TILKALLINGSVIKAR MILJØTERAPEUT/MILJØARBEIDAR på Kviteseid Skule.

Kviteseid skule, Kviteseid barnehage og eining for funksjonshemma har oppretta eit
team rundt born med særskilde behov i barnehage- og skulealder. Arbeidsstad vil
vera hovudsakleg på skulen og i barnehagen.
Arbeidsoppgåver:
• Deltaking i den daglege aktiviteten rundt borna. Det vil blant anna seie deltakelse i
skule/barnehage, stell, mating og kommunikasjonsutvikling.
• Samarbeid med heimane.
• Samarbeid med einingsleiarar ved Kviteseid barnehage, Kviteseid skule og eining for
funksjonshemma.
• Det forventast, utover dette, at du utfører dei oppgåver som naturlig vil kunne falle inn
under stillinga.
Kvalifikasjonar:
• Ynskje om erfaring frå arbeid med born med særskilde behov og/eller menneske med
utviklingshemming.
• Kjennskap til Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel, men ikkje
eit absolutt krav.
Personlege eigenskapar:
• Du er fagleg engasjert, positiv og set brukaren i sentrum, også i krevjande
situasjonar.
• Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert, fleksibel og ein god samarbeidspartnar.
• Du er tålmodig og trygg i møte med borna.
• Du likar å være aktiv både inne og ute i all slags vær.- Du har god norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar.
• Spanande og variert arbeid.
• Lønn etter gjeldande avtale.
• Godt arbeidsmiljø.
Søkjarar med anna relevant utdanning er også velkomen til å søkje.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Sist oppdatert