 hetteglas, det vil sei totalt 102 stk. med vaksiner. Her gjeng 46 av vaksinene til dei som skal ha si andre dose. Dermed får 57 personar tilbod om si fyrste dose til veka! Neste veke vaksinerer med onsdag 16. juni i Kviteseidhallen.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Vaksinasjon i veke 22:
Denne veka vaksinerer me totalt 224 personar i Kviteseid.
Dosene fordelte/fordeler seg slik;
Onsdag 2. juni vaksinerte me 140 personar. 63 personar fekk si fyrste dose, mens dei resterande 77 dosene gjekk til personar som fekk si andre dose med vaksine.
Torsdag 3. juni sette med 78 doser med vaksiner. 7 personar fekk si fyrste dose med vaksine.
I tillegg får 6 personar fyrstkommande måndag sine vaksiner på helsestasjonen.

Neste veke får Kviteseid tildelt 114 doser med vaksiner. Framleis har me mange som skal ha si andre dose, men 24 personar får tilbod om å vaksinere seg for fyrste gong. Me vaksinerar onsdag 9. juni i Kviteseidhallen.

Me jobbar oss nedover i prioriteringsgruppene, og har kome oss ned til gruppe 5, 6 og 7, det vil sei  alle i alderen 18-64 år med underliggande sjukdommar.

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Vaksinasjonsstatus frå veke 19-21:
Her kjem informasjon frå dei tre siste vekene som har gått:

Veke 19: 
Onsdag 12. mai hadde me 72 vaksiner tilgjengeleg. 27 av vaksinene gjekk til personar som skulle få si fyrste dose med vaksine. Dei resterande vaksinene gjekk til dei som skulle ha si andre dose.

Veke 20: 
I veke 20 fekk me også 72 doser med vaksiner. Alle vaksinene, utanom ei vaksine, gjekk til dei som skulle ha si andre dose med vaksine.

Veke 21: 
Denne veka fekk med totalt 204 vaksiner. Auken kjem av at me har mange som skulle ha si andre dose med vaksine (gjeld både dei som har fått AstraZeneca og Pfizer). Dei aller fleste vaksinene gjekk til dette føremålet. I dag vaksinera med 198 personar. 12 personar fekk si fyrste dose i dag. Dei resterande 6 vaksinene blir satt fyrstkommande fredag på helsestasjonen.

Neste veke får Kviteseid 222 vaksiner. Dei fleste av vaksinene blir fordelt omtrent likt som denne veka, men i tillegg er me så heldige at me får gitt tilbod til 48 personar som skal ha si fyrste dose! Me er ganske sikre på at me innan slutten av neste veke er ferdig med alle i aldersgruppa 65-74 år, og at me frå veke 23 kan «forflytte» oss ned i neste prioriteringsgruppe. 

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Veke 18 (3.-7.mai)

I dag, 05.05, hadde vi 84 doser med vaksiner tilgjengeleg. Desse fordela seg slik: 44 stk. fekk si andre dose, og 38 stk. fekk si fyrste dose. Me held oss framleis i prioriteringsgruppe 4, og her vil vi nok framleis vera i nokre veker til, før vi flyttar oss ned i prioriteringsgruppe 5. Dette heng sjølvsagt saman med kor mange doser vi mottek dei neste vekene som kjem. Dei neste vekene er det mange som skal ha si andre dose, slik at det blir færre doser tilgjengeleg til dei som skal vaksinere seg for fyrste gong.

Neste veke får vi også ein reduksjon i talet på vaksiner med mottek. Me mottek 72 doser i veke 19. I veke 19 er det 46 som skal ha si 2. dose. Neste veke vaksinerer vi onsdag 12. mai.

Med beste helsing                                                                                                                                                        

Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Veke 17 (26.-30. april)
Onsdag 28. april sette me 102 doser med vaksiner frå Pfizer. Me er framleis i prioriteringsgruppe 4, det vil sei dei i aldersgruppa 65-74 år. Me har no kome til dei som er fødde i 1953. I tillegg blir helsepersonell og dei med kritisk høg risiko innkalla. 
Neste veke har me litt reduksjon i talet på vaksiner me mottek. Me får 84 doser totalt. 48 av desse dosene gjeng til personar som skal ha si andre dose med vaksine. 
Me driv også å planlegg korleis me skal løyse vaksineringa av dei som har fått fyrste dose med AstraZeneca. Folkehelseinstituttet (FHI) rår til at vaksina frå AstraZeneca-vaksinen skal takast ut av det norske koronavaksinasjonsprogrammet. Regjeringa ynskjer ei vurdering frå ei ekstern ekspertgruppe.
Uavhengig av ekspertgruppa si konklusjon, vil alle som til no har fått fyrste dose med AstraZeneca vaksina få tilbod om mRNA-vaksine ved vidare vaksinasjon. All vaksinasjon er friviljug, men sjølv om det er valfritt å ta vaksine, er det ikkje anledning til å velje kva slags vaksine ein vil ha.
Kommunen får ekstra doser med vaksiner for å dekke dette behovet, men me veit ikkje eksakt dato for mottak, slik at vaksinasjonsdagar er enno ikkje bestemt. Kommunen vil få nærare informasjon om dette. Me kjem me meir informasjon så fort me veit noko meir.

