Helsefagarbeidar 60,8 % fast nattstilling ved heimetenestene

Heimetenesta samla rundt ein bil

Er du ein nattevandrar med varme hender, kaldt hovud og godt grep om rattet?
Då er det kanskje nettopp deg vi ser etter!

Ved Eining for omsorg og meistring – heimetenestene har vi ledig ei
fast 60,8 % nattstilling som helsefagarbeidar frå 01.09.2025,
med arbeid kvar 3. helg og turnus etter 35,5 t/v.

Om stillinga

Hos oss får du meir enn berre ein jobb – du blir ein del av eit arbeidsmiljø med mykje humor, høg kompetanse og fokus på fagleg utvikling.
Vi har årsturnus, som betyr at du får vere med å påverke turnusen din i stor grad og planlegge kvardagen din i god tid.

Kva du faktisk skal gjere:

  • Yte helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med lovverk og kvalitetskrav
  • Vere med på fagutvikling, både i praksis og gjennom simulering
  • Rettleie og støtte lærlingar, studentar, brukarar og pårørande
  • Samarbeide tverrfagleg for best mogleg tenestetilbod

Fagutvikling hjå oss:

  • Vi har eige samarbeid med Simulering Vest Telemark og brukar simuleringar aktivt i fagleg oppdatering
  • Du får tilgang til eige øvingsrom og deltek i praktisk trening gjennom året
  • Vi tilbyr internundervisning og refleksjonar – fordi kvalitet kjem av kontinuerleg læring
  • Hos oss står fagleg styrke og kollegastøtte hand i hand

Vi ser for oss at du:

  • Har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Brenn for faget og ynskjer utvikling
  • Er trygg på IKT og dokumentasjon
  • Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg
  • Har førarkort klasse B – og køyrer trygt gjennom både regn, snø og mørke

Og kanskje aller viktigast:

  • Du trivst med å jobbe på natt, og har godt humør sjølv i dei stille timane
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har god dømmekraft og likar å jobbe sjølvstendig
  • Du held deg fagleg oppdatert – og veit at det ikkje er flaut å spørje
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Hos oss får du ein arbeidskvardag med variasjon, fagleg utvikling og rom for medverknad.

Du blir ein del av eit stabilt og triveleg team som står saman – både i ruskevêr og på vaktrom.

Søk då vel – vi har plass i bilen, i turnusen og på øvingsrommet!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?