Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder 2021
Kviteseid kommune har gjennom Kommunal og moderniseringsdepartementet fått tildelt kr. 573 000 til ei kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder.
PRIORITERING AV SØKNADER
Kviteseid kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging. Verksemder innanfor reiseliv-, arrangemnets- og servicenæringane, vinterdestinasjonar og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar vil bli prioritert.
Ein tek atterhald om ev. endringar i samband med politisk handsaming.
REGELVERK FOR BEHANDLING
Søknadene vert handsama i tråd med EØS-regelverket om offentlig støtte. Tilskotet vert gjeve som “bagatellmessig støtte” , noko som inneber at verksemda ikkje kan ha mottatt offentlig tilskot på over 200 000 euro i løpet av ein periode på 3 år.
NETTSØKNAD
Søknad utføras på www.regionalforvaltning.no med ei beskriving av kva for konsekvens pandemisituasjonen har hatt for verksemda og på kva for måtar ein har komen utanfor dei statlege kompensasjonsordningane. Ein må synleggjere tal på permitterte og omsetningssvikt i forhold til 2019. I tillegg skal ein opplyse om det er mottatt offentleg støtte tidlegare.
SØKNADSFRIST
Søknadsfrist 18. mai 2021
Dersom det er meir midlar tilgjengeleg er siste søknadsfrist 20.08.21
UTBETALING AV TILSKOTET
Tilskotet vert i hovudsak utbetalt etterskotsvis etter rapportering og dokumentasjon av utgifter.
KONTAKTINFORMASJON
For ytterlegare informasjon og vegleiing kan søkjarar kontakte:
Kviteseid kommune
elisabeth.lid@kviteseid.kommune.no