Kommunen er sertifisera etter hovudkontormodellen. Det betyr at det nå er kommunehuset og aktivitetane der som er Miljøtårnsertifisera. Vidare framdrift er å sertifisere dei ulike einingane slik at heile kommunens verksemd er Miljøfyrtårnsertifisert.
Kva betyr det å vera Miljøfyrtårn? Først fremst betyr det at ein har fokus på klima, miljø og HMS og arbeider aktivt med dette for å bli betre innan desse temaene. Gjennom Miljøfyrtårn får ein tilgang til ein del hjelpemiddel som ein kan bruke for å gå gjennom aktivitetane ein gjer og korleis ein kan arbeide meir effektivt og med fokus på bærekraft.
Les gjerne meir om Miljøfyrtårn her.