Dei trygge vaksne – Oppsøkande team i Vest-Telemark

Disse vaksne kan du møte under Victoriafestivalen og andre store arrangement i Vest-Telemark.

Dei vaksne i oppsøkande team

På store arrangement som Tokke-pride, Victoriafestivalen, Dalsmarken, Countryfestivalen og Dyrskuen finn du ikkje berre musikk og fest, men også trygge vaksne som er der for ungdomane.

Det oppsøkande teamet består av representantar frå SLT-samarbeidet, ungdomsarbeidarar, ruskonsulentar og barneverntenesta. Mange kjenner ungdommane frå før og er til stades for å skape tryggleik og vere ein støtte ved behov.

Teamet er ikkje ute etter å kontrollere, men er synlege og førebyggjande. Dei har ikkje mynde til å beslagleggje alkohol eller bortvise folk – dette ansvaret ligg hos politi og vaktselskap.

Gjennom samarbeid med naudetatar og arrangørar er dei alltid klare til å hjelpe vidare ved behov.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?