Klimaplan for Vest-Telemark - høyring og offentleg ettersyn
Handlingsplan til klimaplanen i Vest-Telemark skal rullerast, og Klimaforum i Vest-Telemark opnar for innspel til revidert handlingsplan i høyringsperioden fram til 19. september.

Illustrasjon: Adobe Firefly. Ki-generert
Bakgrunn
Vest-Telemarkrådet vedtok i rådsmøte 4. februar 2025 å starte opp arbeidet med ein mindre rullering av handlingsplan til klimaplanen for Vest-Telemark. Klimaforum i Vest-Telemark med representantar frå kommunane, legg med dette revidert handlingsplanen på høyring og offentleg ettersyn.
Målet med rulleringa er å prioritere og redusere talet på tiltak, slå saman liknande tiltak, presisere og prioritere eksisterande og vurdere nye tiltak etter ny kunnskap.
Hovuddokumentet for klimaplanen for Vest-Telemark og satsingsområda skal ikkje rullerast i denne prosessen!
Kom med innspel
Har du innspel til handlingsplanen,
kan du sende det på e-post til klimaforumet ved
anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no innan 19.09.2025.
Merk innspelet Rullering av handlingsplan for klimaplanen for Vest-Telemark.
Dokument
Handlingsplan for klimaplan (PDF) Lenke til et annet nettsted.
Klimaplan for Vest-Telemark (PDF) Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert