Sjukepleiar/vernepleiar 100 % fast stilling ved omsorg og meistring
Arbeidstad: heimetenestene
Oppstart: 06.01.26

Vil du vere med og gje tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet til menneske i eige heim?
Heimetenestene i Kviteseid består av engasjerte og kompetente medarbeidarar som arbeider tett saman for å sikre at brukarane våre får gode og heilskaplege tenester.
Vi søkjer no etter ein sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å bidra med fagleg tryggleik, engasjement og omsorg i ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver:
- Utføre og følgje opp sjukepleie-/vernepleiefaglege oppgåver i heimesjukepleia
- Observere, vurdere og dokumentere endringar i helsetilstand
- Samarbeide tett med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, pårørande og andre instansar
- Rettleie og støtte kollegaer, studentar og helsefagarbeidarar
- Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenestene
- Sikre tryggleik og verdigheit for brukarane
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med erfaring frå heimesjukepleie
- Førarkort klasse B
- Gode digitale ferdigheiter (vi nyttar elektronisk journalsystem)
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Er stødig, trygg og i stand til å stå i krevjande situasjonar
- Har eit varmt engasjement for menneske og ønskjer å gjere ein forskjell
- Trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid, men verdset samarbeid
- Er løysingsorientert, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Eit fagleg sterkt, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar
- God opplæring og oppfølging for nytilsette
- Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning
- Vi er med i regionalt simuleringsnettverk og jobbar aktivt med simulering og kompetanseheving
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sist oppdatert