ALLEMED-2025 - Hold av datoen!
.png)
Er vi sikre på at alle barn og unge i Kviteseid, som ønskjer det, får moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar?
Har vi det tilbodet barn og unge ønskjer seg?
Korleis kan vi saman jobbe for dette?
Vi inviterer til ein tverrfagleg dugnad 16. oktober 2025 der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, medvit og finne løysingar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar. ALLEMED er eit gratis verktøy utvikla for å auke medvit om fattigdom og utanforskap blant barn og unge, og for å sikre inkluderande arbeid for å få alle med.
Som kommune er det vi som møter barna og familiar, og som kan oppdage barrierer for deltaking og bygge bruer inn i fritidsaktivitetar. Ved å jobbe saman på tvers av fag og sektorar, kan vi fellesskap sikre at alle barn får oppfyld si rett til leik og fritid.
Med deg på allereie no! Trykk her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert