Vi treng tilkallingsvikarar i helse - open søknad for heile sektoren

Mange hender holder sammen

HGelsesektoren i Kviteseid har behov for vikarar innafor helsesektor. Søknaden ligg open heile året og søkjarar vil bli kontakt forløpande.

Kviteseid kommune søkjer tilkallingsvikarar i helsesektoren

Kviteseid kommune har behov for engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar til ulike tenester innan helse og omsorg. Stillingane omfattar arbeid ved:

  • Kviteseid omsorgssenter (KOS)
  • Omsorg og meistring – heimetenesta
  • Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar vert nytta ved fråvær og i periodar med ekstra behov, og passar godt for deg som ønskjer verdifull arbeidserfaring, eller som treng ein fleksibel jobb ved sidan av studiar eller anna arbeid.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå arbeidsstad og kompetanse, og kan mellom anna omfatte:

  • Pleie- og omsorgsoppgåver
  • Praktisk bistand og miljøarbeid
  • Oppfølging og støtte til brukarar i kvardagen
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Studentar innan helse- og sosialfag er velkomne til å søkje
  • Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ønskjeleg
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst, påliteleg og omsorgsfull
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du viser respekt og forståing for brukarane sine behov

Me tilbyr

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • God opplæring og rettleiing
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Anna

Søkarar vert kontakta fortløpande

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?