Har du stort samfunnsengasjement og spesiell interesse for arbeid med ungdom?
Likar du å testa ut nye måtar å jobba på, er uredd og framoverlent? Då kan du væra vår nye kollega!
Ledig stilling som ungdomskontakt 50%, prosjekt for 2 år (moglegheit for fast tilsetjing)
Ungdomskontakten er i det daglige ein sjølvstendig samarbeidspartnar til mellom anna skular, fritidsarrangement, politi og frivillige organisasjonar der ungdom er med. Hensikta med stillinga er førebyggande arbeid mot rus. Stillinga er organisert under kommunedirektør. Ungdomskontakten og skal jobba tett saman med SLT koordinator og med rus- og psykiatri.
Arbeidsoppgåver:
* Relasjons- og tillitsskapande kontaktetablering
* Oppsøkande sosialt arbeid
* Gje råd, støtte og rettleiing
* Individuell oppfylging
* Samarbeid med andre for å sikra heilskapelege tenester
* Registrering og dokumentasjon
* Utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar:
* Relevant utdanning, kan vere fagarbeidar, bachelorgrad innan relevant område. Lang relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
* Ønskeleg med relevant vidareutdanning
* Ønskeleg med erfaring frå rusførebyggjande arbeid med ungdom
* Fordel med erfaring frå oppsøkjande arbeid
* Ønskeleg med prosjekterfaring
* Beherska norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaper:
* Trygg og sjølvstendig
* Gode samarbeidsevner og eit ynskje om å væra pådrivar i det førebyggjande arbeidet
* Bevisst eigne haldningar
* Nyfiken og villig til å tenkja nytt om arbeidsmetodar, då ungdomsmiljøa er i stadig endring
* Ansvarsfull, strukturert og tydeleg
* Mot til å stå i tøffe situasjonar
Personleg eignethet vektleggast.
Godkjent politiattest må leggjast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Du kan søkje på stillinga frå denne linken: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821
Me tilbyr:
* Ein spanande ny stilling med moglegheit for fast tilsetjing
* Løn etter avtale
* Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Kontaktperson: Laila Thorsen, kommunedirektør tlf 995 35719
SØKNADSFRIST: 19. april 2023
Om Kviteseid kommune:
Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark og har knapt 2 500 innbyggjarar. Kommunen har flott natur og eit allsidig turisttilbod, både sommar og vinter. I tillegg til eit aktivt jordbruk er det ulike former for næringsverksemd, mellom anna med over 50 kompetansearbeidsplassar i Vest-Telemark næringspark. Kommunen legg til rette for bustadbygging og næringsutvikling. Kviteseid ligg sentralt langs E134 med kort veg til vest, øst og sør Noreg.
Kommunen har to oppvekstsenter, idrettshall og kunstgrasbane. Kommuneadministrasjonen held til i Kviteseidbyen.