Med beste helsing                              

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Informasjon til deg som har fått AstraZeneca vaksine
Fredag 23.04.21 vart det bestemt at AstraZeneca blir tatt ut av det norske vaksinasjonsprogrammet. Dei som har fått fyrste dose med AstraZeneca skal få andre dose med ein m-RNA vaksine, altså enten Pfizer eller Moderna. Vaksina skal setjast i det same tidsintervall som den andre dosen med AstraZeneca skulle ha vore satt. Det er 209 personar som har fått AstraZeneca i Kviteseid kommune, og andre dose vil bli fordelt i eit intervall mellom 10-12 veker etter fyrste dose, slik anbefalingane er. Vedlagt ligg eit informasjonsbrev til deg som har fått ei dose med AstraZeneca vaksine. Dei dette gjeld vil få beskjed frå vaksinekoordinator når det er deiras tur.

Her kan du lese skriv frå FHI om saka. 

Med beste helsing

Kine Jordbakke og Tone M. Heggtveit

Veke 16 (19.-21. april)
I dag har vi satt 72 doser med vaksiner. 66 stk. fekk si fyrste dose med vaksine, medan 6 stk. fekk 2. dose, og dermed er ferdig vaksinert. Neste veke får Kviteseid 102 doser med vaksiner. 30 stk. skal ha si andre dose. Desse er allereie kalla inn til vaksinering. Dei resterande 72 dosene gjeng til nye mottakarar av vaksine. Vi har nå kome til dei som er født i 1951. I tillegg blir helsepersonell og dei med kritisk høg risiko innkalla. Aktuelle mottakarar av vaksine blir fortløpande kalla inn til vaksinering i Kviteseidhallen onsdag 28. april. 

Med beste helsing 
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator 

Veke 15 (12.-16. april)
I dag har me satt 1. dose til 85 nye innbyggjarar. Neste veke mottek me 72 doser. 6 av desse dosene gjeng til innbyggjarar som skal ha 2. dose. Dei resterande 66 dosene gjeng til innbyggjarar som skal ha vaksine for fyrste gong.
Me har no kome til dei som er fødd i 1949. I tillegg dei som er i risikogrupper i alderen 18-64 år. Aldersgruppa 65-74 år er ei stor og samansett gruppe, slik at det vil ta tid før me kan «forflytte» oss ned i neste prioriteringsgruppe.
I veke 17 har me enno ingen tal på kor mange doser me kjem til å motta. Det me veit er at me i denne veka har 30 stk. som skal ha si 2. dose med vaksine frå Pfizer.
Me er spente på kva som skjer med vaksina frå AstraZeneca, og følger med dagleg om det kjem nye opplysningar eller oppdateringar. Så fort me veit noko om vidare plan, kjem me til å ta kontakt med dei som har fått denne vaksina. Dette er totalt 209 stk.

Med beste helsing

Tone

Veke 14 (05.-09. april)
Torsdag 08.04 fekk 73 innbyggjarar i kommunen si fyrste dose med Pfizer. Neste veke kjem det ytterlegare 84 doser. Alle desse dosene gjeng til personar som skal vaksinere seg for fyrste gong.
Denne veka er me ferdige med alle over 74 år. Me held no på med personar i prioriteringsgruppe 4, det vil sei dei som er i alderen 65-74 år. I tillegg i risikogrupper i alderen 18-64 år.
Arbeidet tek sin tid, men det gjeng sakte og sikkert framover. Eg veit det er mange som ventar på vaksine, og eg kan opplyse om at kommunen ventar eit auka tal doser med vaksiner utover i april, mai og juni.
Til veka vaksinerar med onsdag 14. april, og fleire kan vente å få ein telefon frå meg i løpet av helga. 

Med beste helsing
Tone M. Heggtveit, vaksinekoordinator

Veke 12 og 13 (22. mars - 2. april)
I veke 12 fekk vi tildelt 30 Pfizer vaksiner og i veke 13 fekk vi tildelt 42 Pfizer vaksiner. Desse vaksinene er nå satt og vi er kome ned til personar som er født i 1945. Det vil seie at vi jobbar med vaksinering av dei som er eller blir 76 år i løpet av 2021. Når vi etter kvart blir ferdige med dei som er 75 år, skal vi starte på vaksinegruppe 4. Denne gruppa består både av alle dei mellom 65 og 74 år og av dei i aldersgruppa 18 - 64 år som har sjukdomar som gjer at dei er høgrisikopasientar.

