Kontaktperson

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar?
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape
positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og
løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på
fl eksibilitet, samhald og fagleg utvikling.

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord,
Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og
tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane.

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar hjå oss i Kviteseid.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?