Ledig stilling som helsefagarbeidar/ sjukepleiarstudent/assistent 8 x 15-20 % fast helgestilling ved Kviteseid omsorgssenter

Er du ei omsorgsfull sjel som vil gjera ein forskjell? Ynskjer du ein meiningsfull helgejobb der din innsats skaper smil, tryggleik og livskvalitet? Då er dette moglegheita du har venta på!
Grunna styrka grunnbemanning og omlegging av turnus leiter me nå etter nye helgeheltar.
Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig:
Helsefagarbeidar, sjukepleiarstudent, assistent, 8 x15-20% fast helgestilling, ledig frå d.d.
Stillingane er i turnus, med arbeid i hovudsak kvar 3. helg.
KOS er ein sjukeheim med totalt 30 plassar. Her vil du møte ei variert pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå.
KOS er ein arbeidsplass der menneskje står i sentrum. Hjå oss jobbar me for å gje kvar enkelt pasient ein god kvardag, prega av respekt, varme og fagleg kvalitet.
Arbeidsoppgåver:
- Pleie- og omsorgsoppgåver til pasientar med ulike behov
- Medverke til god livskvalitet for den enkelte
- Tverrfagleg samarbeid
- Observere og dokumentere
Kvalifikasjonar:
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Fagarbeidarar må ha autorisasjon
- Interesse for faget
- God digital kompetanse
- Søkjar må vera over 18 år
Personlege eigenskapar:
- Du tek ansvar og medverkar aktivt til å finne gode løysingar i fellesskap med kollegar
- Du har interesse for å tileigne deg ny kunnskap
- Du likar å arbeide med menneskje og skape gode relasjonar
- Du er strukturert, ryddig og tek initiativ
- Du er positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:
- Årsturnus
- Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved helse- og sosialfagleg grunnutdanning
- Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar følgjer særskilt lønsstige
- Fagleg og personleg utvikling
- Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
- Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Sist oppdatert