Veke 11 (15.-19. mars)
Denne veka har vi fått 30 doser Pfizer vaksine. Dei er satt på 30 personar som fekk si fyrste vaksinedose. No er intervallet på doseringene endra på dei som får vaksinering heretter. Tidlegare skulle den andre dosa settast 3 veker etter fyrste dose, no er det 6 veker. Dette vil medføre at fleire får fyrste dose fortare.
Yngste vaksinemottakar i dag var 80 år gamal, født i -41. Vi arbeider oss nedover i aldersgruppene frå veke til veke.
Neste veke skal vi vaksinere 48 personar med Pfizer. Om vi skal bruke dei 11 AstraZeneca vaksinene vi har liggjande i kjøleskapet, veit vi ikkje noko om ennå. FHI, Helsedirektoratet og Legemiddelverket ser på saken i Noreg i tillegg til at Europeisk vaksinesenter og Verdens Helseorganisasjon (WHO) jobbar med saken saman med mange andre nasjonar. Eg er overbevist om at dersom vi får godkjenning for å starte opp igjen med AstraZeneca vaksine, så vil det vere når dei kan sei at den er den tryggaste og mest undersøkte vaksina av dei alle.

Med helsing
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen

Veke 10 (8. - 12. mars) 
I veke 10 var det 30 personar som fekk Pfizer si Covid-19 vaksine. Dei fleste av desse personane fekk dose nummer 2 og er dermed no fullvaksinerte. Det var nokre få nye som fekk si fyrste vaksine. Vi har kome ned til aldersgruppa 82 år på vaksinering av eldre.
I tillegg var det 99 personar som fekk AstraZeneca vaksine i veke 10. AstraZeneca vaksina vart satt onsdag 10.03.21, og denne vart gjeven til personar under 65 år.

AstraZeneca vaksina har vore ei vaksine som det har vore utfordringar for oss i helsevesenet å handtere på rett vis. Vaksina har gjennomgått grundige testar og er funne å ha like god effekt mot alvorlig Covid-19 sykdom, som dei andre vaksinene. Men den var ikkje testa på så mange eldre før den kom på den norske marknaden.  Vaksina vart difor fyrst godkjent for personar i aldersgruppa 18-64 år. Dei fyrste dosene vi fekk skulle brukast til helsepersonell. Deretter skulle andre personar under 65 år også få vaksina etter ulike kriteriar. På ettermiddagen tysdag 09.03.21 kom det melding om at vaksina no var godkjent for alle personar, uavhengig av alder. Vi hadde allereie kalla inn dei som skulle ha vaksine til onsdag 10.03.21, vi kunne ikkje gjere om på dei listene, det vart for mykje arbeid. Vi valte difor å halde på dei fyrst innkalla personane. Den 10.03.21 satte vi difor 99 AstraZeneca vaksinedoser på helsepersonell som arbeidar i Kviteseid og andre personar som bur i Kviteseid kommune. Vi hadde difor totalt vaksinert 209 personar med AstraZeneca vaksina (110 i veke 9 og 99 i veke 10) då vi fekk meldinga torsdag 11.03.21 om at all vaksinering med AstraZeneca skulle avventast inntil det var avklart om det var ein samanheng mellom AstraZeneca og nyleg meldte alvorlige sjukdomar hos vaksinerte personar. Det er snakk om friske personar under 50 år som har blitt sjuke i form av blodpropp og blødning. Er det biverknad eller er det tilfeldighet? Det spørsmålet er enno ikkje avklara. Vi har 11 vaksiner ståande i kjøleskapet på helsesenteret. Dersom det blir opna opp for å vaksinere med AstraZeneca vidare så vil desse dosene bli brukt før 05.04.21. Etter den datoen er dei for gamle og må kasserast.
Eg er sikker på at FHI, Helsedirektoratet og Legemiddelverket gjer ein grundig jobb med å avklare om vaksina er sikker eller ikkje. Inntil vidare er alle som har fått AstraZeneca vaksina, inkludert dei i Kviteseid, bedne om å være ekstra merksame på biverknader. Dei vanlege biverknadene for både Pfizer og AstraZeneca vaksinene er feber, hodepine, muskelverk og leddsmerte. Dette er ikkje noko å vere engstelege for, Paracet plar vere til god hjelp. Dei som derimot opplever kraftig hodepine, betydleg redusert allmenntilstand og blåmerker på huden dei fyrste 2 vekene etter vaksineringa, ynskjer vi skal kontakte lege/legevakt for å diskutere situasjonen og evt få tatt ein kontroll.

Det er viktig at vi held fram med vaksineringa slik at vi kan få til ei normalisering av samfunnet igjen.

Helsing Anne Ruth Syrtveit Mikalsen

Har du fått SMS om å lese informasjonsskriv frå kommunen? Du finn dette her. 

