Kulturmidlar

Lag, grupper og einskildpersonar kan søkje om tilskot til kulturføremål. Årsrekneskap og årsmelding skal ligge ved søknaden. Elektornisk søknadsskjema finn de nederst på sida under "skjema". Kommunestyret har sett av faste årlege tilskot. Utover dette er ca. kr. 195 000 søkbare midlar. Tildelinga vil etter planen skje i formannskapsmøtet i april eller mai. Tildelinga til idrett er delegert i sin heilskap til Kviteseid idrettsråd.

Søknadsfristen er 15. mars kvart år.

For meir informasjon: tlf. 35 06 81 00 eller epost.
Kontaktperson: Elisabeth Lid

 

Spelemidlar

Idrettslag kan søkje om tilskott for å byggje eit idrettsanlegg eller for å rehabilitere eller innrede eit eksisterande idrettsanlegg. Eit anlegg kan vere alt frå ein klatrevegg til ein alpinbakke.
 
Borettslag og samskipnader kan òg søkje om tilskott til å utvikle eit nærmiljøanlegg, som er eit utendørsområde for egenorganisert fysisk aktivitet. Til dømes ein trimpark eller ein ballbinge.
 
Reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, hugsar, sklier, vippar, klatrehus osb.) fell utanfor ordninga. Personleg utstyr og forbruksmateriell (ballar, racketar osb.) er heller ikkje tilskuddsberettiget.
 
Merk: For 2019 vil det kome nye føresegner og søknadsrunden vil fyrst bli opna 15. september.

Målgruppe
Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av blant anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål.
Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeninger og borettslag.

Vilkår
Anlegget må vere ope for publikumet.
Eigarskapet skal ikkje vere basert på forteneste.
Kulturdepartementet har utforma retningslinjene for kven som kan søkje og korleis å søkje.

Skal du søkje om tilskott til eit idrettsanlegg, må du følgje retningslinjene i kapittel 2 i Avgjerder om tilskott til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018.
Skal du søkje om tilskott til utvikling av eit nærmiljøanlegg, må du følgje retningslinjene i kapittel 3 i Avgjerder om tilskott til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018.

Brosjyrer
Kommunal planlegging for idrett og fysisk aktivitet
Anleggsregisteret.no

Lovar og retningsliner
Forvaltningsloven
Søknadsskjemaer

Søknadsprosessen
Rettleiing:
Kontakt oss for å registrere anlegget i anleggsregisteret
Vi gjer ei vurdering og fører det eventuelt opp i kommuneplanen
No kan du sende inn søknaden (www.anleggsregisteret.no)
Vi gjennomgår og kontrollerer søknaden, og oversender til fylkeskommunen, innan 15. januar
Fylkeskommunane gjennomgår og handsamar søknadene, innan 15. mars
Kulturdepartementet fordeler spelemidlar til fylkeskommunane, innan 15. mai
Fylket løyver eller avslår søknader, og sendar svar til søkaren, som regel innan 1. juli.
Søkarar som får tilskott, ferdigstiller anlegget og reviderer sluttrekneskapen før det vert tilsendt inn utbetaling av tilskott.

Skjema
Søknad om tilskudd til idrettsanlegg

Høve til å klage
Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.

For meir informasjon: tlf. 35 06 81 00 eller epost.
​Kontaktperson: Elisabeth Lid

Andre: Stiftingar, legat og fond

Det er fleire eksterne stader ein kan søke midlar. Kviteseid kommune abonnerer på Tilskuddsportalen kor alle lag og foreiningar kan få tilgang. Eksempel på dei vanligaste stiftingane/fonda:
Gjensidigestiftelsen
Sparebankstiftelsenen DNB
Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør
Telemark fylkeskommune

For meir informasjon: tlf. 35 06 81 00 eller e-post
Kontaktperson: Elisabeth Lid