Vi treng ein sjukepleiar ved heimetenestene snarast - Vil du jobbe med oss?

Vil du vere med og gje tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet til menneske i eigen heim?
Heimetenestene i Kviteseid består av engasjerte og kompetente medarbeidarar som arbeider tett saman for å sikre at brukarane våre får gode og heilskaplege tenester.
Vi søkjer no etter ein sjukepleiar som ønskjer å bidra med fagleg tryggleik, engasjement og omsorg i ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- · Utføre og følgje opp sjukepleiefaglege oppgåver i heimesjukepleia
- · Observere, vurdere og dokumentere endringar i helsetilstand
- · Samarbeide tett med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, pårørande og andre instansar
- · Rettleie og støtte kollegaer, studentar og helsefagarbeidarar
- · Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenestene
- · Sikre tryggleik og verdigheit for brukarane
Kvalifikasjonar
- · Offentleg godkjend sjukepleiar
- · Ønskeleg med erfaring frå heimesjukepleie
- · Førarkort klasse B
- · Gode digitale ferdigheiter (vi nyttar elektronisk journalsystem)
- · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Sjukepleiestudentar oppfordrast også til å søkje
Vi ser etter deg som:
- · Er stødig, trygg og i stand til å stå i krevjande situasjonar
- · Har eit varmt engasjement for menneske og ønskjer å gjere ein forskjell
- · Trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid, men verdset samarbeid
- · Er løysingsorientert, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- · Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- · Eit fagleg sterkt, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- · Varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar
- · God opplæring og oppfølging for nytilsette
- · Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning
- · Vi er med i regionalt simuleringsnettverk og jobbar aktivt med simulering og kompetanseheving
- · Løn etter gjeldande avtaleverk
- · Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sist oppdatert