Veke 9 (1. - 5. mars)
110 personar  har fått fyrste dose AstraZeneca vaksine. Alle desse er 64 år eller yngre. Andre dose AstraZeneca vaksine får ein etter 9-12 veker. 41 personar har fått andre dose Pfizer vaksine og er fullvaksinert. 5 var helsepersonell, resten var innbyggjarar i aldersgruppa 81-95 år.

Veke 8 (22. - 26. februar)
I dag har vi vaksinert 43 personer med dose 2 av Pfizer vaksinen mot Covid-19. Ingen har fått starta opp ny vaksinering i dag.
Neste veke er det også fleire som får dose 2 av Pfizer vaksinen, ingen får starte på vaksinering den veka heller med Pfizer. I tillegg vil vi neste veke få 100 doser  med AstraZeneca vaksiner. AstraZeneca vaksinen er berre godkjent for personar som er 64 år eller yngre, og dei må heller ikkje ha nokon tilleggsrisiko/sykdom. Vi er ikkje ferdige med vaksinering av alle dei eldste innbyggjarane ennå, men på bakgrunn av vaksineleveransen må vi gå ned til yngre personar. Når vi får meir vaksine som kan brukes til eldre, så vil vi fortsette vaksineringa av dei eldste.

Veke 7 (15.-19. februar) 
Det er sett 42 doser denne veka. 23 personar fekk fyrste dose og 19 personar fekk andre dose. Desse 19 er dermed ferdigvaksinerte.
I Kviteseid kommune har totalt 162 personar starta på vaksinasjonsprogrammet mot Covid-19 viruset. Av desse 162 personane er 53 personar fullvaksinerte.
I veke 8 og veke 9 får vi tildelt 42 doser kvar veka. Dette vil berre dekke dei som skal ha dose nr 2. Vi planlegg difor ikkje at nokon nye personar får vaksine dei komande 2 vekene. 
Alle på KOS og alle i aldersgruppa 85 år og eldre har no fått starta på vaksineringa, eller fått tilbud om vaksine. 
Vi har starta å vaksinere nokre få personar i aldersgruppa 75-84 år. Dei fleste 84 åringar og nokre 83 åringer har fått starta vaksineprogrammet. Det er nokre få andre som og har fått vaksine, inkludert nokre på 80 år. Dette er folk som har vore i stand til å stille opp til vaksinasjon på kort varsel når ein person som skulle ha vaksina ein dag ikkje har kunne møte. 

Veke 5 og 6 (1.- 12. februar 21)
I veke 5 var vi på tre stader og vaksinerte. Vi var på Midtsundtoppen, på KOS og i Kviteseidhallen. Vi måtte fordele oss på torsdag 4/2-21 og fredag 5/2-21 for å få logestikken til å gå opp. 10 personar fekk si dose nr 2, og vart fullvaksinerte, og 44 personar fekk si fyrste vaksine.

I veke 6 var vi to stader for å vaksinere, KOS og Kviteseidhallen. Alle vaksinene vart gjevne torsdag 11/2-21. 13 personar fekk vaksine for 2. gong og 42 fekk vaksine for 1. gong. No har alle over 85 år i kommunen fått vaksine, eller fått tilbod om vaksine, fyrste gongen. Vi har starta med nokre få personar i aldersgruppa 75-84 år, men det vil ta tid før vi er ferdige med denne aldersgruppa, dersom vi ikkje skulle få tildelt større mengde vaksinedose frå Folkehelseinstituttet. Vi håpar på store mengder og har meldt ifrå at vi vil klare å ta hand om 400 vaksinedoser i veka, om vi skulle vere så heldige at vi får det tildelt.
Totalt er 34 personar ferdigvaksinerte og 104 personar har fått starta på vaksinering med fyrste dosen så langt. Neste veke får vi tildelt berre 42 dosar. Omlag halvparten vil gå til å ferdigvaksinere personar som fekk den fyrste vaksinedosa for tre veker sidan.

Veke 4 (25. - 29. januar 21) 
Vi fekk tildelt 30 vaksinedosar denne veka.
28/1-21 vart dei fyrste 11 innbyggjarane i Kviteseid fullvaksinert. I tillegg vart 19 tildelt si fyrste vaksine. Dette var 9 helsearbeidarar og 10 bebuarar på KOS og Midtsundtunet. No er alle som bur på KOS, og som ynskjer vaksine, fått starta på vaksineringa.
Oscar Hendriks var fyrste legen som fekk vaksine, sjå bilete.
Neste veke vil hovedfokuset vere dei 12 personane som skal ha si andre dose og dei som bur på Midtsundtoppen / Midtsundtunet og er over 85 år.

