Psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane. Psykologane rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff dei også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologane har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 13 A. Dei disponerer kontor på helsesentra i dei andre kommunane og arbeider etter behov derfrå. 

Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen.