Saka gjeld fylgjande namn:
Grønødd, namn på nes. Skrivemåten Grønødd er henta frå økonomisk kartverk frå 1980.
For fleire opplysningar om namnet, sjå innsynsløysinga vår for Sentralt stadnamnregister SSR: www.norgeskart.no/ssr/.
Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed me om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.
Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vera retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova. Kommunen må difor ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når de skal gjere vedtak.
Uttale kan sendast til postmottak@nisssedal.kommune.no eller Nissedal kommune, Plankontoret, Treugvegen 398, 3855 Treungen.
Frist for høyringssvar vil vere 22.10.2024
Brev frå kartverket - Oppstart av namnesak 2024/229 - Grønødd i Kviteseid kommune