Lurer du på dine jobbmoglegheiter eller utdanningstilbod?
Du er velkomen til å tinge deg time for rettleiing på Karrieresenter Telemark!

Karrieresenter Telemark tilbyr gratis karriererettleiing for alle innbyggarar i Telemark fylke over 19 år. Det er eit tilbod for deg og alle andre som lurar på noko knytta til val av utdanning eller arbeid. Det kan gjelde val av studie, ynskje om ny jobb og behov for å forstå eigen kompetanse i samband med jobbsøking. Kanskje har du funderingar på om du skal ta etter- eller vidareutdanning eller at du har jobba mange år i same jobben, men enno ikkje fått formell kompetanse? Kanskje må du av ein eller annan grunn finne nye karrierevegar og undrar korleis du skal kome deg vidare?
Vi har fysisk kontor i Seljord og Skien. Du kan tinge time med fysisk oppmøte på våre lokasjonar eller digitalt på video eller telefon.
Gå til heimesida og klikk ‘bestill time’ – sjå på bilde under – eller gå til nettlesar og finn Karrieresenter Telemark Timebestilling
Om du vil lese meir om kva du kan få ut av karriererettleiing, finne ut meir om å søke jobb, forebue deg på jobbsamtale eller samansette ein fantastisk CV – gå til Karrieresenter Telemark Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert