LEDIG STILLING 

Ved Kviteseid skule  er følgjande stilling ledig:

Årsvikariat som lærar inntil 100 % ved Kviteseid skule for skuleåret 2024-2025

 

Arbeidsoppgåver: 

-Undervise i høve til LK20

-Gje god tilrettelagt undervisning til elevar på ulike faglege nivå

-Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap

-Bidra til eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar: 

-Godkjent pedagogisk utdanning

-Variert undervisningserfaring

-God fagleg og didaktisk kompetanse

-Gjerne utdanning for mellom-/ungdomstrinn

-Gjerne spesialpedagogisk utdanning

 

Personlege eigenskapar: 

-Du er ein tydeleg og varm vaksen, som ser alle elevar

-Du har fokus på god kvalitet og høgt læringsutbytte hos elevane

-Du har god relasjonskompetanse

-Du bidreg med faglege innspel og ei positiv innstilling i arbeidet

-Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar

-Du er løysingsorientert og har gode samarbeidsevner

-Du er omstillingsdyktig og motivert for fagleg utvikling

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til rektor Odd-Arne Thorbjørnsen på mobil 90839469.

         

Søknadsfrist:  04.08.24