Ledig stilling som rektor ved Kviteseid skule

Kantina Kviteseid skule

Vil du vere med å forme framtida til elevar og tilsette ved Kviteseid skule? Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor som vil leie ein samla grunnskule i hjarta av Vest-Telemark.

Om kommunen og skulen

Kviteseid kommune ligg mellom fjord og fjell, og har vakker natur, eit godt tenestetilbod og sterke fagmiljø. Kommunen har eit breitt interkommunalt samarbeid og gode oppvekstvilkår.

Kviteseid skule er ein 1.–10.-skule med rundt 200 elevar. Skulebygget vart modernisert i 2019 og er godt tilpassa krava i ny læreplan. Skulen har ei god leiing med avdelingsleiarar og SFO-leiar, og eit kompetent kollegium som jobbar for eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

Arbeidsoppgåver

Som rektor har du det overordna ansvaret for:

- leie skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak
- vidareutvikle ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane og eit profesjonsfellesskap for dei tilsette
- forvalte skulen sine totale ressursar slik at ein sikrar god undervisning og læring
- ha økonomi-, fag- og personalansvar
- vidareutvikle det pedagogiske arbeidet

- nytte forskingsbasert kunnskap og skape engasjement om felles mål

- Skulehelseteneste og helsestasjon

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav er fastsett i Opplæringslova § 9-1

Me treng ein tydeleg, løysingsorientert og fleksibel rektor som har:

  • evne å samle laget og bidra til godt og trygt arbeidsmiljø
  • god forståing for god økonomistyring, gjerne med dokumenterte resultat
  • erfaring frå undervisning med elevar i grunnskulen
  • nnsikt i nyare forsking og skuleutvikling
  • pedagogisk og administrativ kompetanse
  • kjennskap til aktuelle lovar og avtaleverk

Det er ein fordel om du har:

  • leiarerfaring frå skule eller annan relevant verksemd
  • god forståing for økonomi- og personalforvaltning

Me ser etter deg som:

  • er ein tydeleg, samlande og tillitsskapande leiar
  • har evne til å motivere og rettleie medarbeidara
  • - kommuniserer godt og bygger gode relasjonar med elevar, tilsette og føresette
  • har høg gjennomføringsevne og stå-på-vilje
  • er fleksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden eller sendast ved forespørsel i samband med intervju

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?