23.01.21 
07.01.21 vart 11 innbyggjarar i Kviteseid vaksinert. Alle bur på KOS. 
14.01.21 vart det sett 12 nye vaksiner. Desse vaksinene vart fordelt mellom 10 bebuarar på KOS og to helsearbeiderar. 
21.01.21 vart det sett totalt 12 nye vaksiner. Målet var å sette 18 vaksiner, men grunna tekniske problem, gjekk seks vaksiner tapt. Dei 12 vaksinene vi fekk satt, vart fordelt på tre helsearbeiderar, seks bebuarar på KOS og tre innbyggjarar i kommunen. Etter planen skulle vi vore ferdig på KOS i dag, og hadde derfor kalla inn nokre andre innbyggjarar i kommunen. Sidan vi mista seks av dosene, er vi ikkje ferdige med KOS ennå. Dei resterande beburarane på KOS som ynskjer vaksine, får den neste veke. Neste veke vil vi også starte med dose to på dei som fekk vaksine i fyrste veke. Helsing Anne Ruth Syrtveit Mikalsen

21.01.21 Er du usikker på om du ynskjer å ta vaksina? Vil du vite meir om dei ulike vaksinene? Les kva kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen skriv om vaksina og biverknader her. 

Veke 3 (18. - 22. januar 21)
Etter planen får Kviteseid kommune tre hetteglas med vaksine. Det betyr at i løpet av veka vil alle bebuarar på KOS som ynskjer vaksine, ha fått fyrste dose. 

Veke 2 (11. - 15. januar 21)
Denne veka blei det vaksinert 12 personar. 10 av desse var bebuarar på KOS, medan 2 var helsepersonell. 

09.01.21 
Torsdag 7. januar 2021 var historisk i Kviteseid. Då vart den fyrste Covid-19 vaksina sett i kommunen. Det var Inga Sandland som fekk fyrste vaksina kl 11:45.
Det var ei stor ære for oss i vaksinasjonsteamet å få vere med på dette arbeidet. Vi har førebudd oss i mange månadar med tankar kring vaksinering, og intensiv førebuing i konkrete vaksineplanar dei siste vekene.

Vi har fått tildelt 10 vaksinar denne fyrste veka. Ein kan klare å trekke ut 5-6 dosar av eit hetteglas berekna til 5 vaksinedosar. Vi har no vaksinert 11 av bebuarane på KOS denne fyrste veka. Neste veke fortsett vi med vaksinering av bebuarane på KOS. Vi får tildelt 10 dosar då også. Vi håpar vi klarar å vaksinere 12 personar med desse 10 dosene.

Neste veke skal vi også starte vaksinering av helsearbeidarar som står i fare for å bli smitta i kontakt med pasientar på arbeid, og vaksinering av helsearbeidarar som har kritiske funksjonar i helsevesenet i kommunen. Vi har lov til å bruke 20% av vaksinedosene vi får tildelt på helsepersonell. Det betyr at vi neste veke vaksinerar 2 helsearbeidarar i kommunen og 8-10 bebuarar på KOS. Det er strenge kriterier for val av kven desse personane skal vere. Vi jobbar nå med den prioriteringa. Prioriteringslista for fordeling av dei fyrste 24 vaksinedosene til Helsepersonell er føretatt mellom einingar og yrkesgrupper, men det er ikkje bestemt kven desse personane er ennå. Det arbeidet må gjerast i løpet av dei fyrste dagane av neste veke.
 

Helsing

Bjørn Nordskog, ordførar
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, kommuneoverlege

17.12.20
Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Det vil seie at du vil få tilbod om vaksine i kommunen du bur i, sjølv om du har fastlege i ein annan kommune. Noreg vil få tilgang på fleire ulike typar vaksine, men det er ennå usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksinene og kan tilby dei til anbefalte grupper. 

Kommunen planlegg nå gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli lagt ut på denne sida, etter kvart som den er klar. 

Det er per i dag ikkje naudsynt å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste for vaksine. Dersom du er prioritert, og når det blir din tur, vil det kome informasjon om kva du skal gjere for å få tilgang til vaksine. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Koronaviruset gjev infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har einskilde andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.  

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gjeve følgjande prioritering. Dei øveste er prioritert fyrst:

  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personar 18–64 år med ein eller fleire nærare spesifiserte sjukdommar som dei har frå før. 

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan endre seg dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg. 

Her kan du lese meir om koronavaksine i Noreg. 

Film: Slik blir koronavaksiner godkjent. 

Oversikt over prioriterte grupper i Kviteseid kommune 

Informasjonsskriv til bebuarar på KOS - tilbod om vaksinasjon 

Informasjon, vedtak og råd frå beredskapsleiing, kommuneoverlege og kommunestyret

07.05.21
Kviteseid kommune vil tilrå at uvaksinera ikkje gjennomfører unødvendige reiser, besøk og tilstellingar til/ frå Skien og Porsgrunn kommune.
Smittesituasjonen i Skien og Porsgrunn er uoversiktleg og aukande. Risikonivået i desse to kommunane er høvesvis på 4 og 3. I FHI sine smittetall er det nå i Skien 388 smitta pr. hundretusen innbyggjar (siste 14 dagar). Til samanlikning er same tal i Oslo 233.

