Vil du kurse deg i kvardagsglede?
Forlenga påmeldingsfrist til 08.04.2025.
Er du glad kvar dag? Fortvil ikkje! No kan du ta kurs i Kvardagsglede.

Kvardagsglede er eit evidensbasert kurs basert rundt dei fem viktigaste aktivitetane som kan bidra til å fremje god psykisk helse og gje deg ei betre livskvalitet. Fem kursdagar og kvar økt varar i ca. 2 timar.
Kvardagsglede er utvikla av Rådet for psykisk helse.
Kurset er eit samarbeid mellom Rask psykisk helsehjelp Vest - Telemark og Kviteseid kommune og haldas av
Toril Aasmundstad og Elise Foldøy.
Kurset er i denne omgang eit tilbod til deg over 60 år,
som er busett i Vest-Telemark.
Meld deg på og få eit løft
Du er velkommen til å ta kontakt på telefon eller e-post for påmelding eller spørsmål.
Det er plass til 15 personar på kurset, så her er det første mann/kvinne til mølla!
Kurset er gratis.
Sist oppdatert