Om lag 30 % av elevane i grunnskulen går på kulturskulen. Mange av desse deltek på fleire tilbod. I tillegg har nokre elevar over grunnskulealder, og ”Fargeband” for vaksne med særskilte behov, tilbod i kulturskulen.

Kulturskulen er arbeidsgjevar for dirigent og juniordirigent for Kviteseid Hornmusikk, der aspirantar og juniorar får undervisning på fleire ulike korpsinstrument.

Kontakt Kviteseid hornmusikk direkte for spørsmål om korps.

Du finn søknadsskjema til kulturskulen under "skjema" lenger ned på denne sida. Alle elevar må søke på/stadfeste tilbodet dei ynskjer komande skuleår kvart år. Det er kontinuerleg opptak, dersom det er ledig kapasitet. 

Tilbod i kulturskulen

Faste tilbod:

Piano
Gitar (akustisk og elektrisk)
Bass
Slagverk
Hardingfele
Fiolin (i samarbeid med Seljord kulturskule)
Vokal (helst med eit akkordinstrument i tillegg)
Band
Dans, grupper
Trekkspel
Korpsintrumenter (i samarbeid med Kviteseid Hornmusikk)

Frå tid til annan held kulturskulen meir kortvarige kurs/prosjekt. Slike opplegg blir kunngjort særskilt.

Den individuelle instrumentalopplæringa er på 30 min. kvar veke. Gruppetime varar 45-90 min. Banda har 60 min. Undervisning er frå kl 14 og utover ettermiddagen/kvelden. 

Elevane plikter å møte førebudd og til avtalt tid. Dersom ein er forhindra frå å møte, må ein seie ifrå i god tid.

Tilsette og telefonnummer

Martin Krause, Gitar, bassgitar, band, slagverk, fargeband  
Tlf. 908 04 519

Eli Taugbøl, rektor, hardingfele / ”intro-musikk”.
Tlf. 996 47 076

Aneesh Asokh, dans, freestyle
Tlf. 469 42 363

Milen Peev, vokal, gitar, piano, samspel og garageband
Tlf. 934 35 858

Korps:

Merethe Reinskås, Dirigent Kviteseid Hornmusikk.
Tlf. 911 74 789

Vitaliy Pukish, dirigent / instrumentlærar korps.
Tlf. 973 41 464

Målgruppe og vilkår for opptak

Målgruppe

Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule

Vaksne får plass om det er ledig.

Kriterium/vilkår

Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å ta imot eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven.

Prioriteringa ved opptak er:
1. Elevar som har plass frå før.
2. Elevar frå grunnskulen
3. Elevar frå vidaregående skule
4. Vaksne
Om det ikkje er plass, vert søkjaren sett på venteliste.

Pris

Prisar og rabattar for kulturskulen finn dykk under "Kommunale avgifter".

Faktura blir sendt ut to gonger per år - vår og haust.

Kulturskulen har nokre fiolinar til leige (kr 400- per år). Utanom dette er det vanleg at elevane nyttar eigne instrument.