Åpent brev til foreldre og føresette frå SLT-koordinator

Fire ungdommar som ligg på graset

Kviteseid kommune skal vere ein trygg kommune for alle barn og unge.

Her i Kviteseid er vi mange som jobbar saman for barna og ungdomane dykkar. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid gjennom SLT-modellen – samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Og i den samanhengen ønskjer vi å gjere dykk foreldre merksame på nokre tendensar vi ser i kommunen:

  • Auka uro knytt til kjøp/sal av vape/damprøyk
    Det er i stor grad nikotinhaldige produkt som vert omsett, mellom anna via Snapchat. Vi har sett at stadig yngre skaffar seg vape, særleg på ungdomsskulen – men òg elevar på barneskulen. Det er 18-års aldersgrense på desse produkta, og det er ulovleg å distribuere dei utanom godkjende utsalsstader.
  • Kjøp/sal/bruk av andre rusmiddel
    Vi er framleis uroa over at fleire unge prøver ut rusmiddel, særleg alkohol, ofte i festrelaterte situasjonar. Sal og kjøp skjer gjerne via appar som Snapchat, Jodel og Telegram. Men me ser også at eldre ungdommar og vaksne langar alkohol til yngre.

De som foreldre er dei viktigaste personane i barna og ungdomane sine liv – og de er våre viktigaste samarbeidspartnarar.

Vi ønskjer difor å gi dykk nokre konkrete oppmodingar:

  1. Det ligg kjærleik i å setje grenser

Bli einige om tydelege innetider, og snakk om kvar det er greitt å vere og henge. Lag klare avtalar.

  1. Snakk med barna/ungdomane – vis interesse

Kven er dei saman med? Kvar oppheld dei seg? Kva gjer dei? Ver ein forelder som bryr seg og spør.

  1. Engasjer deg i den digitale kvardagen deira

Mykje av det sosiale livet skjer digitalt. For dei yngste: sett grenser for telefonbruk på kvelds- og nattestid. Spør kva som skjer på Snapchat, kva appar dei brukar, kva dei snakkar om, og med kven. Kva trendar ser dei på TikTok? Be dei vise deg – og snakk saman om det. Hugs at dei fleste appar har 13-års aldersgrense av ei god grunn.

  1. Ver tilgjengeleg og «kjørbar»

Sørg for at du er tilgjengeleg på telefon når barnet ditt er ute, og at du – eller nokon du stolar på – kan hente om noko skulle skje. Lag avtale om at barnet gir beskjed viss det går ein annan stad. Vurder å bruke Snap Map for å kunne vite kvar dei er om naudsynt.

  1. Oppmod om å melde frå

Vi opplever at mange ungdommar kvier seg for å melde frå til politi eller vaksne når dei opplever negative hendingar – som truslar, vald, ran eller ransforsøk – i frykt for hemn. Som vaksne må vi støtte og trygge barna i å seie frå. Det finst hjelp å få, og tryggleiken deira vil bli ivareteken.

Med vennleg helsing

John Gramstad - SLT- koordinator

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?