Førehandsrøystinga starter mandag 11. august!

Frå 11. august til og med 5. september kan du førehandsrøyste. I denne perioden kan du røyste i vallokale over heile landet.

 

Bilde av ei røysteurne med hand

Du vel sjølv om du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen. Men du kan berre røyste ein gong. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen.

Førehandsrøysting i Kviteseid kommune

Du kan førehandsrøysting på kommunehuset, måndag til fredag frå 11. august til og med 29. august, mellom klokka 09.00 - 14.00.

Røyste heime:

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan røyste i eit vallokale, så kan du søke om å få førehandsrøyste heime eller der du oppheld deg. Om du bur på ein institusjon der det blir arrangert førehandsrøysting, treng du ikkje å søkje.

Fristen for å søke om heimerøysting er torsdag 4. september 2025 kl. 12.00.

Du må gjera avtale om heimerøysting:
Ring Kviteseid kommune på telefon 35 06 81 00, send e-post til post@kviteseid.kommune.no.

Legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjonen må ha navn, fødselsdato og bilete. Om røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?