Helsefagarbeidar 2 x 80 % fast stilling ved Kviteseid omsorgssenter
Helsefagarbeidar, 2 x 80 % fast, ledig frå d.d
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.

KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar fordela på 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. På KOS vil du møte ei variert pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Dei tilsette trivst godt saman, og er ein omsorgsfull og fagleg engasjera gjeng, med fokus på omsorg, trivsel og fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientane.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver:
- Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
- Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege
- Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
- Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Interesse for faget og utvikling av dette
- God digital kompetanse
- Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne jobbe sjølvstendig
- Halde seg fagleg oppdatert
Me kan tilby:
- Årsturnus
- Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved helse- og sosialfagleg grunnutdanning
- Fagleg og personleg utvikling
- Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
- Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Sist oppdatert