Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark og har knapt 2 500 innbyggjarar. Kommunen har flott natur og eit allsidig turisttilbod, både sommar og vinter. I tillegg til eit aktivt jordbruk er det ulike former for næringsverksemd, mellom anna med over 50 kompetansearbeidsplassar i Vest-Telemark næringspark. Kommunen legg til rette for bustadbygging og næringsutvikling. Kommunen har to oppvekstsenter, idrettshall og kunstgrasbane. Kommuneadministrasjonen held til i Kviteseidbyen.

Det er golfbane, skisenter og klatrefelt i kommunen og me har ei rekke lag og organisasjonar for fritidstilbod og engasjement for den som ynskjer dette. Det blir arrangert fleire festivalar og marknadar gjennom året, både for born og vaksne.

 

Me søkjer no entusiastisk og ivrig rekneskapsførar i 100% fast stilling

 

Stillinga ligg rett under økonomisjef og du blir ein del av eit godt team.

 

Kva vil dine arbeidsoppgåver vere?

Som rekneskapansvarleg vil du ha ansvaret for rekneskapet til Kviteseid kommune. Du vil jobba sjølvstendig med alt frå A til Å, inkludert kontroll og oppfølging av utlegg, attestasjonar og tilskot. Andre viktige oppgåver vil vere registrering, kontroll og kvalitetssikring av rekneskaptransaksjonar, remittering og utbetaling, avstemming og internkontroll, gjennomføring av årsavslutning, og i tillegg fagleg rettleiing av leiarar og tilsette. Du vil bidra til å utarbeide gode rutinar og effektive arbeidsmetodar, og også utføre andre ad-hoc oppgåver innanfor rekneskapsområdet.

 

Kva ynskjer me av kvalifikasjonar?

· Økonomisk utdanning på minimum bachelornivå, relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

· Regnskapserfaring frå A til Å, gjerne frå kommunal verksemd

· God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet, særleg frå offentleg forvaltning

· God IT- og systemforståing

 

Kva type personlege eigenskapar vil me ha med på laget vårt?

Me ser etter deg som er sjølvstendig og uredd. Me ser etter deg som er god på menneskelege relasjonar. Me ser etter deg som likar fageleg utfordringar og som klarar å leite deg fram til svar på eigenhand. Me ser etter deg som forstår viktigheita av tidsfristar og som har høg arbeidskapasitet. Me ser etter deg som har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Me ser etter deg som har eit raust menneskesyn og som bidrar sosialt på arbeidsplassen.

 

Me tilbyr:

· Ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsoppgåver

· Eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone

· Ein jobb med gode moglegheiter for kompetanseutvikling

· Konkurransedyktig løn

· Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

· Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad

 

Kommunen brukar nynorsk som språk.

Du må kunne visa fram ny politiattest før tilsetjing. 

Du kan søkja stillinga ved å fylgja denne linken: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)

 

Kan dette vere noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt.

Du kan ringja økonomisjef Tore Åsland, mobil: 95 72 33 48.

 

Søkjefrist: 2. juni 2024