LEDIGE TILKALLINGSVIKAR I BARNEHAGE OG SKULE I KVITESEID KOMMUNE

Barn som jobbar saman

Vi i Kviteseid kommune søkjer engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar innan oppvekstsektoren.

Me har behov for vikarar ved barnehage og skule ved fråvær, permisjonar og i periodar med ekstra behov. Dette gjeld både kortvarige og lengre vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet i barnehage/skule
  • Følgje opp og rettleie barn og elevar fagleg og sosialt
  • Skape trygge, inkluderande og gode lærings
  • miljø
  • Samarbeide med kollegaer og føresette

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan oppvekstfag er ønskjeleg (barne- og ungdomsarbeidar, fagarbeidar, lærarstudent, pedagog m.m.)
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, tydeleg og omsorgsfull
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Du å jobbe med menneskjer

Me tilbyr

  • Meiningsfullt arbeid med barn og unge
  • Moglegheit til å delta i kompetansehevande tiltak
  • Relevant erfaring til vidare studier
  • Varierte arbeidsdagar på fleir einingar
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Søkjarar vil bli kontakt fortlaupande i prosessen.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?