
Stasjonsleiar 20% stilling
Kviteseid kommune, brannavdelinga har ledig stilling som stasjonsleiar. Som stasjonsleiar har ein ansvaret for den daglege drifta av det lokale brannvesenet, men må også kunne ta del i andre oppgåver.
LEDIG STILLING
Ved Kviteseid brannvesen er følgjande stilling ledig:
Stasjonsleiar, 20 % , rask tilsetjing frå og 01.07.2025.
Arbeidsoppgaver:
Stillinga vil i hovudsak bli tillagt beredskapsoppgåver, men også førebyggande arbeid som informasjon og kurs/opplæring. Stasjonsleiar skal mellom anna syte for drift av brannstasjon, vedlikehald av bilar og utstyr, internkontroll og legge til rette for øvingar og anna opplæring for brannmannskapet.
Kvalifisering:
- Teknisk/mekanisk bakgrunn
- Grunnkurs brannkonstabel og grunnkurs leiarutdanning trinn 1.
- Sertifikat klasse C med tilleggskode 160 (utrykkingskøyring)
- Ha erfaring frå brannvern og/eller anna redningsteneste
Personelle egenskaper:
- Kunne bestå helsekrav og fysisk test til røykdykker.
- Ha en plettfri vandel.
- Ha bustad innanfor ei oppmøtetid på 5 minutt frå brannstasjonen i Kviteseid
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
- Vere strukturert, ryddig og fleksibel.
- Generelle datakunnskaper.
- God skriftleg og munnleg framstilling på norsk
Andre forbeholder seg:
- Det kan vere aktuelt å tilsetje søkjar utan ynskjeleg formell kompetanse, men då må søkjar vere villig til å ta naudsynt utdanning ved Norges brannskule og evt. sertifikat klasse C og utrykkingskøyring.
Vi tilbyr:
- Godt fungerende brannstasjon, godt arbeidsmiljø, fleksibel arbeidstid og lønn etter avtale.
- Kviteseid kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
- Brannvesenet har moderne utstyr og godt kvalifiserte og utdanna brannkonstablar.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Arbeidstakar må disponere eigen bil i tenesta. Lønn etter gjeldende tariffavtaler.
Som stasjonsleiar har ein eit godt og tett samarbeid med Vest-Telemark brann og redning.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju / Attestar og vitnemål må leggast ved den elektroniske søknaden.
Sist oppdatert