Miljøterapeut/miljøarbeider inntil 60 % vikariat med moglegheit for fast stilling.

Kviteseid skule, Kviteseid barnehage og eining for funksjonshemma har oppretta eit team rundt born med særskilde behov i barnehage- og skulealder. Arbeidsstad vil vera hovudsakleg på skulen og i barnehagen. For tida er stillinga 37,5 t/v og arbeid på dagtid.
Stillinga vil kunne endre seg etter behova til borna. Slik at det vil kunne bli endring til turnus med arbeid 4. kvar helg i avlastningsbustad dersom nokon av borna treng dette.
Arbeidsoppgåver:
- Deltaking i den daglege aktiviteten rundt borna. Det vil blant anna seie stell, mating,aktivisering og kommunikasjonsutvikling.
- Utarbeide, følgje opp og evaluere arbeidet med ulike planar, særleg plan for det spesialpedagogiske arbeidet, IOP og individuell plan.
- Samarbeid med heimane
- Ansvarleg koordinator for ein eller fleire av borna
- Samarbeid med einingsleiarar ved Kviteseid barnehage, Kviteseid skule og eining for funksjonshemma.
- Det forventast, utover dette, at du utfører dei oppgåver som naturlig vil kunne falle inn under stillinga.
- Dersom nokre av borna blir fråverande av ulike orsakar kan du måtte rekne med å bli sett til andre arbeidsoppgåver i skule og barnehagen.
Kvalifikasjonar:
- Vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, sjukepleiar, barnevernspedagog,
barnehagelærar, spesialpedagog, helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. - Ynskje om erfaring frå arbeid med born med særskilde behov og/eller menneske med utviklingshemming
- Kjennskap til Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
Personlege eigenskapar:
- Du er fagleg engasjert, positiv og set brukaren i sentrum, også i krevjande situasjonar.
- Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert, fleksibel og ein god
samarbeidspartnar. - Du er tålmodig og trygg i møte med borna.
- Du likar å være aktiv både inne og ute i all slags vær.
- Du har god norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne.
- God datakunnskap.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar.
- Spanande og variert arbeid.
- Lønn etter gjeldande avtale.
- Godt arbeidsmiljø.
Søkjarar med anna relevant utdanning er også velkomen til å søkje.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Sist oppdatert