Ein blir bekymra når ein veit det er mange frå Kviteseid som reiser til Skien og Porsgrunn. Nasjonale råd er at uvaksinera skal unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå område med høgt smittepress. Helsereiser/ sjukehustime og reiser til arbeids- og studiestad kan ein regne som ei nødvendig reise. Dei som jobbar i nemnde kommunar anbefalast heimekontor om mogeleg.

Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør ein utsetje eller avlyse.

Vidare minner kommuneoverlegen om at alle framleis bør avgrense sosial kontakt. Dei nasjonale retningslinene er å halde minst ein meter avstand og framleis god handhygiene. Får du sympton på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime og du bør ta ein test om det er mistanke om smitte frå koronaviruset.

NYTT 10.02.22 Informasjon om testing, karantene og isolasjon

10.02.22 Utdeling av hurtigtestar 

Dersom du har symptom på Covid-19 eller er husstandsmedlem med ein smitta kan du hente hurtigtest. 

Frå fredag 11.02.22 kan du hente hurtigtest på: 
-Joker i Vrådal
-Coop i Morgedal
-"Sekskanten" i Kviteseid sentrum 

26.01.22 Frå og med 26. januar vil karanteneplikt for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære, bli erstatta med testing.

Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast med:

  • dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
  • Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære som ikkje kan halde avstand til den smittede i isolasjonsperioden kan erstatte smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i den smittedes isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjelder også barn.  
  • I tillegg til testregime er det anbefala å bruke munnbind innandørs på offentleg stad og unngå store samankomster og arrangementer i 10 døgn etter nærkontakten. Anbefaling om å bruke munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, barn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
  • Følg med på eventuelle symptomar i heile perioden.
  • Ved symptomar skal ein helde seg heime og teste seg.
  • Dei nye reglane vil frå dei trer i kraft også gjelde for dei som er i karantene på det aktuelle tidspunktet. Det betyr at testregime også gjeld for dei.
  • Personar som ikkje følger testregimet må være i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidlegast 7 døgn etter siste nærkontakt.
  • Personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månadane er unntatt frå smittekarantene. I tillegg vidarefører ein dei særskilte unntaka som gjeld for bl.a. personell i kritiske samfunnsfunksjonar.

Sjølvregistrering av positiv hurtigtest i Remin

Du må no sjølv registrere positivt hurtigtest i e-helseverktøyet  Remin

Endring i rutinar for PCR test

Personar som har tatt tre vaksinedoser (oppfriskingsdose/"boosterdose"), eller som har to vaksinedoser og gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste tre månadane, treng ikkje ta PCR test etter positiv hurtigtest.

Er du i tvil om du treng å ta PCR test, til dømes i forhold til koronapass, ta kontakt med Kviteseid legekontor. 

07.12.21
Du kan hente hurigtest på legekontoret på vekedagar mellom kl. 08:15 – 15:00, telefon: 35 06 82 50. Eller på legevakta som er open til 23:00 kvar dag, telefon: 35 05 00 05. 

Du kan hente hurtigtest dersom:
-Du har symptom på Korona
-Du er nærkontakt til ein som er smitta 

04.12.21 
Noreg har avgrensa tilgang på hurtigtestar, og dette verkar også inn på kor mange testar vi får til Kviteseid. Vi har alle eit ansvar for å passe på at vi ikkje går tomme i kommunen. Derfor er det viktig at du held reglane for utlevering av test.

Det er to indikasjonar på at du skal teste deg:

  • Du har symptom på korona
  • Du er nærkontakt eller har fått beskjed av helsemyndigheitene i kommunen om å teste deg

Det er ingen grunn til å teste seg fleire gonger enn du har fått beskjed om. Følg nasjonale og lokale retningslinjer.

Reglane for kven som skal teste seg er:

  • Alle husstandsmedlemmer til ein med positiv Covid-19 test, skal teste seg med ein gong, og vere i karantene til negativt svar ligg føre. Dette kan gjerast med hurtigtest eller PCR.
  • Vaksne husstandsmedlemmar som ikkje held seg heime, testar seg dagleg i sju dagar etter siste eksponeringsdag (siste dag ein har vore utsatt for smitte). Dette er uavhengig av vaksinasjonsstatus.
  • Andre nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmar skal teste seg med ein gong dei får beskjed om at dei er nærkontakt, og være særskilt merksam på symptom dei neste 10 dagane. Det er ikkje behov for nye testar i denne gruppa viss ikkje dei får symptom.

Takk for at du bidreg til ein god handtering av pandemien i kommunen vår! 

Demonstrasjon av korleis du gjennomfører ein hurtigtest finn du her.

