LEDIG STILLING
Me har ledig 1 års vikariat ved fellestenestene frå august 2023
Konsulent 100 % stilling vikariat
Vår konsulent ved fellestenestene skal ha barn og skal difor ut i permisjon.
Fellestenestene er ein støtteeining som rapporterer direkte til kommunedirektøren og består av sentralbord, arkiv og økonomi med totalt 3 årsverk. Arbeidsstaden din blir kommunehuset og der er du i fellesskap med vel 20 medarbeidarar i kommunen som jobbar med ulike oppgåver. Du blir del av ei eining med godt arbeidsmiljø og du vil få varierte arbeidsoppgåver.
Stillinga er eit vikariat for 1 år, men gjer du ein god jobb kan det opna døra til andre jobbar i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Fakturering
- Fakturamottak
- Bokføring
- Postmottak og arkivering
- Sentralbord
- Andre oppgåver som ligg til fellestenestene
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innanfor rekneskap/økonomi
- God IT-kunnskap
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig og strukturert
- Løysings- og serviceorientert
- Evne til å tileigne og ta på seg nye arbeidsoppgåver
- Service innstilt og positiv
Me tilbyr:
- Løn etter tariff
- Godt arbeidsmiljø
- God offentleg tenestepensjon
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju
Spørsmål kan rettast til økonomisjef Tore Åsland på tlf. 35 06 81 41 / 95 72 33 48.
Søknadsfrist: 19.juni 2023