LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON ved barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar?
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling.
Vi har ledig 100 % vikariat som kontaktperson frå dags dato til 31.08.2027.
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane.
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar hjå oss i Kviteseid.
Sist oppdatert