LEDIG STILLING
Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stilling ledig:
Miljøarbeidar/miljøassistent/vernepleiarstudent, 21,8 % fast helgestilling, tilsetjing snarast råd.
Stillinga er 35,5 t/v med arbeid kvar 4.helg med langvakter laurdag og sondag + kortvakt fredag i bustad for menneske med utviklingshemming.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Yte bistand til kvar einskild ut i frå behov og vedtak
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som fagarbeidar. Vernepleiar-/sjukepleiarstudentar og assistentar er også velkommene til å søkje.
- Anna relevant utdanning/vidareutdanning ift menneske med utviklingshemming
- Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- Gode IKT – kunnskapar
- Interesse for faget og utvikling av dette
- Søkjar bør ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
- Evne til målretta og sjølvstendig arbeid
- Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
- Engasjert, løysingsorientert og fleksibel
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til einingsleiar Unni E. Øygarden på tlf. 350 68 161 eller 902 51 683
Søknadsfrist: 11.06.23