Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut, 80 % fast stilling, tilsetjing frå 20.04.26.

Ved tilrettelagde tenester er følgjande stilling ledig:
Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut, 80 % fast stilling, tilsetjing frå 20.04.26.
Stillinga er for tida i turnus med langvakter kvar 4.helg, 35,5 timar per veke.
Tilrettelagde tenester i Kviteseid består av Lundenjordet bufellesskap med 13 bueiningar og ein avlastningsbustad for born under 18 år, samt Krodokk dagsenter. Me har også personell som er inn å jobbar i avdeling Hommesnipp ved Kviteseid skule og Kviteseid barnehage. Me ynskjer nå å få med ein til på laget som kan bidra inn på alle område innanfor tilrettelagde tenester.
Arbeidsoppgåver:
- Fremje målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål
- Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag
- Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
- Samarbeid, rettleiiing og opplæring av andre tilsette
- Koordinator for ein eller fleire brukerar
- Legemiddelhandtering
- Pårørandesamarbeid
- Lov om kommunale helse- og omsorgstenester kap. 9
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, søkjerar med anna helse- og sosialfagleg utdanning er også velkomen til å søkje
- Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, gjerne born
- God digital kompetanse
- Førarkort kl. B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
- Halde seg fagleg oppdatert
- Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- God rollemodell
- Glad i aktivitet og kreativitet
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Stor arbeidskapasitet
- Vere oppteken av å sjå gode løysingar, med hovudfokus på brukaren sine behov
Vi tilbyr:
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Spanande og omfattande faglege utfordringar
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldande avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn tre månader.
Helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar er også velkomene til å søkje på stillinga.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Sist oppdatert