Brunkeberg barnehage lyser etter fagarbeidar/assistent i 100% X 2 faste stillingar frå 15.08.2025. Vi skal auke frå 2 til 3 avdelingar og treng då meir bemanning frå nytt barnehageår 2025-2026.
Vi er ein barnehage som sett barna i fokus. Vi har natur og skogen som nærmeste nabo. Vi er mykje ute og brukar naturen rundt oss så mykje vi kan.
Barnehagens visjon : Aktive barn – aktive vaksne, naturen er vår gullgruve……
Vi søkjer etter deg som er raus og varm med barna samtidig som du kan bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver:
- Fylgje opp gruppa og enkeltbarn
- Leggje til rette og ta initiativ til ulike aktivitetar og vera ein støttespelar for barna i kvardagen
- Samarbeide med kollegar og føresette om barna
- Bidra aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
Ynskje om Fagarbeidar utdanning
Personlege eigenskapar:
- Positiv, raus, varm og mild
- Gode faglege kunnskapar og interesse for pedagogisk arbeid
- God til å samarbeide med kollegaer, barn og heimar
- Løysningsorientert og fleksibel
- Engasjert og leiken i samspel med barn
- Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til Styrar ved Brunkeberg barnehage Anne Helen Berge Tlf: 35055340 / 91153737
Søknadsfrist: 15.02.2025