Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan  for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.

Målgruppe
Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.

Vilkår

  • Det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
  • Nydyrkingstiltaket bør leggje til rette for driftsmessige gode løysingar

Dersom nydyrkingsarealet er over 50 dekar (eit vedlegg II-tiltak), skal kommunen behandle tiltaket etter forskrift om konsekvensutredninger for tiltak etter sektorlover § 3. Også mindre tiltak (under 50 dekar) skal bli behanda etter § 3 dersom det kan vere ein risiko for at tiltaket kan få verknader for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn.

Partnarar
Landbruksdirektoratet

Lovar og retningsliner
Sjå spesielt jordlova § 11 Drift av jordbruksareal, nydyrking og driftsvegar

Jordlova
Forskrift om konsekvensutredninger
Forskrift om nydyrking

Søknadsprosessen

Skjema SLF-160 ?? Sjekk denne!

Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekkdet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.