22 mai 2025 - seniorseminar

Me inviterar DEG over 60 til seniordag.

Kan ein planlegge for ein god alderdom? Kvar og korleis ynskjer du å bu? Korleis kan du ha god brannsikring i heimen din og være beredd ved krisesituasjonar? Kva er fremtidsfullmakt og korleis lages den? Dette er nokre av tema vi ynskjer å belyse på Kviteseid kommunes fyrste seniorseminar.

DU er hjarteleg velkommen til ein dag med interessante og nyttige innlegg. Det kjem til å være ulike aktørar med stands der du kan får informasjon om kva tilbod dei har. Her nemnast blant anna LHL, Sanitetslaget, Kviteseid Frivilligsentral, Diakoniutvalet og kommunens ulike helsetilbod.

Det blir kiosk og mogleg å kjøpe middag for dei som er med på seniorseminaret. Kaffi og kake i pausane.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?