Dokumentet Kommunal planstrategi skal klargjere kva planoppgåver kommunen skal prioritere for å legge til rette for ønskja utvikling i kommunen. Kommunal planstrategi er retningsgivande for prioritering av planoppgåvene.
Kommunal planstrategi er ikkje ein plan med mål og strategiar, men ein plan for planlegging dei neste tre-fire åra. Sentrale utviklingstrekk og utfordringar bør likevel drøftast for å kunne vurdere planbehovet. Kommunal planstrategi er og eit egna verktøy for å vurdere plansystem, planressursar og samla planbehov i kommunen.
Det er likevel resultatet av tiltak som følgje av planane som viser om vi har lykkast eller ikkje. Det er viktig at vi prioriterer tiltak som gjer at vi når målet.
Frist for innspel er 5.november 2024.