Helsing

Kine Jordbakke
Kommuneoverlege

08.10.21 Du kan hente hurtigtestar for sjølvtesting ved ingangen til legekontoret mellom kl. 08:00 - 15:30 på alle kvardagar. Om du testar positivt på hurtigtest, er det viktig at du kontaktar legekontoret for PCR-test. 

Legekontoret gjennomfører testing kvar vekedag frå kl. 11:00.
Du må avtale time på førehand, og oppgje kvifor du ynskjer å bli testa.
Ring legekontoret på tlf. 350 68 250 for å bestille time.

Du bør be om testing dersom: 
- du har akutt luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
- du kan ha blitt smitta med covid-19, anten som nærkontakt eller etter
reise i raudt eller gult land dei siste 10 dagane.

Lurar du på korleis du skal bruke munnbind? Les meir om dette her.

Lurar du på om du skal vera heime frå jobb eller skule og om du treng å teste deg? Klikk her. 

Lurar du på om barnet ditt kan i barnehagen eller skule? Klikk her. 

NYTT 19.01.22 Barnehage, skule og kulturskule

19.01.22
Nye karantenreglar og rutinar ved smitte i skule og barnehage kan du lese her. Brevet er sendt til alle heimane i Visma. 

14.01.22 
Frå måndag 17. januar er skular og barnehagar tilbake på grønt nivå. Du kan lese brevet til heimane om dette  her.  PDF document ODT document

29.12.21
Etter nyttår er det nasjonalt bestemt at grunnskular skal halde fram på gult nivå, slik som før ferien.

Nasjonale helsemyndigheiter anbefaler at alle tilsette og elevar testar seg før dei kjem tilbake til skulen. Vi ber derfor om at alle elevar blir testa med hurtigtest heime anten måndagskveld, eller tysdagsmorgon, før SFO/skule. Dersom testen er positiv, ta kontakt med legekontoret.

Du kan anten bruke ein test du sjølv har tilgjengeleg, eller du kan hente ein test til eleven/elevane som skal testast på kommunehuset torsdag 30.12 kl. 09:00-14:00, fredag 31.12 kl. 09:00-12:00 eller måndag 03.01 kl. 09:00-14:00.

Vi takkar på førehand for samarbeidet, og ynskjer fortsatt god ferie!

Med helsing
Beredskapsleiinga

08.12.21 
Regjeringa har bestemt at skule og barnehage igjen skal følgje trafikklysmodellen. Alle er på grønt nivå, om ikkje anna blir bestemt lokalt. Alle skular og barnehagar i Kviteseid er på grønt nivå. Det er kommuneoverlegen som avgjer kva for nivå skulen/barnehagen skal følgje. 
Grønt nivå i barnehagen: Kvardagen er som normalt for barna. Kontaktreduserande tiltak for dei tilsette.
Barneskulen: Kvardagen er som normalt for barna. Kontaktreduserande tiltak for dei tilsette.
Ungdomskulen: Elevane blir oppmoda til å unngå handhelsing og klemming. Kontaktreduserande tiltak for dei tilsette. 

30.11.21 KVITESEID SKULE Informasjon sendt til heimane kring smittesituasjonen 

26.11.21 SKULE OG BARNEHAGE  Informasjon om handsaming av smitte i skule og barnehage  PDF document ODT document

03.09.21 SKULE OG BARNEHAGE  Informasjon om testregimet PDF document ODT document  
                                                           Til deg som tek sjølvtest PDF document ODT document

17.08.21 SKULE OG BARNEHAGE Informasjon til føresette ved oppstart 

07.06.21 BARNEHAGE Beredskapsplan for barnehagen er revidert, og du kan lese den her. 

27.05.21 SKULE OG BARNEHAGE Frå i dag er skule og barnehage på GRØNT nivå i trafikklysmodellen. Du kan lese brevet til foreldre og føresette her. 

15.04.21 SKULE Beredskapsplanen for skule er revidert i tråd med endringar i smittevernrettleiaren. I det høve blei det sendt eit brev til foreldre, som du kan lese her. 

19.01.21 SKULE Frå onsdag 20.01.21 er det nasjonale vedtaket om raudt nivå på ungdomskulen oppheva. Ungdomsskulen i Kviteseid går derfor tilbake til gult nivå, slik det var før joleferien. 

04.01.21 SKULE Brev til heimane om skulekvardagen framover - raudt nivå for ungdomsskulen 

04.01.21 KULTURSKULEN Det vil ikkje blir fysisk undervisning i kulturskulen i fyrste omgang fram til 18.01.21. Alle elevar/heimar vil bli kontakta i løpet av veke 1. 

