Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Varsel om rullering av handlingsdelen til klimaplanen for Vest-Telemark

Vest-Telemarkrådet vedtok i rådsmøte 04.02.25, sak 04/25, å starte opp arbeidet med å rullere handlingsdelen til klimaplanen for Vest-Telemark. Klimaforum i Vest-Telemark med representantar frå kommunane varslar med dette om oppstart av planarbeid i medhald av plan- og bygningslova § 11-12. Målet med rulleringa er å prioritere og redusere talet på tiltak, slå saman liknande tiltak, presisere og prioritere eksisterande og nye tiltak og vurdere nye tiltak etter ny kunnskap.

Hovuddokumentet for klimaplanen for Vest-Telemark og satsingsområda skal ikkje rullerast i denne prosessen.

Klimaplanen og handlingsdelen ligg tilgjengeleg på www.vest-telemark.no Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?