2.gongs utlysing - sjukepleiar/vernepleiar 180 % fast stilling ved Kviteseid omsorgssenter

home care of old lady

Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag?
Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt?
Då ynskjer me å høyre frå deg!

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stillingar ledig:

Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 100% fast stilling frå d.d

Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 80% fast stilling frå d.d

Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.

KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand. Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag. Me leiar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt viktige lag.

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
  • Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Interesse for faget og utvikling av dette
  • God digital kompetanse
  • Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg
  • Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardagar
  • Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Me kan tilby:

  • Årsturnus
  • Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag og kveld
  • Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved relevant vidareutdanning
  • Fagleg utvikling
  • Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
  • Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?