04.01.21 SKULEN I tråd med nasjonale føringar, vil ungdomsskulen gå over til raudt nivå tysdag 05.01.21. Heimane vil få meir beskjed frå skulen kring dette i løpet av dagen, 04.01.21. På raudt nivå skal også alle elevar møte på skulen, men det kan vera nokre mindre unnatak. Dette vil i så fall heimane og elevane få beskjed om. Barneskulen (1.-7. trinn) og barnehagane held fram på gult nivå. Det vil seie at det er same smittevernreglar som før joleferien. Vi minner om å halde eleven/barnet heime ved sjukdom og god handhygiene. 

15.12.20 Kontinuitetsplan for skule og barnehage under Covid 19 - pandemien 

19.11.20 Brev til foreldre og føresette i skule og barnehage 

13.11.20 Retningslinjer frå Vestfold og Telemark fylkeskommune kring skuleskyss

01.09.20 Brev til foreldre med barn over 10 år om sjukdom og korona PDF document ODT document

01.09.20   Brev til foreldre med barn under 10 år om sjukdom og korona PDF document ODT document

27.08.20 Informasjon frå fylkeskommunen om skyss og smittevern 

17.08.20 Rutinar ved levering og henting i barnehagen på "gult nivå"

11.08.20 Her finn du informasjonsbrev til føresette ved skulestart om smittevern. PDF document ODT document  

Skular og barnehagar skal følge ein trafikklysmodell (grønt, gult og raudt nivå) med tanke på grad av smitteverntiltak. Ved oppstart av barnehage- og skuleåret 2020-2021, skal alle barnehagar og skular i Noreg vera på gult nivå. Du kan lese meir om dette i smittervernrettleiarane, som det er lenkja opp til under. 

Her kan du lese smittevernrettleiaren for barnehagen 
Her kan de lese smittevernrettleiaren for 1.-7. trinn
Her kan du lese smittevernrettleiaren for 8.-13. trinn 

Vy har laga rutiner for smittevern på skulebussene. Du kan lese dei her. 

NYTT 26.01.22 Kviteseid omsorgssenter (KOS)

26.01.22
Reglar for besøkande på KOS

På grunna v aukande smitte i kommunen, ynskjer vi på KOS, at besøkande er ekstra varsame.

  1. Ikkje kom dersom du er sjuk/har symptom.
  2. Om du har smitte i husstanden, ber vi om at du ventar med å kome på besøk, til det ikkje lenger er smitte i husstanden.
  3. Når du kjem til KOS: Hugs å sprite hender, ta på munnbind og registrer deg på lista ved inngangen.
  4. Hald minst 1 meter avstand.
  5. Besøkande skal ikkje opphalde seg i fellesareal, berre på pasienten/brukaren sitt rom.
  6. OBS: Om du utviklar symptom/får positiv covid test innan 2 dagar etter besøk, oppmodar vi deg til å kontakte avdelinga og informerer. Slik kan vi ta førehandsreglar og følge avdelinga sine prosedyrer for nærkontakt med smitte.
    Definisjon nærkontakt: Under 2 meter avstand i meir enn 15 minuttar.

Takk for forståinga! 

03.01.22
Me har i dag fått beskjed om at ein av dei tilsette som var på jobb på KOS i helga har testa positivt på Covid-19. Førebels er det berre på hurtigtest, men me handsamar dette som eit positivt tilfelle medan me ventar på svar på PCR-testen. Me har kartlagt pasientane (og vaksinestatus) som den smitta har vore til, og dei pårørande til dei aktuelle vil bli kontakta. Det er sett i verk tiltak for å skjerme dei som er eksponert for smitte frå resten av bebuarane. Dei som er eksponert vil bli behandla som nærkontaktar, og bli satt i karantene fram til sundag 9. januar. Dei vil då bli testa med hurtigtest for å kome ut av karantene. Alle bebuarane dette gjeld er fullvaksinera, og dei fleste har fått 3. booster-dose. Dersom situasjonen endrar seg, vil det kome ny informasjon. Pårørande vil få beskjed direkte. 

16.12.21
Informasjon til besøkande på KOS: 

-Ikkje kom dersom du er sjuk/har symptom
-Registrer deg på lista ved inngangen 
-Bruk munnbind
-Hald 1 meters avstand
-Sprit hender når du kjem/reiser

01.12.21 Smittevernråd for besøkande på KOS 

15.10.21 Informasjon om nedtrapping av smitteverntiltak ved KOS

Besøksrestriksjonane er nå oppheva. Det er endeleg lov å klemme igjen!
Dørene er opna, ein treng ikkje ringe før ein skal på besøk og det er heller ikkje restriksjoner på tal på besøkande.

Vi vil informere om at generelle smittevernsråd forstatt er gjeldande: 
- God handhygiene, før og etter besøk. Det vil fortsatt stå handdesinfeksjonssprit ved inngangane. 
-Besøksregistrering foregår ved at besøkande skriv seg i ei bok som ligg ved hovudinngangen. Det er valfritt å registrere seg, men dette vil lette arbeidet ved ei eventuell smittesporing. 
- Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.