LEDIG STILLING 

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig: 

Helsefagarbeidar, 55% vikariat ledig frå d.d – 01.08.25, med moglegheit for forlenging. 

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v. 

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar, brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
  • Interesse for faget og utvikling av dette
  • God digital kompetanse
  • Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar: 

  • Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig 
  • Halde seg fagleg oppdatert

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no) 

 

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. 

Spørsmål kan rettast til avdelingsleiar Helene Stensrud på tlf. 90 21 37 57

 

 

Søknadsfrist: 13.10.2024