Hei alle nybakte foreldre i Kviteseid

Har du fått born for fyrste gong eller kanskje nummer 5 i rekka?

Kommunedirektøren har hekla tepper til dei nyfødde i Kviteseid og ordføraren har skrive brev til bornet.

Me ynskjer å overrekke dette til dykk personleg, bare i døra, ikkje på besøk.

Ynskjer de å taka imot gåva send ein sms til 995 35 719, så avtalar me tid som passar.

Les du dette og kjenner nokon som har fått born, tips dei gjerne om at me vil gje dei denne gåva.

Beste helsing

Laila, kommunedirektør

og

Tarjei, ordførar

Babytepper 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?